Har du nokon gong kjent deg som ein monstermamma?
Eg gjer det stadig vekk. Og det er eigentleg litt trist, for det er jo ikkje slik eg vil vere!
Helst vil eg ha umåteleg mengder meg energi til å gjere supermykje kjekt med både liten og stor;
lese bøker, leike på golvet, spele spel, kose, synge, bake, trille...og stort sett med eit smil om munnen og all verdens tid og ikkje noko stress. Men korleis skal eg få det til? Ja, eg har jo tenkt ut nokre svar sjølv, som for eksempel å sørge for nok søvn, trening og ei positiv innstilling til at det ikkje er noko stress...Men halloo! -eg legg meg for seint, står opp for tidleg, og i mellomtida ammar eg altfor mange gongar. Eg trenar, men altfor lite og sjeldan i frisk luft. Og eg stressar. Sånn er det berre.
Så lurer du kanskje på kva desse bilda har med saka å gjere? Hehe..jo, i går var ein sånn monsterettermiddag. Sjølv om eg prøvde å la vere... Eg håpar Storesøster syns det gjekk greit, likevel!
Ho syns nemleg det var for gale at eg ikkje skulle få kake på bursdagen min, men den dagen var jo så hektisk at kakebaking var uaktuelt. Dermed lova eg at vi skulle bake muffins på tirsdag, før barne-tv. Storsøster fann nemleg noko på ein butikk, som vi berre måtte ha, og som ho har behandla som ein skatt. Dette kjem eg tilbake til om litt.. Men i alle fall, etter middagen i går var ho klar til baking, men Lillebror var utolmodig og svolten, og eg trengte ein bitteliten ettermiddagspause. Det var berre det at Lillebror ikkje hadde tenkt å gi seg med sutringa og skrikinga si, og eg vart meir og meir utolmodig. Så då kjem det vanskelege valget, det som eg lett slapp unna før med berre eitt barn: Kven skal eg skuffe? Storesøster eller Lillebror? Det vart jo etterkvart tydeleg at ikkje begge kunne få det som dei ville... Og som de der av bildet, så fekk vi baka muffins. Med ein hylande Lillebror i vippestolen, ei mamma som stressa og masa og var irritert for at Storesøster søla sukker på benken, og redd for at ho skulle miste egga i golvet, og sur fordi Lillebror hylte og hylte..
Stakkars, store, flinke, skjønne, gode jenta mi! Ho gjorde alt ho kunne for å blidgjere mammaen sin.
Henta seg ein stol, vaska hendene, fann fram mjøl og bakebollar og muffinsformer.
Åh, så viktig det er å fortelle ho at eg sett pris på det!!
Til slutt vart muffinsane pynta, Lillebror sov ein altfor sein dupp, og vi kunne kose oss.
Berre eg og Storesøster. Så deilig!
Og eg var heile tida bevisst - no er eg ein monstermamma!
No Guro, no gjer du det bra..nei, ikkje slik Guro!
Haha - ikkje berre Storesøster som får korreks, altså! ;)
Muffinsane vart pynta med rosa glasur, og på toppen kom dette fantastiske sukkeret. Det er rett og slett vanleg sukker, som det er tørka jordbær og blåbær og slikt oppi. Det luktar heilt nyyydeleg!
Vi kjøpte det forresten på ein herleg favorittbutikk her i byen:
Ønskar alle monstermammaer,
monsterkjærestar og monstersøstre
ein fin og glad dag!