Viser innlegg med etiketten til salgs. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten til salgs. Vis alle innlegg

onsdag 12. juni 2013

Rekkehus til salgs!

Alle foto: Aktiv Eiendomsmegling
Slik ser huset vårt ut på framsida av Finn.no i dag. Det er til salgs!! 
Det er heilt sprøtt og veldig spennande og frykteleg vemodig... Vi stortrivast jo her! Og særleg når det no er så ryddig og romslig, så er det jo veldig rart å skulle flytte. Men det skal jammen bli godt med enno fleire kvadratmeter å boltre seg på. ;)

Dette er rett og slett grunnen til at det vart enda ei bloggpause. Vi har rydda og mala og flikka og rydda og tømt og fiksa og rydda litt til.... Det er utruleg tidkrevande å skulle selge hus! Aktiv Eiendomsmegling har boligstylist med i pakken, og ho var innom eit par veker før fotografen. Det er kjekt å få innspel av nokon som veit kva som skal til for å selge, men vanskeleg å ikkje skulle sette personleg preg på huset sitt. Det klarte eg nok rett og slett ikkje, sjølv om eg delvis prøvde det... Men resultatet er vi i alle fall fornøgde med, og så håpar vi at mange andre også likar det, og at det blir kamp om å få bu her! Eg kan i alle fall varmt anbefale det!! :)

Det nærmar seg visning, og annonsa er nettopp lagt ut her. Eg kjem nok kanskje til å legge ut nokre fleire bilder på bloggen også, og kanskje tar eg meg ei runde med kameraet før kjøparane strøymer på...? ;) Dette er jo ingen interiørblogg, og kjem nok ikkje til å bli det heller, men her er mange detaljar eg gjerne vil vise fram. Til glede og inspirasjon, sjølvsagt. :) Noko du er nysgjerrig på?

Ha ein fin onsdag!

mandag 29. april 2013

Ei fryd for sansane

Nytt og fint i Eplabutikken min!
Fryda meg stort over funnet av sju ferdigmonterte sanseputer i ei fin eske på sybordet mitt. Desse satt eg med ein sein kveld i adventstida, men ga opp å få dei ferdige til julemarknad. Så låg dei der berre, fine og fargerike, og venta på at eg skulle finne dei att. Eg sydde dei saman, fyllte dei med vatt, ei lita bjelle og bittelitt lavendel, og så var dei klare for butikken. No ventar dei berre på at ivrige babyhender skal uforske dei; plukke, lukte, føle, smake, sjå og høyre. Verkeleg frydefullt!

Ha ei fortreffeleg veke!

mandag 27. august 2012

Ta den ring og la den vandre...

Det er så kjekt å sjå at så mange kjem innom bloggen min! Stas å sjå at besøkstala stig når det kjem innlegg, men eg er også audmjuk og glad for at så mange er innom i stille periodar også. :) Håpar det er verdt ventinga på nye innlegg... ;) Tusen takk, i alle fall!

Vil vise fram litt frå Eplabutikken min i dag. Men aller først ser de bilde av ein konvolutt med det nye, fine stempelet mitt på. Eg likar det så godt! :) For når ein driv butikk må ein jo ha eit stempel, som kan brukast både til å lage visittkort og på for eksempel konvoluttar, som her... Eg har også eit med navn og adresse på, men det må eg dyppe i ei stempelpute, og det er jo faktisk hakket meir dillete. Og eg likar det enkelt! Jøje meg, eg har jo uansett tusen ting, og syns faktisk det er utruleg praktisk at eg berre treng ein av dei for å stemple. ;) Stempelet har eg kjøpt her, og servicen var super!

Ny ring på fingeren? Eg vart veldig fornøgd med desse, og får mange fine kommentarar på den eg stadig går med. Litt annleis og veldig fin! Det kjem nok øyredobbar i samme stilen også etterkvart. 

No freistar sofakroken, og det blir nok utan handarbeid i hendene. Eg har akkurat vore innom Pickles og bestilt nokre garnpakkar, for ungane skal få fine nye vimpelgensrar før vinteren kjem, så det er nok berre å sette i gang snart! ;) Her i Trondheim har verkeleg hausten komt, og lufta er klar og lys og skarp og frisk. Eg likar hausten! Håpar det er haust leeenge enno! :)

Ønskar deg ein strålande mandagskveld!

lørdag 2. juni 2012

Action hos Finn





Her vart det fart! :) Eg har laga annonse på Finn.no, for å selge unna pent brukte klede. Og jammen var det mange som var interesserte! Moro! Du kan finne den her, om du vil. Trur jammen eg må finne fram meir og selge unna, for vi har jo ikkje bruk for det lenger... Her i huset sorterast kleda i fleire omgangar, i mange bunkar, og med mykje fram og tilbake. Fretex? Nokon som vil arve? Selge? Samle på? Unisex? Sesong? Må reparerast? Joda, eg har nok å halde på med, om eg vil... ;)

Ha ein strålande laurdag!


lørdag 22. oktober 2011

Tusen, tusen takk for all den fine responsen i går! Det strøyma på med meldingar i mange kanalar, og eg er så glad! Det er jo spennande å brette ut heimen sin på denne måten, men tilbakemeldingane så langt har gjort meg veldig fornøgd med at eg gjorde det. :) Det var nokre småfeil i teksten, men ikkje noko eg bryr meg om. Det er likevel nokre som har spurt, så eg seier berre: joda, vi er framleis gift, men dette er nok ingen interiørblogg og du blir faktisk litt ekstra snill her hos meg! ;)

Nye epleklokker er på veg ut i butikken i løpet av dagen!
Både raude og grøne epler! :)

Ha ein fortreffeleg laurdag!

torsdag 20. oktober 2011

Nye sanseputer!

Hurra, no er nye sanseputer på veg inn i Eplabutikken min igjen! :)
Produksjonen går litt i rykk og napp, men eg storkosar meg med dette! Eg brukar både gamle og nye stoff, nokre strykemerker og mange ulike band. Sanseputene er fyllt med vatt, og når barnet leiker med den kling det forsiktig i ei lita bjelle. Tanken er at desse putene skal vere stimulerande for barnet, og difor brukar eg kontrastar og materiale med ulike teksturar. Når barnet er i 5-6 månaders alder og oppover er sanseputa kjempepopulær, både å ta på, fikle med, sjå på og smake på. :)
Håpar du har ein deilig dag!

mandag 20. juni 2011

Eit kupp!

No er det SOMMARSALG på Epla!
Besøk butikken min her!

Alle ringar er sett ned med 30% 
og utvalde hårspenner er sett ned med 50%
Løp og kjøp! ;)
Eg har forresten også gjort eit kupp i dag... På ein liten runde for å gjere nokre små ærend måtte eg innom Stoff og stil for å handle nokre bjeller. Mykje bilar på parkeringsplassen og eit stort gult skilt utanfor butikken. Hurra - salget begynte i dag! Oioioi...for første gong fann eg superfine stoff på salget der! Eg gjekk rundt i butikken med handlevogn og barnevogn, og med Lillebror på armen, for han vart fort lei av å vere der. Litt av ditt og litt av datt, litt til meg sjølv, litt til andre, litt rosa, litt blått, litt tjukt og litt tynt... Eg må jo ha litt å velge mellom! - som om eg ikkje har noko frå før..! Så då vart det plutseleg sånn cirka 15 meter til med stoff i samlinga. Og eg har ikkje ein gong symaskin no! Sylysta er ekstrem, kreativiteten sprudlar, idèane er uendeleg mange, kveldane er lange og lyse og nesten alt ligg til rette for å få produsert både til liten og stor. Eg har til og med ein slags plan om å få lånt meg ei maskin i morgon, men vi får sjå... Det store, flotte sybordet vi hadde midlertidig plassert i stova har flytta ut i hagen, og har fått eit fint strøk maling i dag. Men vi har jo framleis kjøkkenbord! ;) På tide å putte skattane i vaskemaskina? Tørkevèret er jo upåklageleg i dag, med strålande sol og sterk vind! Kva brukar du dei lyse kveldane til?

Ønskar deg ei kreativ veke!

tirsdag 24. mai 2011

Eplefin!

Tusen takk 
for mange gode Paristips!
Gler meg masse til tur, og håpar tida der vil vere GOD!

No i kveld har eg lagt ut desse to knallfine epleklokkene på Eplabutikken min,
og om du kastar deg over dei i løpet av kvelden kan eg garantere at dei går i posten i morgon!

Dessutan leeeengtar eg etter å sy litt igjen, og har fleire prosjekt oppklipt allerede.
Men Lillebror vil ikkje sove verken om natta eller dagen for tida, så energinivået er litt labert..
Gler meg til å ladast opp den kommande veka, både her og der! Skal mykje kjekt! :)

Kryssar fingrane for at askeskyene blæs bort eller fell ned,
at sola skal kikke fram og humøret vere på topp!

Håpar du har det godt der du er!

fredag 20. mai 2011

Fantastisk babyseng!

I dag blir det rein reklame på bloggen min... Men du må berre sjå dette! ;)
No skal vi altså selge denne superduperfantastiske babysenga, som vi har hatt hengande på soverommet og rundt om i andre soverom vi har overnatta i det siste halve året. Den er rett og slett heilt genial, både for mor, far og ikkje minst for babyen. Han har lagt så lunt og godt og deilig i den senga, og han har elska å bli gynga, både opp og ned og fram og tilbake, og gjerne i kjempefart...! Sovemedisin! ;)

Kjenner du til konseptet? Du kan sjå nærmare på Sovgunga/Mawok her!
Eller er du blant dei syglade, flinke mødrene/tantene? Kanskje du vil la deg inspirere av å sjå 
kva herlege, flinke, danske Rappedikke har gjort? Hennar Sansevugge kan du sjå her.
Eg fann ein krok i taket på verandaen, og fekk i hui og hast knipsa dette bildet i regnvèret. 
Men du ser kanskje korleis den er? Mmmmm...deilig! 
No ligg den ute på Finn.no til 650 kroner. Eit kupp! ;)
Du kan finne annonsa her!
Heimestrikka ullbukser er også til salgs. Eg har vist dei i dette innlegget tidligare, og eg er framleis fornøgd med arbeidet, altså.. Når det gjeld tøybleiebruken er vi no back in business, etter nokre månader med fulle bleiedunkar og stadige turar til butikken etter fleire bleier... Kanskje blir det færre bleieskift no når det kjem anna mat i magen? Vi gir det i alle fall ein ny sjanse! :) Men akkurat desse bleiene og ullbuksene har han vokse ut av, og det er jo berre såvidt brukt! Håpar nokon andre vil ha dei! Tøybleiene er TotsBots Bamboozle str.1, og dei treng sperrelag. Så då passar jo desse saman som fot i hose, hånd i hanske eller tøybleie i lanolinullbukse..! Og prisen? To dagbukser og ei nattbukse i lanolinull str 1-4 mnd for 275 kr, 
og fire tøybleier (trur vi berre prøvde to av dei, nypris ca 640 kr) selgast for 240 kr. :)

Det er deilig å vere i gang med blogginga igjen!
Og eg kikkar innom dykk, sjølv om eg er lite flink til å skrive helsing..

Ha ein fin dag!

torsdag 28. april 2011

Nye hårspenner

Eg har jo kosa meg med litt småpusling også i påska, og då vart desse spennene laga.
Du finn dei i Eplabutikken min HER!

Og om du berre vil sjå det som er nytt, må du klikke på den kategorien på venstresida.
Det er jammen gøy å drive butikk, men det er også mykje arbeid som ligg bak!
Ikkje berre skal eg lage det eg skal selge, men det skal også fotograferast, redigerast og leggast ut i butikken. Dette tar jo nesten like lang tid som sjølve den kreative prosessen, og er langt ifra like morsomt..
Men no er det mange som har butikk på Epla, og du kan finne sååå mykje fint!
Ja, og ganske mykje som ikkje er særleg fint heller... ;)

Har du eit talent og tid til overs, så kan du også opne butikk! :)

Likar du forresten den vårlege overskrifta mi?
Tenkte det passa å bytte ut dei mjuke, gode ullkulene med frisk og fin kvitveis!
Bringer tankane til solrike dagar, blå himmel og 17. mai... ;)

Ha ein strålande dag!

mandag 21. mars 2011

Stoff til salgs

Eg har lagt ut nokre stoffbitar på butikken min på morsomme Epla Materiell! :)
Men det er verkeleg vanskeleg med prissetting! Har lest litt kva andre meiner om dette,
og har samanlikna med andre stadar ein handlar slikt... Trur du eg greier å treffe?
Om du kikkar innom butikken blir eg glad for tilbakemeldingar!

I dag høljeregnar det i Trondheim, og eg er eigentleg glad for det...
Kanskje snøen snart kan bli borte, då? :) Kosar meg inne med dei skjønne barna mine no, 
og siklar litt over dei nyaste stoffkjøpa mine. Kanskje eg må sy noko av dei snart? Og vise fram?
Forresten - tuuusen takk for mange koselege kommentarar på innlegget mitt i går! Eg blir så umåteleg glad for dei! Ikkje alltid eg rekk å svare alle, men eg prøvar å kikke innom kvar og ein! :)

Ønskar deg og dine ein god mandag!

tirsdag 25. januar 2011

Ring-ring!

Oj, eg hadde heilt gløymt desse ringane som eg laga i jula!
I dag fann eg dei fram frå skoeska si, og fekk tatt bilder medan sola enno skein frå knallblå himmel.
Dei blir lagt ut på Epla i løpet av kvelden, eg må berre ha to ledige hender og litt tid for meg sjølv først.. :)

Eg har gjort noko anna også i dag, men som så ofte før vart det eit halvvegs gjennomført prosjekt,
og eg skal fullføre det i morgon.. Men eit lite hint er jo at eg syns det er på tide å gi noko tilbake til alle dykk lesarane mine. ;) Tusen takk for besøk og kommentarar!!

Ha ein kreativ ettermiddag, kjære venner!

onsdag 5. januar 2011

Nye spenner til Epla

I ei skoeske pynta med fint papir har eg ein av hobbyane mine. Og denne skoeska var akkurat passe stor til å ha med på juleferie, så den kom opp i aktivitetsposen..ja, for det var jo sjølvsagt fleire krea-ting som måtte bli med! I skoeska har eg alt eg treng for å lage hårspenner, og det er så kjekt å halde på med! 
No er det lagt ut ein del nye hårspenner i Eplabutikken min,
og eg viser eit lite utval her på bloggen også.
Tusen takk for koselege kommentarar på innlegget i går!
Kjekt å vere tilbake, særleg når så mange seier hei og sånn!
Skal snart få tatt meg ein god bloggerunde, håpar eg! :)

Ha ein strålande dag!

mandag 29. november 2010

Moro på Epla!

 I dag har eg fått fullført eit lite prosjekt, og resultatet kan du finne i Eplabutikken min!

onsdag 8. september 2010

Nye hårspenner på veg!

Nye hårspenner på veg ut i Eplabutikken!

Tusen takk for all omtanke og varmande kommentarar på forrige innlegg.
Det gjer godt å få skrive om kjenslene sine, og sjølv om det på ein måte er skummelt å vere så personleg og utlevere seg sjølv, så er det verdt det. Eg ser at her møter eg berre godheit. De er gode! Takk!
Ønskar deg ein fin dag!

torsdag 19. august 2010

Jentete puslerier...

Dei siste dagane har eg kosa meg med eit lite prosjekt. :) Eg har jo laga nokre spenner tidligare, men no har eg verkeleg slått til, og har laga ganske mange, og med ulike uttrykk.
No skal dei fleste ut på Epla, og først ut er desse spennene med filtpynt.
Passar veldig godt for små jenter, men er også fine til store!
Du får berre ein liten smakebit her på bloggen...

Ha ein herleg dag!

lørdag 17. juli 2010

Nye skjørt på Epla!

Ei lita oppdatering i Eplabutikken min!
Har laga to nye skjørt, som du no kan kjøpe!
Det eine er herleg retro, sydd av ei gammal gardin med syklar på,
og det andre er sommarleg frisk og leikent.
No skal eg ut att i sola, som er sååå varm og god i dag!
God helg!

lørdag 3. juli 2010

Nye putetrekk på Epla

Har nettopp lagt ut to nye puter på Epla-butikken min.
Dei vart rett og slett veldig ulike, og denne øverste er nok min sommarfavoritt!
Denne under er også fin, altså. ;)
Har sydd saman tre puter i dag, men den eine er ikkje tilpassa vanlege innerputemål, så den blir ei gåve.
Til Lille A, kanskje? Eller til morfar, som takk for hjelpa for IHERDIG innsats på husveggen vår?!
Oi, no såg eg at det eine Epla-bildet sneik seg med på det nederste bildet, men-men..
No er det laurdagskveld og kos i heimen.

Ha det godt der du er!

lørdag 19. juni 2010

Sommarskjørt

Endeleg nye skjørt i butikken min!
Desse skjørta er sydde av stort sett nye stoff, har mjuk, deilig linning,
og er i følge Lille A veeeldig gode å ha på. (Ho har eit grønt, og brukar det gjerne!) 
Lommene gir skjørta det lille ekstra, og er fine til å gøyme skattar og andre småting i .
Oppdatering: Det rosa skjørtet er solgt!

Storleik: 4-6 år
Pris: 250 kr
Eg har ikkje akkurat hatt stor suksess med skjørtesalget, men denne jenta gir seg ikkje så lett! ;)
Kan det vere at prisen er for høg, skal tru? Det er i alle fall ikkje lett det der med å prise varer ein sjølv har laga, men eg fann mange gode tankar og tips om dette her. 
Ho har også eit oppfølgande innlegg som du kan sjå her.

Ha ein heilt konge laurdag!

onsdag 19. mai 2010

Sommarskjørt

I morgon skal Lille A i bursdag til ei barnehagevenninne, og saman fann vi ut at ho skulle få eit skjørt i gåve. Lille A ville gjerne at det skulle vere rosa, så eg fann fram ulike rosa stoff og lot ho velge. Deretter fann eg fram resten, og fekk godkjenning på at det kom til å bli kjempefint.
Med den store, vesle jenta mi på fanget prøvde eg å sy saman dette skjørtet, og det vart slett ikkje verst! Og så er det jo utruleg gøy å sy skjørt! Og medan eg heldt på med klipping og styr, så laga eg til fleire skjørtesett, som berre var til å sy saman. Difor har eg den sista tida laga ikkje mindre enn tre skjørt, og eg veldig fornøgd med det! 
Desse to skjørta er no til sals i Eplabutikken min! 
Herlege sommarskjørt som passar jenter som er cirka 4-5 år.

Ha ein deilig vårdag!


blogger template by lovebird