Viser innlegg med etiketten kunst. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kunst. Vis alle innlegg

mandag 31. mars 2014

Årets familebilde

Anna og Alfred har laga eit heilt herleg kunstverk for og med heile familien! Eg er både stolt og glad og fornøgd, og det store bildet har allerede komt opp på veggen i gangen. Eg har også vore med bittelitt, for det er jo kjekt å male! :) Dessutan har eg jo måtte vere til stades absolutt heile tida, for å hindre små og store maleulykker og krangling og slikt… Treåringen har malt frå eine sida, og åtteåringen frå andre sida, og vi har jobba i tre omgangar, sånn omtrent.

Her er nokre tips til korleis du og ungane kan lage årets familiebilde:

1. Kjøp eit ganske stort lerret, sånn som f.eks. dette på 70x100 cm frå Søstrene Grene. Slike sel dei mange ulike stader, og i alle prisklasser. 

2. Teip rundt kanten på bildet, så har du ferdig passepartout når du tar bort teipen til slutt. Dette syns eg rammar inn motivet på ein flott måte, og gir eit reinare uttrykk enn om ein malar heile vegen rundt.

3. Mal bakgrunnen på bildet først! Vi brukte grønne og blå nyansar, og ungane vart instruert til å gøyme bort alt det kvite på lerretet. Dette var kjekt for begge to! La dette tørke.

4. Mal konturane til motivet. Her vart åtteåringen bedt om å lage familien, og små uhell vart til blome og bie… Og pappa fekk ikkje skikkeleg plass, så han fekk berre kikke oppom kanten. "Han står liksom heilt nærme, så det er difor han er sånn…" forklarer Anna.

5. Følg litt med så ikkje dei minste blandar alle fargane heilt saman. Her har eg latt treåringen velge fargar sjølv, men har hjelpt han, slik at han har malt dei lyse fargane i eine enden av bildet, og dei mørke i andre.

6. Når alt er tørt igjen, kan ein begynne å fargelegge detaljane i bildet. Eg fulgte nøye opp åtteåringen, slik at ho ikkje skulle slurve... Det vert finare når ein er nøyaktig, og ho fekk enkle tips til korleis ho kunne lage beine strekar inntil det svarte og fylle ut fargen med nok maling. Og sjølv om vi begge var litt utolmodige innimellom, var både eg og Anna fornøgde med resultatet!

 


Slik såg bildet ut etter første arbeidsøkta.
Eg har kjøpt maleduk på Stoff og stil, og treng ikkje vere redd for malingssøl på bordet. Det er også fint for ungane at det ikkje er stress rundt dette med å søle litt, og dei har på maleforkle mens vi held på. Javel, så er eg litt småstressa for at dei skal søle på stolane og tapeten og slikt, men det meste går jo bort! ;)

Vi har forresten brukt akrylmaling frå Søstrene Grene og Hobbylakk og Allmogemaling frå Panduro. Noko blir blankt og anna matt, men alt kan blandast og enkelt vaskast bort med vatn.





Ha ei kreativ veke og ein fin mandag!

tirsdag 17. januar 2012

Ein strålande dag

Ein deilig, inspirerande, glad dose med fargar, mønster og stoff ligg på bordet mitt. Eg er i siget, og nye sanseputer skal etter planen ut på Epla i løpet av veka. Og eg kjem nok til å reklamere her på bloggen når det skjer... ;) Det er så utruleg kjekt å skape desse fargeklattane! Eg lagar jentete, guttete, brunretro, rosaretro, nytt og gammalt, detaljert og enkelt, akkurat som eg vil! Og heile tida har eg babyane i bakhovudet. Kva vil vere fint å sjå på og spennande å ta på? - og kva vil mammaene like..?

Eg kom over eit sitat på Pinterest i dag, via Mokkasin, og eg las det to gongar før eg la det bort. Men så har det altså festa seg litt i meg likevel, og eg vil vise det fram her.
Prøvar du å lage alt rundt deg vakkert? Og får du det til?? ;) Eg skulle så veldig gjerne omgitt meg med berre vakre ting, men slik er det ikkje her i huset. Ikkje berre fins det altfor mange ting som ikkje er vakre her, men det fins rett og slett for mange ting. Det ser i alle fall slik ut når golvet flyt over av togbaner og leiker, bordet er gøymt under bøker, sysaker og tusjar og gangen er full av klede. For å nevne noko. Så nei, her er det ikkje berre vakkert, men det er ein ting eg har tenkt på i dag:

Vi må hugse å legge merke til alt det vakre i kvardagen!

I det store sørvendte vinduet i stova heng det ein vakker fugl. Den er av gjennomsiktig neonrosa plexiglas, eller noko slikt, og er kjøpt på knallfine Liebe i København. Hos Liebe får du knallfin keramikk, men også nokre andre ting. Dessverre kan eg ikkje hugse kva kunstnaren bak denne fuglen heiter... I alle fall, når eg ser den her frå sofakroken, er den verkeleg knallrosa mot den lyse himmelen utanfor, men på bilda med skogen som bakgrunn, er den mørkare. Då eg satt og sydde i dag, la eg plutseleg merke til eit nydeleg fenomen! Sakte, sakte snurra fuglen rundt, og solstrålane sendte refleksen rundt i stova som ein vakker, vakker fugl. Fram med kamera. Catch the moment. Beautiful!


Eit langt blogginnlegg på denne nydelege vinterdagen. Takk for at du er innom her, og tusen, tusen takk for kommentarane! Eg blir veldig glad for dei! :)
Håpar du også nyt dagen!

lørdag 17. desember 2011

Knappekunst

 Fine, fine knappar! Skjøre, vakre og delikate, akkurat som eg likar dei. :) Eg kom over dei på Trondhjems-designernes julemarked for eit par veker sidan, og har enno ikkje bestemt meg for kva eg skal bruke dei til. Dei er jo litt store, så dei hadde nok vore supre som dekor. Kanskje er det på tide å sy litt igjen?

Det er Tiril Havdal som er kunstnaren bak desse knappane, og eg har tidligare vist noko av henne i dette innlegget. Eg likar så godt kunsten hennar, og så er eg veldig fornøgd med den nye gule knappen min. ;)
Det er laurdagskveld, det er fyr i peisen, tente stearinlys, mat i magen, pappaen min er på besøk og det har vore ein verkeleg god dag. Eg er fornøgd!

Håpar din laurdag også er fin!

fredag 17. juni 2011

I huset bortenfor huset...

I huset bortenfor huset bortenfor huset
til snekker Kvikk
i rommet innenfor rommet innenfor rommet
til hans butikk
bak skapet bakenfor skapet bakenfor skapet
til hans madam
der ligger faren til bestefaren til bestefarfarens
søndagskam.

Dette leikne diktet av Inger Hagerup passa til dagens bilder, synest eg. :)
Her er det Storesøster som har kosa seg ved symaskina, med tilgang på 
mamma sine restebunkar og store lager av band. Ho har konsentrert seg, 
haldt tunga rett i munnen og tenkt nøye ut korleis ho vil ha det.
Og eg har fått lov å bruke resultatet som applikasjon på ei veske! Hurra!
Ja, men den veska skal vi sjølvsagt ha på deling.. ;)
Ønskar deg ein deilig fredagskveld!

mandag 24. januar 2011

Klipp og lim med Alice Melvin

Symaskina fekk ikkje komme ut i lyset denne helga heller, men står tolmodig og ventar på meg i kroken sin. 
Eg og Storesøster fann imidlertid fram ei av julegåvene, nemleg dette settet med cut-out-and-make-menagerie av illustratør Alice Melvin. Det var pirkete arbeid, og vanskeleg for ein femåring, men mammaen koste seg veldig, og Storesøster kunne leike med saks og lim og paljettar, og var også fornøgd! 
Det er jo stor stas å berre halde på med ting saman! 
Åh, beklagar at bildet vart uskarpt...klønete av meg!
Men som de ser, det var mange herlege dyr i den pakken, og vi har berre såvidt starta. :)
Gjennom eit raskt søk på nettet fann eg ein god del om Alice Melvin, mellom anna eit bra innlegg på bloggen decor8. Når eg får litt meir tid skal eg kose meg å kikke litt meir på arbeida hennar! 
Det ser i alle fall veldig flott ut så langt!
Ønskar deg ein super mandag og ei god veke!

torsdag 14. oktober 2010

Yarnbombing

Eg likar denne formen for kunst.
Garngrafitti.

Klikk på bilda for å sjå kor dei kjem frå.


Det finnast fleire stader kor du kan sjå meir av dette. 
Og om du googlar fenomenet får du opp nesten 12 000 treff på bilder! Moro! 

Eg må berre få komme med eit stort 
takk
heilt til slutt her. 

Det var overveldande respons på innlegget om den vesle luksussymaskina,
og det er sååå gøy! De får nok oppdateringar om framdrifta på den fronten etterkvart. Enno strevar vi litt med å bli kjent, og eg må innrømme at det var vanskelegare enn eg trudde. Kanskje eg gjer ein eller annan dum feil? Eg skal nok finne ut av det! :)

Enn så lenge ønskar eg deg ein frisk torsdag!

tirsdag 27. april 2010

Delikate kunsthandverk

Min kjære, gode, snille og flinke svoger er keramikar. 
Eg er stolt av det han får til! 
Her viser eg bilder eg har lånt frå Sintra Konsthantverk, og dei viser Erik si vindusutstilling denne månaden. Kanskje er du i Gøteborg i blant? Då bør du i alle fall ta turen innom galleriet, som ligg i Haga.
Nydelege tekanner og koppar som er heilt skjønne er noko av det han lagar. Men det mykje anna også! Kanskje såg du innlegget mitt frå Gøteborg i februar? Du finn det i alle fall her... Om du vil vite eller sjå meir av keramikken hans, så kan eg vidareformidle kontakt! :)
Ønskar Erik Krouthèn og Sintra lukke til vidare!

Her på mine kantar er det litt produksjon av barnekle og slikt om dagen, 
og bilder kjem snart. :)

lørdag 27. februar 2010

Feed your soul

 Er det på tide å få nokre nye bilete på veggane? 
Feed Your Soul tilbyr fleire ulike bilete kvar månad, som du gratis kan laste ned og printe ut! Herleg! Om eg ikkje printar ut så mange, så lar eg meg i alle fall inspirere i massevis! I morgon har eg bursdag, og sidan vi er så forkjøla her i heimen skal vi ta det fullstendig rolig, og eg vil male fiiine kunstverk i samarbeid med Lille A! 
Ha ein strålande kveld!  
-oj, er det nesten søndag alt? Kanskje eg må legge meg, slik at eg våknar først når det er bursdag...? Håpar eg får frukost på senga! ;)

torsdag 25. februar 2010

Land Art

"Maple Leaves arrangements"
Har du høyrt om Andy Goldsworthy? Han er kunstnar, og driv med Land Art, ein kunstart som er ganske så fin. Det beste med den er at den er så inspirerande for ting ein sjølv kan gjere ute på tur. Kanskje aleine, med kameraet, eller saman med barn, familie eller vennar. 

Konseptet er at du brukar det du finn i naturen, så det treng ikkje planleggast, og det skal ikkje brukast unaturlege element. Du kan skape nydelege kunstverk, og dei vil brytast ned på naturleg vis, slik naturen gjer det når den ryddar opp. Det er også ein del av kunsten. :)
Bileta er henta frå Google, og det var mykje å velge mellom! Eg fann også ei side med bilete av andre, inspirert av denne kunstnaren, og den sida kan du finne her.
Hihi, eg har fått ein award/utfordring frå Bella Vintage, og skal fortelje sju interessante fakta om meg sjølv... No er det jo litt vanskeleg for meg å seie noko om kor interessant dette er, men det er i alle fall ganske personleg, slik at alle de kjekke lesarane kan bli litt betre kjent med meg. :)
  1. Eg har ein uendeleg straum av idèar og lyster eg har lyst til å gjere noko med! -men er litt for tiltakslaus til at det blir så veldig mange resultat...
  2. Eg syns det er ganske kjedeleg å sjå på OL, og gler meg til det blir litt andre ting på tv igjen...
  3. Eg jobbar som pedagogisk leiar i barnehage, og er stolt av det! Syns jobben med dei minste barna er umåteleg interessant og viktig, og får brukt veldig mange områder av meg sjølv.
  4. Eg har vore aktiv speidar i mange år (men det er nok lenge sidan no), i tillegg til korps, musikkskule, kor og andre ting... Og eg skulle ønske eg hadde tid og overskot til å vere med i barne- og ungdomsarbeid no. ;)
  5. Eg oppfattast som ganske tolmodig, men er eigentleg ikkje det... Eg likar når det skjer ting, blir sprø av antakelsar, fastgrodde tankemønster og for mykje babbel.
  6. Eg koplar ut alle stressande tankar når eg løyser sudoku.
  7. Eg har ei lillesyster som eg er umåteleg stolt av! Ho har blitt det ho drøymte om!
No skal eg eigentleg gi denne vidare til 7 andre bloggarar, men eg står over den delen... Syns det er veeeeldig mange som fortener denne, og dedikerer den til alle på blogglista mi!

Ha ein herleg kveld, jenter!


blogger template by lovebird