Vanlegvis når vi har henta Storesøster i barnehagen leikar ho først litt med Lillebror, før ho blir opptatt med sine eigne ting. Ho kan leike med småstein, små figurar, pinnar, perler, fargeblyantar, ja, nesten kva som helst. Og dei lever sine eigne liv. Ho har lange fortellingar som ho ikkje likar å bli avbroten i.
"Jammen, eg er ikkje ferdig å fortelle enda!" seier ho viss eg prøvar å bryte inn...
Fantastisk fantasi og leikeevner, seier mammaen. ;)
Men i dag låg mamma på golvet og berre såg på henne. Og Lillebror låg der også. Og vi hadde GOD tid. Ikkje berre mykje tid, men riktig god og fin tid. :) Utruleg deilig! Og då kunne ho ikkje bli opptatt med å lage forestilling for dukkene sine, men leika og kosa med mammaen sin.
Åh, så godt det er!
Men etterkvart måtte vi begynne på middagen, og ho fekk tilbod om å lage salaten.
"Skal eg hjelpe deg med å lage salat?" spør ho, "Nei," svarar eg, "du skal få lage salaten!"
"Ja, det kan eg!" Og eg hjalp ho i gong. Vi fann fram det ho ville ha, og ho var stort sett med på idèane mine.
Forundra over at ho fekk låne den store, skarpe kniven, stolt over at ho fekk halde på sjølv.
Eg vart jo opptatt med dei andre tinga, og hjalp ho berre når ho trengte det.
Vi fann fram fuglebollen frå
PiP, og den var akkurat passe stor til ein salat til oss to store jentene. :)
Der var det agurk, tomat, sukkererter, issalat (endeleg har ho forstått at det er godt!) og mais.
Enkelt og godt. Og dressingen tok eg ved sidan av, for å vere litt grei.. ;)
Ho var stolt over å ha laga sin heilt eigen salat, og eg var glad. Ikkje berre glad for å få hjelp med middagen, men mest av alt glad for å gjere jenta mi stolt av seg sjølv. Og glad for at vi hadde så GOD tid i dag.
Håpar du får GOD tid i morgon!
PS. Snart kjem det eit blogglotteri på bloggen min, så følg med... ;)