Viser innlegg med etiketten interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten interiør. Vis alle innlegg

mandag 27. januar 2014

Nyt dagen

Det kjennast verkeleg ut som vi nærmar oss våren no, altså! Snart ferdig med januar, og her i Trondheim er det framleis like tørt (og kaldt). Ungane snakkar dagleg om kor gjerne dei skulle hatt snø, men eg kjenner at det ikkje er så viktig for min del. Ikkje no når det går mot slutten av januar, det er ein månad sidan sola snudde, og snø eller ikkje snø, det er lysare ute! Sol rett inn i stova. Gult og varmt lys. Og inne kan vi nyte tulipanar og peisvarme og kvarandre. Herleg!
I helga har verdas snillaste morfar vore på besøk her, og Alfred jublar over at det er framgang i oppussinga av rommet hans. Det skal nok bli bra! No må berre mammaen og pappaen vere like flittige som morfar, og få ting gjort…! Eg er nok flinkare til vaffelsteiking og småtteri enn til dei store prosjekta. (Skranglebekken!) Men jammen er det koseleg med saft og vaflar ved kjøkkenbordet også! Liten mugge passar fint til små barnehender, så får ein til meir sjølv! Det er meistring! Stas!

Det er kvardag igjen. Ingen gjestar og ingen andre heime enn meg sjølv. Eg elskar verkeleg å ha besøk, men det er når eg puslar aleine at eg får ting gjort… I dag er det berre trening som står på programmet, og eg har enno eit par timar til eg må komme meg i veg. Så først skal eg skru på kaffemaskina, så må eg skru på varmen på syrommet, så lage kaffe og nyte den i godstolen ved vinduet, mens syrommet blir varmt. Deretter er det kreatid. Herleg! Ja, eg veit det. Det er verkeleg akkurat så luksus som det høyrast ut. Heldige, heldige oss som bur her, og som kan vere heime når vi ikkje er i stand til å vere på jobb…

Nyt dagen du også!

søndag 21. april 2013

Søndagskveld

Fyttikatta så fort denne veka har gått! Først går det som ein schvupp frå mandag til fredag, så er det lange, gode helgedagar, som plutseleg er over. Heldigvis er tida fylt med mange gode opplevingar, og eg føler at eg blir ekstra merksam på desse når eg har bloggebriller på. Kjenner du det sånn også? At blogginga får deg til å stoppe opp litt ekstra? Eller at du ser verda rundt deg med eit blikk som vil fange opp det vakraste utsnittet? Som om du alltid er klar med kamera, og vil fange opp det som er fint? 

Eg er ein rotekopp. Eg erkjenner det. Slik er det visst berre. Og no har eg blitt trettifem år, og må vel innsjå at eg er vaksen, og at ordenssansen dermed ikkje er noko som automatisk følger med alderen heller. Men eg greier i alle fall å ha det fint på enkelte områder om gongen, berre ikkje overalt på samme tid. Og det kan eg heller verkeleg ikkje forstå at enkelte får til...Jøje meg! Akkurat no har eg slengt beina på det reine og ryddige salongbordet, har tente lys, pc rett i fanget og skal gjere dei siste jobbførebuingane før den nye arbeidsveka tar til. Skal berre litt først... Blogge litt, lese litt nyhende, kjøpe nye sko til vesleguten. Kosar meg! :) 

I dag vart det lite kreativitet i innlegget. Rett og slett litt interiør... Det er ikkje ofte! :) Men eg er godt fornøgd med denne delen av stova. Spesielt no når eg har rooosa tulipanar. Elskar rosa tulipanar! Verkeleg! Og så er eg godt fornøgd med dei to putene i framkant av bildet. Ugleputa i bakgrunnen ser eg at eg definitivt må bytte ut snart. Den er berre ikkje meg. Den gule/kvite puta er heilt ny frå Kremmerhuset, og den store svart/kvite fann eg i Åre før jul. Den er av merket Littlephant, og er heilt skjønn! Det merket har forresten ein babykolleksjon på Lindex no, og eg skulle veldig ønske at den var i større storleikar også! Anbefalar ein titt!

 
Ha ei strålande veke!

torsdag 8. november 2012

Kompliment


Så utruleg mykje nokre enkle kompliment kan bety!
Eg har hatt eit møte heime i stova mi i kveld, og fekk så mykje gode tilbakemeldingar på kor koseleg det var her. :) Oh, lukke! Folk eg berre så vidt kjenner skryt over stilmiksen min, det kreative kaoset og fine små ting rundt om kring. Ei av dei kommenterte til og med at ho kunne sjå at eg blogga... Hihi!

Men i alle fall, dette kjente eg var eit skikkeleg boost på å lage eit nytt innlegg. Stova er ryddig og hadde lyset på natta vore betre, kunne eg kanskje til og med tatt fine bilder... Beklager kvaliteten!



På sybordet mitt har eg ein heil drøss med koffertar og esker i fine fargar og mønster, og oppi der har eg småsaker eg brukar sjeldan, ofte eller berre av og til. Sysaker, smågåver, ferdige produkt, ledningar... Arkitektlampen fann eg på ein loppis, symaskinparken står klar til bruk, og på veggen heng ei blanding av familiebilder, barneteikningar, origami og gamle billedlottoplater. Bordet laga vi til eit hageselskap for nokre år sidan, og det er stort og romsleg og ristar som eit middels jordskjelv når symaskina durar på som verst. Og alt dette står i stova! Det er heilt supert! Eg vil jo absolutt vere der det skjer, og ikkje sitte på eit rom i kjellaren. Og i og med at eg syns kreativt kaos kan vere ganske inspirerande og fint, så gjer det meg ingenting å ha det framme heile tida! :) Det einaste minuset må vere at eg stiller veldig svakt når eg ber mannen (eller ungane) rydde i sakene sine... Rotekoppar!

Men poenget mitt i kveld er altså ganske enkelt, og heng saman med ei god og klar utfordring:
Eit lite kompliment kan bety så mykje!

søndag 23. oktober 2011

Har du leita i skuffene?

Dette er dagen då det i mange norske heimar blir leita i skuffer, krukker og jakkelommer etter småpengar og store setlar. Dette er dagen då vi gir så det svir. Dette er dagen då alle ventar på at nokon skal ringe på dørklokka. Dette er dagen vi har ein felles plan, eit felles mål og eit felles hjarte.

Eg skal snart skru på tven, finne fram tekoppen og strikketøyet og sjå korleis det har gått. Vi ryddar for livet! Norsk Folkehjelp skal få rydde miner og bomber i massevis! Støtt tv-aksjonen her!

Skuffene mine er forresten godt og fint merka. :) Eg har brukt papir frå Rie Elise Larsen, washitape og ein gammal Dymo frå loppis. Likande tape kan du for eksempel få tak i her eller her.

Oi, eg holdt på å gløyme ein ting. Men det er ikkje så viktig, altså. Det er berre det at eg har skifta header på bloggen, slik at det blir litt lunare og varmare her no når vi er inne i den mørke tida. Så får kvitveisen vente til våren igjen.. ;) Håpar du likar deg her!

Ønskar deg ein fin kveld og ei god veke!

tirsdag 18. oktober 2011

Detaljar gjer heimen unik

Det er så godt å ha det fint rundt seg! Det er både beroligande og inspirerande, og eg kosar meg i den "nye" stova mi. Ikkje dei heilt store endringane, men det er detaljane som er på plass no, og som får komme til sin rett, fordi det er relativt ryddig rundt dei. Men det er jammen litt av ein jobb å skulle halde det slik! ;) Det bur fire rotekoppar i dette huset, og eg må innrømme at eg er blant dei verste... Heldigvis er eg flink til å rydde! :)
Rundt omkring i huset mitt finn ein fleire ting som gjer akkurat vår heim unik. Nokre av tinga har eg laga sjølv, noko er bruktfunn, andre ting er det ungane eller andre som har laga til oss og nokre ting har eg kjøpt berre fordi eg likte dei. På det øverste bildet ser du eit glimt av bildeveggen i stova, der ein liten kveps har fått plass på ei ramme. Kvepsen og vennene hans kan du lese om her. På peishylla står mellom anna denne vesle geitekillingen vi har fått i gåve frå mormor, og er så skjønn! Saman med nokre soppar frå Søstrene Grene,ei lykt og nokre små vasar med blomster i, lagar den fin hauststemning i stova.
Denne vesle keramikkfuglen sit på lokket til ei fin krukke, og passar perfekt til fargane i gangen. Det er ikkje ei veldig spesiell krukke, men den var tilfeldigvis både søt og billig, så eg kjøpte den. No passar den på dill og dall og småtteri, som ellers ville lagt ein annan plass og slengt, er eg redd. :)
Det vart jammen mange bilder på bloggen i dag, men eg håpar du held det ut.. :) Eg har vore heime i fullt dagslys, og då er det så kjekt å knipse bilder! Og dessutan er det ganske oppmuntrande å gjere noko som tar fokuset bort frå den dunkande kjeven, der det inntil i går sat ein visdomsjeksel... ;) 

Krukka med tapetlim har fått merkelapp frå Dymoen eg fann på ein loppis. Likte så godt det litt stramme svart/kvite uttykket! Og det er dessutan veldig praktisk å ha berre bittelitt tapetlim tilgjengeleg til små prosjekt, i staden for å måtte gå i kjellaren etter den stoore dunken i tide og utide.

Keramikkenglane er ei gåve frå verdas beste syster, og er laga av ein Gøteborgskunstnar som eg ikkje hugsar namnet til. Dei heng i ei settekasse på kjøkkenet, og minner meg om Gine, om kjærleik, om englar som passar på oss og om at vi skal vere kvardagsenglar og gode med kvarandre.
Dei siste detaljane er frå bokhylla mi. Dei fleste, i alle fall. Bokhylla er rydda etter fargar, og ved sidan av den raud/rosa avslutninga på inspirasjons- og hobbyhylla mi står ein Hoptimist og gliser med krone på. Herleg! Elefanten er ei sparebøsse, som har ramla i golvet minst ein gong for mykje. Men den er så skjønn, så den får stå, trass manglande øyreflipp og apefjes. Den står på ei papirkledd eske, mellom ein gul og ein raud bunke med romanar. Det er kjekt å lage små utstillingar!

Eg trur ikkje mange andre har det slik heime hos seg som oss. Og eg likar veldig godt tanken på å ha noko annleis, sjølv om eg sjølvsagt blir påvirka og inspirert av andre. Det er vel slik det skal vere? :) Trendar kjem og går, og sjølv om eg ikkje strevar for å halde følge med kva som er siste nytt, så blir nok heimen min sakte men sikkert påvirka av trendar likevel. Heldigvis har vi bloggar og interiørblad med mange ulike stilar, slik at ein kan inspirerast til å finne sin eigen stil, uavhengig av kva reklamen i postkassa seier at du skal like! :)

Håpar du har ein deilig tirsdag!

torsdag 13. oktober 2011

Det er lov å vere stolt!

Eg har så mykje å vere stolt over! Og eg er verkeleg stolt over mange ting også! Sjølvsagt kan eg skjemme meg og gremme meg og rødme og bli skikkeleg flau over ting eg presterer eller ikkje presterer å få til... Men akkurat no kjenner eg at eg er stolt!

Familien min er det eg er aller mest stolt over. Den fine, vesle familien min og den store, gode familien min. Så stolt er eg at eg meir enn gjerne heng opp bilder av barna mine rundt i huset. Og gjerne bilder dei har laga også, for det er jo verkeleg flotte kunstverk! :) Den nye bildeveggen min i stova er eg også stolt over. Endeleg fekk eg gjort det! Det var jo berre å slå inn nokre spiker og få opp desse bilda! Har du prøvd å lage bildevegg? Kanskje gjorde du som eg; pusla og flytta på alle bilda på stovegolvet leeeenge, før du endeleg fann ein god måte å henge dei opp på. Eg valgte til slutt å bygge opp bilda rundt ei rett linje i midten, på ein måte... Så no håpar eg det skal vere enkelt å legge til fleire bilder når eg vil det. ;) Ja, så er eg forresten litt stolt over at eg plutseleg malte to strøk på denne stoveveggen. Den var eigentleg kvit, men då eg flytta på to store bilder var malinga blitt heilt gul under. Hjelp! Så då stakk eg innom malebutikken i hui og hast, plukka ut ein gråfarge (Zen Hage - litt for lys, trur eg..) og fekk malt to strøk på eit halv døgn. Joda, eg slår til og er effektiv når det trengs! :)
Lillebror har oppdaga gleden ved pannekaker med blåbær, og er stolt over å kunne spise sjølv! Men ikkje på langt nær så stolt som eg er! Min vidunderlege, vesle gut - tenk han fyller snart eit år!

Men kva meir vil eg vise fram i dag? Eg kunne jo nevnt både jobben min, vennane mine, den halvstrikka genseren eller den gode kikertsalaten som ting eg er stolt av, men eg gjer det ikkje. I staden vil eg trekke fram søstra mi. Den flinke, skjønne, snille, gode, omtenksomme, vakre og uttrykksfulle lisjesystra mi. Ho har vore ein del i media på Sunnmøre i det siste, og det er ikkje utan grunn. To nyydelege konsertar har ho hatt no, og vi ventar og gler oss til musikken er å få kjøpt i platebutikken!! Ho fulgte draumen sin og er superdyktig jazzsongarinne. Du kan sjå heile intervjuet på Nrk her, eller lytte meir til musikken hennar her. Eg er så glad i deg, Gine!
Bilda har eg lånt her og her.

No skal eg vere heime aleine i mange timar framover. Det er spennande og rart, men også godt. Eg har faktisk ikkje vore heime aleine på snart eit år! Janome, no kjem eg snart! ;)

Takk for alle gode tilbakemeldingar på bloggen min! 
Du gjer meg stolt og audmjuk og glad!

onsdag 12. oktober 2011

Velkommen inn!

Endeleg tilbake igjen! Og huset mitt er så fint no! :) Dei siste vekene har vi jobba mykje med mange små og store prosjekt, og eg vil komme tilbake med fleire av dei! Men her er i alle fall eit glimt av gangen og kjøkkenet mitt. Tapeten er til å bli glad av, og passar utmerka inn i den fargeskalaen eg for tida har dilla på. Men kjøkkengardinene..? Tja, dei er jo fine og heimesydde, men no når alt anna er nytt og fint blir det jammen freistande å bytte ut desse også!

Eg har hatt storfint besøk i formiddag, og det var til og med ei dame med kamera som gjekk rundt og knipsa i vilden sky! Åh, som eg gler meg til å sjå resultatet! Dette kjem det også meir om snart, snart...

Det er forresten viktig med litt humor i interiøret, og dagens innslag er plakaten på den ellers så sukkersøte veggen; Freak out and throw stuff! Denne og fleire andre kan du mellom anna kjøpe her.
Hovudet fullt av interiør- og handarbeidstankar. Hendene fulle av ein lite samarbeidsvillig pc. Kjøkkenbenken full av eplepai. Kaffekverna full av nydelege kaffebønner. Huset fullt av fine krokar for skjønne gjestar. Hjartet fullt av kjærleik. Velkommen!

Håpar hausten er snill med deg!

fredag 2. september 2011

Hausthagen og den trøytte mammaen...

For ein deilig dag dette har vore! Ein bonusdag. Ein kosedag. Ein haustdag. Ein sommardag. Ein kviledag. Ein vaskedag. Ein fotodag. Ein fridag. Ein fredag. Kjært barn har mange navn... ;)

Etter ei ganske slitsom natt, med ein gut som aller helst vil ha smokken heile natta, var det både godt, luksus og heilt nødvendig å ta det med ro i dag. Smokken til guten heng nemleg fast i mammaen, og mammaen orkar ikkje å ha nokon hengande i puppen heile halve natta. Dermed ligg guten i senga si og hyler, medan mammaen og pappaen blir surare og surare, både på han og på kvarandre... Ikkje fordi vi vil det, og ikkje fordi vi syns vi burde det, men rett og slett fordi det faktisk er midt på natta, og vi er desperate etter søvn. Kroppen gjer nesten vondt, fordi den så gjerne vil ligge og kvile, og hovudet er tungt og fylt av bomull. Vil sove! Noo! Men greier vi å komme oss tidleg i seng om kvelden? Neida...skal berre, først...! ;) Kjenner du deg att, eller?

Så no forstår du kanskje kvifor eg har sett så stor pris på denne dagen. Min eigen fridag. Eg har kosa masse med Lillebror, leika, tulla og hatt GOD tid saman med den skjønne guten min. Heldigvis er han så skjønn, så er han tilgitt så snart klokka bikkar sju om morgonen... ;) Han er jo GULL! - og takk og pris søv den fantastiske storesøstra så vanvittig tungt om natta, så ho våknar ikkje av nokon ting. Heldigvis!
Etter ein liten trilletur i formiddag, rusla eg litt rundt i hagen med kamera. Ja, no høyrast det nesten ut som hagen vår er stor som ein park, men det er den altså ikkje. Det er ein liten hage, men faktisk ganske romsleg for rekkehushage å vere. Vi likar den! Og endeleg kan eg no vise fram det fine utebordet vårt, for det har eg vel ikkje gjort før? Dette bordet snekra flinke mannen til 17.maifesten vår, men så var det så dårleg vèr at hagefesten måtte vere i stova, og det store bordet fekk stå der ei stund. Men etterkvart fekk vi flytta det ut i hagen, og eg mala det i ein nyydeleg lillagråblå farge. Føtene til bordet kjøpte vi på Ikea, og inspirasjonen fann vi hos Stylizimo. Herleg! Og faktisk så vellukka at vi vurderte å lage eit liknande til kjøkkenbord også..
Eg leika meg med kamera og macrolinse i dag. Og vart ganske fornøgd med humlebildet mitt! Sjå også dei fine biebilda til The Brekkevolds her. :) Mi humle fann eg i kjøkkenhagen, der den susa rundt på det eg trur må vere ein timian, om eg ikkje hugsar feil. Desse roseknoppane fann eg også, og eg syns dei ber preg av at sommaren er på hell. Eg lurer på om dei rekk å bløme før det blir for kaldt?

No skal eg hjelpe Poirot å løyse ei sak, medan ullgenseren til Lillebror får vokse på strikkepinnane.

Ønskar deg ei nydeleg helg!

søndag 28. august 2011

Kreakroken...

Eg har endeleg fått meg ein liten kreakrok på kjøkkenet, slik at eg slepp å okkupere kjøkkenbordet i dagevis i slengen.. :) Nytt og mindre kjøkkenbord ga plass til ein liten pult, og som med bordet var også den eit funn frå låven hos svigers. Jippi! :) Beklager dårlege bilder, men vi går absolutt mot hausten og mørket kjem snikande tidligare og tidligare for kvar dag. Sånn er det berre. Det fine med det er stearinlys og deilig te..
Det manglar enno stikkontakt ved pulten min, men skøyteledninga funkar greit enn så lenge. Og Lillebror eeelskar ledningar, så han syns den var stor stas. ;) Uff, vi må verkeleg passe på han og ledningane i huset heile tida! Han halar og drar og spis på alt han kjem over. Berre i dag har eg fjerna to dottar med vatt, eit klistremerke med ei mus på og litt bark frå munnen hans... Skal tru kva eg ikkje rakk å fjerne før det gjekk i magen..? 

Kjolen som vart ferdig i dag var ganske stor suksess hos Storesøster, som sjølvsagt ville ha den på seg på skulen i morgon. Det er så kjekt når ho likar det eg lagar! Og det er så kjekt å lage noko fint!! :) Arkitektlampa er forresten ein original Luxo, som eg fann på ein loppis. Akkurat ein slik som eg ville ha!
Og denne Hoptimisten heng over kjøkkenbordet, til stor glede for store og små! 
Ja til leikne detaljar i heimen!!

Håpar du har det godt!

søndag 21. august 2011

Blått og grønt og sånt...

Det er så utruleg deilig at det er helg! :) Eg prøvar å slappe av og ha masse overskot til ungane, men har litt for mange ballar i lufta, trur eg... I alle fall har eg ei lang, lang liste med ting eg vil ha gjort! Og jammen har eg ikkje fått gjort både det eine og det andre denne helga også, parallellt med barneleik og koselege besøk!

Då eg opna ytterdøra heime etter jobb på fredag, vart eg møtt av ei vidunderleg lukt av ferske bollar. O Lukke! :) Då hadde mannen baka skulebollar med heimelaga vaniljekrem og handknust kardemomme, og oppskrifta hadde han funne i denne inspirerande bakeboka av M. Schakenda. Det var så utruleg godt! Og så var det så skjønt å komme inn døra når det lukta så godt inne. Heile atmosfæren i huset blir annleis når det står fersk gjærbakst på bordet! :) Ja, så no håpar eg sjølvsagt at dette er den nye fredagstrenden...

Bordet er forresten ei historie i seg sjølv. :) Dette bordet fekk vi nemleg i sommar, då vi fann det på låven heime hos svigers. Det har stått i Farmorhuset, før det flytta inn til sauane... Det er knallfint, og har to ileggsplater som vi håpar vi får brukt mykje! ;)  Men det krevde ein del jobb, for sånne halvvegs vraka bord som ligg på låven, har det sjeldan så veldig godt der... Så vi begynte med ein liten pussejobb, før det vart måla med heftgrunn og tre lag sperregrunn. Då kom ikkje lenger beisen gjennom malinga, så då var det på tide med ytterlaga. Vi brukte vanleg, kvit interiørmaling, og sjølve bordplata fekk to strøk. Då såg den veldig fin ut, altså! :) Men no er den ikkje så fin lenger... Kaffe lagar flekkar i malinga med det samme den kjem på bordet, og det er også andre ting som alt har laga merker. Isj! Har du gode råd? Skulle vi brukt golvmaling eller noko? Eller skulle det vore lakka på toppen?
Tripptrappstolane er også nymåla. :) Ein grøn og ein blå. Herleg! No går det i grøn-blå-turkise nyansar i heimen her, og eg er fornøgd! - men ikkje heilt ferdig enno.. Tusen takk til Karen Klarbæk for masse inspirasjon!! Eg har ein slags mistanke om at det er ho som står bak fargane på ulike, nydelige produkt frå Søstrene Grene... ;) 
Ho står bak enormt mange gode idèar på bloggen sin også!

Fleire glimt frå hus, heim og kreaprosjekt kjem etterkvart! No skal den nye plassen min i kjøkkenkroken innviast ganske snart, trur eg..! Og forresten - såååå glad for koselege kommentarar! Takk!

Fargekodane til stolane vart etterlyst, så dei kjem her:
Vi fann ein mugge frå Ikea og ei skål frå Søstrene Grene i nyansar vi likte,
og i malebutikken brukte dei eit apparat som kunne gi riktig oppskrift på fargen. Genialt!!
Det vart ingen enkel fargekode av det, men på etiketten på boksen står resepten:
Den grønne: B-base, BV009 GI010 SV009,5 (009 1/2)
Den blå: Hvit-base, BS008 FS003,5 (003 1/2) SV009,5 (009 1/2)
(Vart dette forståeleg? Får ikkje til å skrive 1/2 med små teikn, 
men det er eigentleg det som står, og ikkje -,5!)

Ønskar deg ei fin og god veke!

tirsdag 5. juli 2011

Bryllaupsgåveidè

I dag er ein slappfiskdag i denne heimen. Sommarforkjølelsen er verkeleg over oss og under oss og rundt oss og inni oss... Og medan Lillebror tar ein forhåpentlegvis laaang (dvs minst 45 minutt!) formiddagsdupp, ser Storesøster film om Den Lille Moldvarpen på tv. Herleg, nostalgisk lyd å ha i bakgrunnen! 
 Eg har tidligare skrive om Moldvarpen HER!
Ser du kva eg har bilder av denne gongen? Hihi...det er ein by eg ganske nettopp har vore i.. 
Dette er altså eit kunstverk, som eg har fått tak i hos Studio KMO på Etsy.

Då vi skulle i bryllaup i Paris hadde eg så lyst å gi brudeparet ei gåve som betydde mykje, utan at den nødvendigvis skulle vere veldig kostbar. Mannen var fotograf i bryllaupet, og eg syns vel eigentleg at det i seg sjølv er ei fin gåve.. Men vi ville jo gi noko anna også, og då dei fekk bildet i handa her ein kveld, viste det seg at det var ein suksess! Eg kjenner knapt nok paret, og visste rett og slett ikkje kva slags stil dei har. Mannen kunne av ein eller annan grunn heller ikkje utdjupe dette så godt for meg... Hæ? Så då vi kom over dette bildet meinte vi at det måtte jo bli bra. Det vil jo skifte uttrykk etter kva slags ramme du vil ha på det, og det vil vere eit minne om ein flott dag. Og eg tok meg til og med den friheita å feste på eit bittelite raudt hjarte der sjølve festen vart halden.. Romantisk og fint og ei super bryllaupsgåve!

Om du har sterke minner knytta til ein spesiell by, hadde det vel kjekt å ha eit slikt kunstverk på veggen frå den byen? Ta ein titt innom butikken og sjå kva du finn! Kanskje er din eller dykkar by der også? :)

No skal det bli kaffe og sjokoladebit på meg og mormor, og sikkert på Storesøster også.. ;)
Ha ein fin dag!

fredag 10. juni 2011

Latmannsliv...?

For ein deilig fredagsettermiddag! Sola har gjort verandaen til ein supervarm plass å vere, 
selskapet har vore kjempekoseleg og maten fortreffeleg! 
Og no er fredagspizzaen fortært og favorittdetektimen ventar... :) 
Dagens muffinsoppskrift fann eg hos Pickles, 
og dei er rett og slett kalla Latmannsskolebrød. Så enkelt og så godt!! 
Her er den servert i ein av favorittkoppane mine, som eg ønskar meg fleire av. Nydelege!
Den knallrosa melaminkoppen frå Søstrene Grene er populær hos Storesøster, 
og den matchande servietten frå same staden er jo også sommarleg og frisk! 
Sola kjem inn stovevindua til seint, seint på kvelden, og det er så lyst og godt her! 
Lupinane plukka eg på dagens lille trilletur, og den lyseblå muggen frå Ikea passa perfekt. 

Eg er ingen interiørbloggar, men kunne ikkje dy meg i kveld. 
No skal kvelden nytast med kjekke mannen!
Ønskar deg ei fortreffeleg helg!

fredag 8. april 2011

Puteglede!

Det er fascinerande kor mykje tilfredsstillelse ein kan få av å sy noko ein blir fornøgd med!
Denne puta satt eg og streva med i går kveld, og eg er så utruleg fornøgd med resultatet!
Ja, eg kunne nesten tenke meg å ha den i sofaen, men mannen syns den var litt for fargerik...
- eg trur han meinte barnsleg...hihi! Men vi har jo nokre barnehjørne i stova vår også, 
så eg skal nok få kikka på den litt innimellom uansett! :)
På dette bildet prydar puta vogga som morfar har laga, og der LilleSommer også ligg og ventar på varmare dagar og deilige trilleturar. I dag har eg nesten haustfornemmelsar, med fyr i peisen, vinden susande rundt huset og kaldt regn som slår mot vindua... Snøen er heller ikkje borte frå hagen enno, men dette ruskeveret kan kanskje hjelpe på det? Uansett, det eg skulle fram til var at det var faktisk ganske mørkt i stova mi i dag. Det blir liksom ikkje heilt lyst når det er sånt pyton vèr! I tillegg har Lillebror bestemt at dette er den store skrikedagen, og eg har absolutt ikkje lyst ut på trilletur.. Nei, då får han heller sovne til puppen! Og så kan eg sitte og glo på alle dei fine sikksakkbanda, stoffa og tinga som ligg framme...og planlegge og drøyme om alt eg vil lage! No er eg igang, altså! ;)
Litt om puta: Den har konvoluttopning bak, og både det gule og det blå stoffet er frå Stoff og stil. Eg har berre små restar att av det blå no, som er ein favoritt som ikkje produserast meir. I fjor var Lille så snill at ho sendte meg nokre meter frå Kristiansand. Det er eg jammen glad for enno!! :) Bildet på puta er klipt frå eit stoff eg fekk av systra mi i bursdagsgåve. Det er såå fint! Verkeleg til å bli glad av! :) Eg har berre ein liten bit, så det skal jammen brukast med omhu. Og planane er som vanleg mange. ;) Ser du forresten den fine kanten rundt puta? Det er sikksakkband i ein variant du snart kan finne på Epla. Må berre ordne litt først.. ;)
Men enn så lenge fins det 16 ulike fargar i ein smalare (5 mm) variant i butikken min, altså!

Hugs å bli med i blogglotteriet, da!

torsdag 24. februar 2011

Vil du sjå stova mi?

No er eg visst blitt bittelitt interiørbloggar.. :) Håpar du likar det!
Vil vise fram nokre glimt frå stova mi, som eg er så glad i. Den er ganske stor, har deilige store vindauge, og har mange ulike krokar til forskjellige behov. Om du vil kan du sjå den bursdagspynta i dette innlegget frå i haust. I dag kunne eg ikkje ta bilde med vidvinkel, for då må liksom heile stova vere presentabel.. 
Nei, det passa betre med utvalde hjørner..hihi!

På det øverste bildet ser du det gamle pianoet vi er så heldige å få passe på. Og oppå det står Storesøster sin globus og familiebildet ho teikna i helga. Herlege, herlege bildet! Vimplane vart laga til ein bursdag, 
men dei får lov å henge. Dei har så glade fargar!

På bildet under ser de kosekroken vår. Der har vi ein pall frå Bolia, med puter frå Indiska og Ikea. Skjenken er arvegods og den raude Hoptimisten ei barselgåve til Lillebror. Dette er ein herleg krok for ei god bok!
Møblane flyttast gjerne litt på, og no har den turkise sofaen fått flytte frå sin faste plass ved vinduet og inntil stovebordet. Det er forresten eit teakbord som pappa hadde på hybelen sin då han var student.. Kjekt!
I går var sofaen full av gode venninner, og det er noko av det beste eg veit! 
No lar eg den stå slik litt, og så får vi kanskje fleire gjestar i nær framtid?
Den fine vogga som morfar laga til Storesøster har komt ned frå loftet. No har eg lagt oppi ein kjempefin og deiligdeilig pose frå LilleLille. Dei har mykje anna fint også, så ta ein titt!

Fantastisk deilig med sol!!
Ønskar deg ein strålande dag!

tirsdag 22. februar 2011

Nydeleg dåpsdag!

Vår skjønne, gode Lillebror vart døypt i helga, og det var så fint!
På dette bildet ser de meg i min fine silkekjole frå Noa Noa, og Lillebror i den nydelege dåpskjolen vår.
Denne kjolen har både eg, søskena mine og fleire i slekta blitt døypt i, og sist var det Storesøster som hadde den på. Mi grandtante har brodert inn namna og dåpsdatoen til alle som har brukt den, og eg syns det er så fint. Det er noko spesielt med eit slikt plagg, brukt berre ved desse høgtidelege høva, og brukt av fleire generasjonar. Ein heilt skjønn bomullskjole, ganske enkel, men med nokre søte blonder. 
Lurer på korleis dåpsdagen har vore desse andre gongane den har vore i bruk?
Lurer på kor forskjellige liv den har vore ein del av?
For meg rommar den så mykje! :)

Og eg, eg lid jo av vanskeleg-å-bestemme-seg-syndromet, og hadde med to fargar sløyfe i kyrkja... 
Som de ser endte eg opp med eit fløyelsband i ein slags petrolblå farge. Perfekt!
Vi kom jo hastande til kyrkja litt seint, og superstressa var vi også. Eg kan kanskje skulde på ammetåke og mykje styr, men eg kunne altså ikkje finne nøkkelen til selskapslokalet... Den låg jo klar kvelden før, men denne morgonen var den heilt borte! Oioioi, for eit kaos! Eg endevendte huset på veg ut døra, men til ingen nytte. Kva skulle vi gjere no? Rett etter kyrkja skulle 25 gjestar og eit cateringbyrå møtast ved dette lokalet, men eg hadde rota bort nøkkelen!! Og Lillebror bæsja då vi skulle gå heimanfrå, og i det vi hadde stilt oss opp til å gå inn i prosesjon i kyrkja... Jaja, så fekk vi snike i køen og vere først i dåpsrekkefølgen. Og eg sneik meg ut for å skifte bleie, og då eg kom tilbake var det mannen sin tur å snike seg ut...han måtte skaffe nøkkel... ;)
Vi fekk lånt ein ekstra nøkkel. Og den originale nøkkelen dukka også opp. 
Eg hadde lagt den på ein lur plass...oppi korga med teen min... ;) 
Lokalet var enkelt pynta, men så fint det vart! Vi leigde barnehagen, og den er jo heilt super! Kjempegod atmosfære i bygget, nydeleg, nytt, romsleg, barnevennleg...Åh, så fornøgd eg er med dette valget!

I utgangspunktet hadde eg kjøpt papirduk, for det er jo praktisk..men fysj så utriveleg det er!
Dermed vart det nokre meter frå Stoff og stil i staden, og papirduk berre på barnebordet. Barna hadde jo også fått kvar sin pose med fargestiftar, klistremerker og litt anna i, og storkosa seg på eige bord. Seks barn mellom tre og åtte år kunne fort blitt kaos, men dei oppførte seg eksemplarisk, og eg trur det var fint å ha eige bord. Serviettane er Guro-style, med masse ulike serviettar i ulike blåtonar. 
Og raust med tulipanar i friske, vårlege fargar var så flott! Herleg!
Hovedpersonen kosa seg heile dagen. Gjekk frå fang til fang, smilte og var fornøgd. Deilig!
Og mammaen? Ho kosa seg også! Kjempekjekt med masse familie og nokre gode venner, mengder av god mat og eit stort sunnmørsk kakebord...Ja, for eg er jo Sunnmøring! Og lurer du på kva eit sunnmørsk kakebord betyr? Hehe..då bereknar ein vel omtrent ei halv kake per person, trur eg... ;)

Takk til mannen som knipsa nokre bilder...eg kjem ikkje på å bruke kamera slike gongar!
Og takk til dei som sender meg fine bilder frå dåpsdagen... ;)

No skal huset gjerast klart til strikkeklubb med gode venninner og deilige kakerestar... :)
Ha ein flott kveld, du også!

onsdag 2. februar 2011

Sol ute - sol inne

Kjenner du denne songen?
Sol ute, sol inne,
sol i hjertet, sol i sinnet,
sol, bare sol!
Det er nesten fascinerande å kjenne korleis sola virkar!
Når sola skin inn i stova mi, då blir stova såå mykje finare! 
Og barna blir skjønnare, kroppen roligare, hjertet varmt, humøret lyst...
Sjølv om natta var slitsom (og nei, eg skal ikkje bruke bloggen til klagemur i dag igjen!)
så ser alt så greit ut i solskinn! Og det heile toppast med deilig kaffe latte og skulebolle til lunsjdessert..
Ein halvdød orkidè står i lyset og tar til seg all energi den kan få, og eg har pynta den litt, 
for slike restar er ikkje alltid så vakre. Men med ein liten fugl på ei stang er den heilt skjønn!
Strikketøyet ligg på vent, men det hastar heller ikkje... I fjor begynte eg på ei heilt nyyydeleg jakke i perlestrikk, men den vart liggande...eg likar jo ikkje spesielt godt å strikke rett-vrang, og då vart perlene eit lite mareritt.. No, med rettstrikk, veks genseren heilt av seg sjølv medan eg ser på tv! Men eg er spent på om eg får den til denne gongen, for eg har enno ikkje funne noko mønster. Forslag, kanskje? 
Strikkar med Gjestal Bris, som er ull/soya og supermjukt!

Dagens ord:
Det ordnar seg, veit du! ;)

fredag 7. januar 2011

Deilig fredag

Dette er ein utruleg deilig fredag! Og eg er så glad for at eg veit å sette pris på den!
Kjenner at mulighetene er mange, sjølv om klokka alt er langt på dag.
Skal eg bli heime og pusle med noko?
Skal eg trille tur ute? Eller kanskje til byen?

Ein ting er i alle fall sikkert, i dag skal eg rydde bort dei små restane av jul som enno er i huset mitt.
Vi hadde jo ikkje så veldig mykje julepynt framme, i og med at eg skiller mellom advent- og julepynt, og vi var bortreist heile jula... Men litt er det, og det er deilig å rydde det bort. Det blir nesten som ein ny start!
Og særleg no når sola skin rett inn i stova mi, så får eg så lyst til å forandre på ting! Flytte litt på den, rydde litt der, kaste litt rot... Men det blir nok med tanken..hihi! Heldigvis søv Lillebror akkurat no, og det gjer så godt for oss begge! Ein kopp te og ei lita pepperkake, kanskje? :)
På gårsdagens bytur med ei utruleg koseleg venninne (takk, Johanne!), fekk eg bytta nokre julegåver, og eg satt mellom anna tilbake med denne herlege lysestaken. :) Ein lysestake er jo ikkje noko eg berre går og kjøper meg i tide og utide, så det var heilt perfekt! Har ønska meg ein lenge! -og soppane er vel obligatoriske... Nesten så ein blir lei soppar og ugler i bloggland, men det er jo ein grunn til at det er så populært! Superfine!! :) (Jaja, Lillebror, då var den duppen over... Så mykje rakk eg! Hihi..)

Ha ein deilig fredag, du også!

tirsdag 7. desember 2010

Herleg magasin!

Via bareWUNDERBAR kom eg over dette magasinet, som heiter


Eg syns det var så fint! Utruleg mange flotte bilder, fine reportasjar, kjempebra tips til ulike nettsider og mykje meir. Anbefalar verkeleg ein kikk innom! Klikk på namnet så kjem du dit!

Gir deg eit lite bilderas, så du veit litt om kva du kan vente deg...
Og så kjøper eg meg litt tid til pepperkakebaking, amming, bæring og besøk i dag. ;)
Storesøster har tatt ein fridag, og vi skal kose oss masse! :)
Ønskar deg også ein flott dag!




Herleg, eller?


blogger template by lovebird