Viser innlegg med etiketten forkle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten forkle. Vis alle innlegg

onsdag 13. januar 2010

Bursdagsforkle...


Endeleg fekk eg brukt symaskina litt igjen! Den står stadig framme på kjøkkenbordet og freistar, men det er så mykje eg skal ha gjort heile tida! I dag har eg faktisk vore på trening, og er ganske fornøgd med å ha tatt meg sjølv i nakken og komt meg i veg.... Vanngym er ikkje berre slitsomt, men også utruleg varmt og godt og deilig! Og så skulle eg berre sjå noko spennande på tv, og SÅ kunne eg omsider sette meg til å sy. :)

Lille A skal i 4-årsdag i morgon, og sidan eg ikkje rakk nokon bytur i dag, måtte eg vere litt kreativ i forhold til gave. Trur vi er einige om at bursdagsbarnet blir fornøgd. :) Eg fann fram favoritt-soppstoffet, pompongar og ulike band, og så var det berre å sette det saman på ein herleg fargerik, jentete måte.

Det stoffet er det forresten Karen Klarbæk som har designa, og det finns (som så mange andre fine stoff ho lagar) å få kjøpt på Stoff og stil. Karen har ein inspirerande og fin blogg, og ho er så raus! Ho deler villig på erfaringar og idèar, og eg anbefaler verkeleg ein tur innom:


No skal eg ta natta, for i morgon ventar ein ny, innhaldsrik dag... Berre eit lite spørsmål til slutt:
Når Lille A er i bursdag i to timar i morgon ettermiddag vil eg gjere ein av desse tinga, men greier ikkje å bestemme meg... Kva ville du valgt?
A - reist heim og jobba effektivt for å få unna helgevasken, slik at fredag blir kos?
B - reist til byen og shoppa effektivt på salg, slik at slepp det på laurdag?
C - tatt med Mannen til byen, shoppa litt og gått på cafè i fred og ro?

God natt!

søndag 23. august 2009

Eit strålande forkle

Eg fann eit sommarleg, herleg stripete stoff på Åhlèns, og med litt kanteband og rosa pompongar har det blitt eit forkle til å bli glad av!

Lille A ville med ein gong ha det, og likte ikkje lenger Pippi-forkledet som ho fekk for ei stund sidan. Eg kan jo eigentleg forstå det, for dette forkledet har eg også lyst på... Kanskje eg har stoff (og ikkje minst pompongar) nok til å lage det i voksenstorleik? Hihi...ca str 3-6 år er i alle fall litt lite...

Forkledet er til salgs for 120 kr.

Ellers kan eg jo fortelle at denne søndagen har vore kjempefin, med markatur og impulsmiddagsgjestar og kos! Herleg!

søndag 2. august 2009

Meir Pippi

Beklager kvaliteten på dette bildet, men eg ville bruke det uansett... Det er nemlig eit fint Pippistoff frå Åhlèns, som eg laga forkle av. Det var meininga å legge det til side, slik at Lille A kunne få det ved eit passande høve, men ho fann det alt før frukost dagen etter.
Åh, sjå det er Pippi! Til meg!!!?


Dersom nokon er interessert i forkle, så har eg mange fine stoff som eg kan sy dei av... ;)


blogger template by lovebird