Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg

onsdag 12. februar 2014

Fart i symaskina

Endeleg fart i symaskina! Store, fine Anna mi fekk seg ny genser, eller tunika om du vil. Stoffet fall ho pladask for, då eg opna pakken med stoff eg bestilte frå Bloome.dk. Deilig, mjuk jersey i lekre fargar! No ventar metervis med andre innbydande stoff, og eg har fått sjølvtilliten eg trengte. Det er så kjekt å sy når mottakaren blir såå glad! Oppskrifta er frå Ottobre 1/2014.

I bakgrunnen skimtast (eh..eg fekk ikkje til å trylle det bort i redigeringsprogrammet, dessverre…) stovegolvet på ein heilt alminneleg kvardag. Ikkje mindre enn fire store bilar av ulike slag sneik seg med på bildet. Men dette er i favorittleikekroken, nesten under spisebordet, ved dei store, lave stovevindua der lyset er heilt utruleg godt! Så då kan resten av stovegolvet vere ganske leikefritt, og eg kan vende ryggen til rotet og late som det ikkje er så ille… ;) 
I ein annan krok, med vindu i fleire retningar, står den store, stygge og veldig behagelege stolen. Det er ein deilig, deilig lesekrok, og eg frydar meg over at det ikkje berre er eg som blir hekta på bøker… Rett frå skulen og inn i stolen, fordi ho berre måå lese litt meir i den spennande boka. Slikt blir ei leseglad mamma fornøgd med! Sjølv var eg innom ein bokhandel i går etter fysio, og kjøpte Et helt halvt år av Jojo Moyes. Eg la den spent i veska, rusla vidare til Kaffebrenneriet, kjøpte kaffe og scones og sette meg UTE med eit teppe over beina og sola i fjeset. Love it!! Midt i gågata i Trondheim, midt i februar og berre heilt perfekt sitte-ute-på-cafè-og-lese-bok-vèr! Og boka må eg verkeleg anbefale! Eg måtte tvinge meg sjølv til å legge den bort seint i går kveld, berre fordi eg ikkje ville bruke den opp på berre ein dag. Ja, og dessutan var det nok også leggetid for lengst… No skal eg straks krype opp i godstolen med ein god kopp kaffe og boka mi igjen. Luksus!

Ønskar deg ein fortreffeleg onsdag!

mandag 30. juli 2012

Sommarkjole

Storesøster fekk ny kjole før ferien, og den likar vi godt! Har endeleg kjøpt Meedom-bøkene, og kan ikkje forstå kvifor eg ikkje har gjort det tidligare. Så enkle og fine oppskrifter! Du finn dei her! Stoffet er frå Stoff og stil, og passar perfekt til den bringebærraude buksa Storesøster likar så godt. Men vi har vore heldige, og har ikkje trengt bukse under så mange dagar denne sommaren! ;) 

Eg vart veldig fornøgd med detaljen i nederkant av kjolen. Eit lyserosa sikksakkband er lagt i kanten, og stikk fram som ei fin avslutning. Flinke Grønn lærte meg korleis eg skulle gjere kanten fin ved hjelp av kanteband på innsida, og det var jo kjempelurt! Det ser verkeleg fint og forseggjort ut med det samme. Kanskje eg viser framgangsmåten her seinare, om det er fleire som er interesserte i slike lure triks? :)
Det er ikkje alltid store jenter vil bli tatt bilde av. Men mammaene likar å ta bilder av dei store jentene sine likevel. Fine, flinke, gode, store jenta mi! :) 

Ha ein fortreffeleg kveld!

mandag 9. januar 2012

Lille Lea

Det er på tide å introdusere ein liten venn som flytta inn til oss i jula... Ho heiter Lea, og eg presenterer meg sjølv som mormora, for her er det nære band, må du vite! ;) Denne hausten gjekk eg på dukkesykurs, og resultatet vart denne mjuke, varme, gode dukka, som eg skulle selge på barnehagens julemarknad. Eg gjekk med hjartet i halsen og augene på stilk i nokre timar, heilt til eg bestemte meg for at henne måtte eg kjøpe sjølv! :) Åh, så glad eg vart!
Til jul pakka eg henne fint inn, og eg fann til og med nokre knallfine, bittesmå babyklær frå då Storesyster var bittebitteliten baby, og så vart ho lagt under juletreet. Gleda var stor då Storesyster opna pakken frå mamma og pappa, og fine dukka låg inni! På bildet har dukka på seg lua Storesyster si mormor strikka til henne då ho låg i kuvøsa og var knapt ein kilo stor, og så har Lea vest, kjole og truse som eg har laga. Og sjølv om trusa vart utruleg søt, så viser vi ikkje fram trusene på bloggen, gjer vi vel..? ;) Om du vil sjå det første innlegget eg laga om dukka, finn du det her.

Dukka er fylt med ull, så ho kjennast alltid varm ut, og ho er mjuk og god. Ofte får ho vere med i senga, eller så ligg ho til pynt i stova. Ho er så fin! ;) Og i ein pose i ei skuff ligg systra hennar, som eg skal fullføre i løpet av vinteren ein gong. Og når det er gjort skal eg prøve meg på Tusindfryddukkene! Har du vore inn på Tusindfryd sin blogg? Det vrimlar av fine, kreative ting og tang der, og det er masse inspirasjon å hente! :) Før jul fekk eg også tak i boka ho nettopp har gitt ut, og den kan du sjå nærmare på her.
Lille Lea har lagt seg, og det har resten av familien også. No er det min tur! -men tenk at det skal vere så skrekkeleg vanskeleg å komme i seng tidleg... Eg nyt seine kveldar med ro og fred i huset, men det er jammen deilig å ligge i senga si også! Dilemma... :)

Ønskar deg ei riktig god natt og ein deilig dag i morgon!

søndag 22. mai 2011

Knuffelbeesten!

Eg trur eg har verdas snillaste og skjønnaste søster!
Her ein dag hadde ho funne denne boka på loppis, og dermed fekk eg og Storesøster pakke i posten.
Heldige oss! -og med eit koseleg, enkelt brev til, med nydeleg loppisglansbilde på. Takk!!
Utruleg mykje inspirasjon i eit lite hefte! Herlege kosedyr i mange ulike variantar, og både store og små.
Heftet er visst ein del av ein hobbyserie, og dette kom ut i 1977. Det er på nederlandsk, men det går bra. 

I dag ville Storesøster så veldig gjerne sy, og vi fann ut at vi skulle prøve oss på noko enkelt frå denne boka.
Ja, faktisk har vi laga to ting i dag, men den andre får eg heller vise fram seinare...
Her kan du sjå den fin-fine fingerdukka vi laga i dag. 
Den er av filt, og vi har brukt både lim og nål og tråd. 
Det er eit samarbeidsprosjekt, altså! Kjempekoseleg! :)
Ønskar deg ein deilig søndagskveld og ei flott, ny veke!
Hugs å bli med på lotteriet mitt! ;)

lørdag 5. mars 2011

Herlege karnevalskostymer!

Eg har funne ei heilt herleg bok med enkle, skjønne og fantastisk fine karnevalskostymer!
Den dagen kom eg strålande fornøgd ut av biblioteket, for eg hadde fått med meg tre flotte, inspirerande bøker. Forhåpentlegvis får eg laga noko også.. ;)

Men i desse karnevalstider var i alle fall denne heilt super, og eg må berre reklamere litt for den!
Den er laga av Emma Hardy, og du kan finne den her. Ho har også laga andre supre bøker, mellom anna denne barnetøyboka og denne herlege sy-med-barn-boka... Knallfine bilder og enkle oppskrifter! :)
Kos deg masse i helga!

lørdag 23. oktober 2010

Fleire godsaker

Når eg er så godt i gang med kosen på kjøkkenet, vil eg berre halde fram med det litt til.
Denne boka har eg ønska meg leeenge, og passande nok har mannen også sansen for
nydelege foto og deilig drikke... Då var dette perfekt bursdagsgåve til han!

Boka er gitt ut av Frelsesarmeen og heiter 
Drikk mer
103 gode grunner

Kald og varm drikke, for store og små!
Du kan sjå etter den på Fretex!

Ha ein strålande laurdag!

søndag 1. august 2010

Oppslukt og svett i hendene...

Illustrasjonsfoto: Flickr

Kan du bli så oppslukt av ei bok at timane flyt umerkeleg forbi, det som skjer rundt deg er uviktig, middagen må berre etast for å komme tilbake til boka, barn må vere stille og legge seg i riktig tid etc...?

Eg har akkurat fullført litt over 600 grufullt spennande sider på omtrent to døgn. Dvs lite strikking og altfor lite kos med veslejenta! Men boka var frykteleg heilt frå begynnelsen, og eg innsåg at eg ikkje hadde lyst til å lese dette. Eg som har så altfor god forestillingsevne. Eg som drøymer om alt muleg rart. Eg som alt er nok husredd og mørkeredd. Likevel greidde eg ikkje å la vere! Eg måtte berre vite korleis det gjekk, og les heldigvis så raskt at det ikkje vart seigpining for meg...

No håpar eg koselege Poirot skal viske ut hardbarka Harry Hole. :)

Håpr du har hatt ein god søndag!

tirsdag 6. juli 2010

Alltid redo att dö för mitt barn

Har du nokon gong kjent deg som ei monstermamma?
Eller kanskje ein smule overbeskyttande? 
Eller har du nokon gong kjent på frustrasjonen over alle som skal meine noko om deg og ditt barn?
Eller lurer du på korleis den enormt store kjærleiken kan teiknast?

Joanne Rubin Dranger har gitt ut ei bok som heiter 
Alltid redo att dö för mitt barn.
Du kan kjøpe den her!

Eg ville finne nokre bilder å vise fram, og endte visst opp med illustrasjonar knytta opp til foreldres dobbeltmoral og frustrasjonar... Veit ikkje kvifor, for eg og Lille A er verkeleg bestevennar om dagen, og det er lite frustrasjon å finne - men dobbeltmoral? Hehe...
I alle fall, her er nokre glimt frå boka:
(...) visst kan du äta lika fint som de andra barnen! Visa mej att du kan det nu!
(...) Lilla, man måste inte vara som alla andra! Kom ihåg det!

Åh...denne trur eg er tyyypisk! 
Kjenner du deg att, kanskje?

Schizofrent föräldraskap

Denne er også gjenkjenneleg... 
Merkeleg korleis tolmodet kan ta slutt så brått på ettermiddagen!

Jag vet ju att ni inte tycker om sånt här
men ni kommer ju inte kunna styra henne iallafall!
Utruleg, frykteleg og skrekkeleg irriterande
for bevisste foreldre som har reflektert over ting....! ;)

Vil verkeleg anbefale bøkene hennar!!
Teikningane seier så utruleg mykje, både enkeltvis og som forteljing.

Kos deg med ei god bok i kveld!

torsdag 1. juli 2010

Herlege sybøker og ei lita utfordring

Herlege, inspirerande bøker datt ned i postkassa mi for ei stund sidan.
Eg såg dei hos Borghildpia, og gjekk sporenstreks inn på Capris og bestilte dei. 
Så gøy!

Det var særleg Sewing for children (bilder til høgre) som fall i smak, 
og Lille A skal nok bli super med synåla etterkvart!
Eg likte også Making childrens clothes (bilder til venstre), 
med steg-for-steg-forklaringar og fine bilder.
 I tillegg til at eg no har store mengder med sydraumar og inspirasjon, stoff og utstyr liggande, vil eg først gjere noko eg har tenkt på lenge! ;) Har nemleg fått ein award av SuperLille og ei utfordring av Vannhull, og slår oppgåvene saman i ein smekk...
 Eg takkar og bukkar, og kjem her med nokre positive fakta om meg sjølv:
  1. Eg er evig optimist, og har verkeleg trua på at alt kjem til å ordne seg! -særleg for snille jenter! Hihi...
  2. Eg er kreativ og har mange (gode) idèar, men må innrømme at eg er ikkje typen som er god på å avslutte prosjekt...heller ein oppstartar! Men det er jo viktig at vi har ulike roller, ikkje sant?
  3. Eg er stort sett blid og omgjengeleg, og pratar med folk eg møter på min veg. I butikken kan det vere hyggeleg å slå av nokre ord med folk, men på busstoppen gjer ein altså ikkje det... Hihi! Lurer på om det kan vere fordi ein ikkje har nokon rømningsveg når ein står på ein busstopp? Ein skal jo til og med inn i samme, vesle bussen..
  4. Eg er utruleg fascinert av barn (særleg dei minste), og storkosar meg med å sjå alt det dei kan! Dei kan så utruleg mykje meir enn det folk flest trur!!
  5. Eg er ganske god til å lage mat, og kosar meg med å prøve meg fram på kjøkkenet. Neida, det er ikkje alltid det blir like vellukka, men så lærte eg kanskje litt av det?
  6. Eg elskar å ha besøk, og syns det er kjempekjekt når vennar og kjente finn seg til rette i heimen min. Trur eg er ein ganske enkel gjest sjølv, og syns det er stor stas med gjestar som slappar av, finn det dei vil ha og ikkje bryr seg om det er litt rotete i krokane...(for det er det dessverre som oftast her, sjølv om eg gjerne vil gjere det fint for besøket mitt!)
Heilt til slutt er eg oppfordra til å vise eit favorittbilde, og veit ikkje heilt om det skulle vere av meg sjølv eller eit som eg har tatt...Velger det siste, for eg likar trass alt å vere litt anonym på den store verdensveven..
Ein vårleg favoritt! Utruleg fornøgd med dette bildet, kor lyset nesten kjem gjennom den vakre tulipanen!
Sender utfordringa vidare til dei som vil ha den, med ei oppfordring om å vise litt kven dei er! :)

Ha ein strålande dag!

fredag 11. juni 2010

Bokklubb? Ja, takk!

Ei rask oppdatering av bloggen i dag... Må berre fortelje om ein utruleg deilig start på dagen! Eg stakk nemleg innom postkontoret etter å ha fulgt Lille A i barnehagen, og der gjorde eg ikkje mindre enn TO kjekke ting! I går kom det nemleg ei ny bestilling på Epla, og det gjer meg alltid like glad og stolt og fornøgd! Så i dag fekk eg sendt eit putetrekk i posten, samtidig som eg fekk henta ein stoor pakke til meg sjølv!

Vel heime sette eg meg tilrette i den gode, gamle stolen vi har arva av mannens farmor, sjølvsagt ute på trappa, og med deilig iskaffe attåt.. :) Inni pakken fann eg dette! Tre tjukke, gode bøker og ei nyyydeleg Mariskål! Ja, eg veit enno ikkje om bøkene er gode, men det trur eg nok at dei er.. Eg skal finne det ut i løpet av sommaren! Eg likar bokklubbar!
Dette er i alle fall mitt nye samleobjekt! Herved utpekt som favorittskål! 
-og eg får lyst på dessert med det samme!!

Ønskar deg ein strålande dag og ei deilig helg!

tirsdag 11. mai 2010

Kjempeinspirasjon!

Gjett om eg jubla då Lille A kom inn med posten her om dagen!
Eg vart sååå glad!
Har du høyrt om boka Myk start? Eller bloggen?

Fotografen og handarbeidsdama May står bak nokre herlege bøker, og den nyaste, som heiter Sikksakk, ville ho gi bort til meg. Eg hadde alt bladd i den hos ei venninne, og hadde konkludert med at dette var ei vakker og inspirerande bok! Stor var difor gleda då eg fekk den, og kunne bla meir i den. Eg kan bla og bla og bla, for bilda er så skjønne, oppskriftene så lettfattelege, fine og morsomme, og eg finn mengder av inspirasjon!

Sjølv om eg ikkje er så veldig opptatt av (eller flink til) å følge oppskrifter, så var det god hjelp å hente her, og eg har alt sydd ei bukse til Lille A med mønster herifrå som basis.
I går kveld hadde vi strikking her hos meg. Då samlast vi nokre venninner for å skravle, ete og (ja, faktisk!) strikke! Men er det fleire som kjenner at strikkelysta forsvinn litt etterkvart som våren kjem fram? Eg har i alle fall pakka bort det siste, håplause strikkeprosjektet mitt, og lagde hårspenner i staden. Og medan ei hekla, teikna ei anna mønster til barnekjole...og ALLE likte vi Sikksakk like godt!

Ser desserten god ut, syns du? Mmmm....eg fann jordbær på butikken, og bestemte meg for at eg ville lage noko med jordbær og krem, men det måtte vere både søtt og friskt, og jordbæra var jo ganske belgiske og kjedelege...hihi! Resultatet er ei blanding av piska krem, melonyoghurt, non stop, jordbær og knuste pikekyss, og med banan og anna godt på toppen! Suksess!

Hugs at no nærmar det seg trekning av give away!

fredag 19. mars 2010

Nostalgisk sy- og strikkebok!

Fredagskveld. Deilige, deilige fredagskvelden!
Eg skal kose meg i sofaen med gullrekka, pizza og fyr på peisen.

Er det nokon som kjenner att denne boka? Eg såg deg i eit innlegg hos Den gode feen, og kjente den igjen med det samme... Denne måtte vi vel ha hatt heime då eg var lita? Mi mamme var formingslærar og iherdig strikkar, syar og vevar, og vi hadde mykje heimelaga klede. Kanskje var ikkje det alltid det kjekkaste, men no i ettertid er eg sååå glad for det! Eg trur absolutt det har vore med å forme meg! I alle fall måtte eg ringe mamma, og sendte ho linken til bileta. Joda, denne kjente ho, og det tok ikkje lang tid før ho greidde å finne den fram til meg. Så no har eg den til låns på ubestemt (evig?) tid!
No er ikkje mamma like ivrig forminsdame lenger, sjølv om ho i det siste har begynt å strikke igjen. Vi lo litt då ho laga leggingsar til Lille A, for som ho sa det sjølv: "Eg plukka opp tråden der eg slapp på 80-talet..." Bokstaveleg talt, nesten...hihi! ;) Og forresten, leggingsane er utruleg populære hos 4-åringen!
 Litt dårlege bilder, med de ser kanskje likevel? Alle bileta er henta frå boka 
Barneklær og kosedyr (1982).
Eg fall pladask for denne varme grå jakka i perlestrikk, og det antrekket var jo som tatt ut av ei reklame for ny, dansk barnekledesign! 

Snart er det påske, og medan andre gler seg til skitur og svett matpakke, gler eg meg til kos i solveggen, strikking og gode bøker... Akkurat no er det riktignok vanskeleg å sjå for seg at den store vårkjensla skal komme, for det kom enorme mengder snø forrige helg, og no er det regn og skodde i massevis.

Ønskar deg ei fortreffeleg helg!

fredag 19. februar 2010

Den lille muldvarpen

 
Eg er så glad i muldvarpen!
Bileta er heilt nydelege, enkle og inspirerande.
Desse bileta er henta frå boka
Den lille muldvarpen på eventyr
som vi fekk i bokklubben i haust.

Om du likar muldvarpen like godt som meg, vil du også like denne filmen...

Klem frå Guro

tirsdag 2. februar 2010

Forelska i Blåmann...

 
Eg må nesten fortsette temaet frå forrige innlegg. For i dag såg eg kva som er neste hovudbok i Blåmann barnebokklubb, og det er boka Forelska av Rébecca Dautremer. Ho er utdanna grafikar og illustratør med ei rekkje vakre biletbokprosjekt bak seg før ho begynte å skrive sine eigne. Forelska! vann den franske Prix Sorcière då den kom ut i 2003. (Kjelde: Blåmann Barnebokklubb)
 
Dette er forresten ein veldig flott bokklubb! Den har barnebøker for små og store barn, og alle er på nynorsk. Mange fiiine bøker! Eg er opptatt av god litteratur for barn - det er ikkje kva som helst som går gjennom nålauget her i huset, og eg er jo sjølvsagt også tilhenger av å ta vare på det nynorske språket. Barnelitteratur på nynorsk er herleg for nynorskbrukarar, men også for andre!
 
I omtalen av boka står det:
Kva er FORELSKA for noko, lurer Simone. Ho spør alle vennene i barnehagen sin, og alle veit dei litt forskjellig om dette spennande og rare, som finst i eventyra og i kroppen og får gutane til å erte - og gifte seg. Oi!  

Den barnlege og fabulerande utrrykksforma blir formidla både i bileta og i teksten, som er leikent gjendikta til norsk av Tove Bakke.  
Jonas seier forelska er å falle. Plask, pladask, rett ned på nokon! Aslak seier forelska er i eventyra. For prinsar og prinsesser. Og Leah veit det må vere TO for å vere forelska. Eller kanskje tre. Eller fire! Kor mange er best, lurer Simone då. Og er det juks eller verkeleg? 
  
Illustrasjonane er poetiske, leikne og fargerike, med noko eventyrleg over seg. Vakre og rosenraude, men òg med mykje humor. Ei bok det er lett å ... falle for!
Alle bilete og sitat er henta frå Blåmann Barnebokklubb

Barn seier så utruleg mykje gøy! Underfundige små kommentarar om livets små og store mysterium. Eg berre MÅ bli flinkare til å skrive dei ned..! 

Har du fanga opp nokre fine utsagn frå dei små som du vil dele?

lørdag 1. august 2009

Astrid Lindgren

Fantastiske illustrasjonar til nokre Lindgrenfavorittar har fått kvite, fine rammer, og skal opp på veggen på barnerommet. Bilda er postkort som mi skjønne syster har sendt i posten til tantebarnet sitt, og som har blitt mottatt med stor glede av fleire her...


Verdas tøffaste og sterkaste jente heiter Pippi!

Jo, visst kan Lotta sykle!

Emil i Lønneberget
(Heldigvis utan den innmari skumle og frykteleg sinte pappaen sin...)


blogger template by lovebird