Viser innlegg med etiketten iPhone. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten iPhone. Vis alle innlegg

søndag 4. august 2013

Ein passeleg dose idyll, takk!

Dette er verkeleg akkurat så idyllisk som det ser ut. Siste feriedagen. I hagen leikar glade barn. Vi har klossar, klatrestige, dukkestue og hengekøye. Vi har rips, solbær og kirsebær. Vi har vaffeljern og skøyteledning, og vips! så vart det vaflar og is og gode venner på besøk på terrassen og i hagen og på omvisning i nyhuset. Rett og slett ein heilt nydeleg søndag! Så no kan kvardagen berre komme... 

Ønskar deg ei deilig sommarveke!

torsdag 1. august 2013

Nymalt parkett

Å male golv er, tru det eller ei, kjempekjekt! Til og med mannen syns det var gøy, for då ser ein verkeleg fort resultata! :) Ein heilt ok bjørkeparkett, ikkje perfekt på nokon måte, har no fått nokre strøk med Trestjerner i fargen fabrikk. Perfekt. I alle fall nesten. ;)

Eg er klar for fortsettelsen. Fleire golv, takk! Berre synd at lister, tak og veggar også må malast. Og vindu og dører. Og skap. Og stolar og hyller. Og trapp. Joda, eg har litt å sysle med framover. Enn du?

søndag 28. juli 2013

I full sving


No svingar eg kosten dagen lang! Vi har overtatt det nye huset vårt, og malemotivasjonen er enorm. Det er bra, for mengda luta furu er overveldande. Og vi møter stadig nye utfordringar, så allerede etter tre lange arbeidsdagar har tidsskjemaet sprukke. Luta furu er rett og slett ikkje berre lett å ha med og gjere!

Ideane boblar, inspirasjonen er på topp, og bloggelysta kriblar heilt ut i fingertuppane. No gjeld det berre å halde tunga rett i munnen, ha bra fokus og verkeleg stå på nokre dagar. I løpet av kommande veke skal vi nemleg flytte desse to kilometrane til nyhuset, og då må mest mulig vere ferdigmalt først. Det er gøy!!

Ha ein fortreffeleg søndag!

tirsdag 16. april 2013

Brodert mobilcover

Småtteri og pirk og dilldall og skjønnheit... I eit tidligare innlegg har eg vist fram eit mobilcover som verkeleg inspirerte meg. Faktisk inspirerte det meg så mykje at eg straks gjekk i denne butikken og handla det eg trengte for å komme igang (Oj, no var ho nesten utsolgt!). Enno ein ny hobby... Brodering denne gongen. Og heldigvis hadde eg eit knippe brodèrtråd i lekre fargar, som eg ein gong kjøpte inn for å knytte vennskapsband av. Noko eg enno ikkje har brukt dei til, men når eg no kjem på det så får eg litt lyst til å prøve det i kveld... Hmm, vi får sjå kva eg får tid til. ;) Friskt gult mobilcover til min Iphone, og med tråd i gul, lilla-, blå- og grøntonar. Og ein dæsj gull frå mormor si kjøkkenskuff. Frå då eg var med å tømme mormorhuset i påska. Rett og slett ein dæsj gull som sender tankane til mormor på sjukeheimen, og det er ganske fint å ha med! Det minner meg på at det er så mange nye ting som blir enno vakrare om ein tilfører ein dæsj historie. Ein spore til smil, minner og fantasi om kva som har vore og kan komme.
Dette prosjektet er imidlertid ei verkeleg tolmodigheitsprøve! Eg kunne sikkert strikka tre gensrar på den tida eg bruker på denne vesle dingsen. Og eg fryktar nesten at mobilen går ut på dato før det blir ferdig... Heldigvis er det fint sjølv om det er uferdig også! Eg har brodert etter innfallsmetoden, som er min mest vanlege framgangsmåte i mykje av det eg gjer. Det ordnar seg alltid, veit du! ;) Og noko av det som er litt morsomt med dette prosjektet, er all merksemda eg får. Folk stussar verkeleg over kva i all verda eg sit og held på med! Og så får eg så mykje skryt og oppmuntring når dei forstår det, og det er jo kjekt! Men best av alt er det at eg får kose meg med fargesamansetting og geometriske former. Skape noko som er både fint og brukande. Og tenk, heile denne hobbyen får plass i ein liten boks som eg kan ha med overalt! Perfekt å ha i hendene i pausen på jobben, for eksempel! :)
Takk for koselege helsingar på innlegga mine, forresten!
Det er verkeleg ei fryd å vere tilbake i bloggverda igjen!

Nyt kvelden!

torsdag 10. januar 2013

Brodert mobilcover av Søhesten

På jakt etter nytt cover til telefonen min. Vurderte akkurat å kalle den meir enn det, men ga opp. Eg hadde verkeleg aaaldri trudd at eg skulle sette så stor pris på ein telefon. Den er verkeleg viktig i kvardagen min, og det er med skrekk og gru eg tenker på korleis det skal gå den dagen den plutseleg går i svart. Det brukar nemleg mine telefonar å gjere. Om ikkje dei forsvinn først... Men altså, nye mobilcover trengs i ny og ne, og eg verkeleg diggar dette coveret! Ikkje berre er idèen heilt fantastisk, men sjølve utforminga, fargane og formene er heilt nydelege! Vil ha! :) Du kan kikke nærmare på dette hos SØHESTEN, og der kan du også sjå mykje anna fint og kjekt! Om du klikkar på bildet kjem du direkte til innlegget med det broderte coveret. Link with love!

Okay, så tok eg ein bitteliten pause midt i blogginnlegget, heilt utan at du merka det, og fekk bestilt meg eit cover. Eg valgte gult. Og skal grave fram lekre fargar i broderiboksen min, og gjere dette til ein ny hobby. Herleg! :) Du kan sikkert kjøpe slike cover både her og der, men om du går inn på Etsy, kan du berre bruke søkefeltet for å leite fram nesten kva som helst som du treng til prosjekta dine!

Eller kanskje du vil fornye mobilen din på ein annan måte? Her kjem nokre få tips... Det fins tusenvis!




Neste gong velger eg kanskje eit gjennomsiktig cover. Eller eit kvitt igjen? Kjenner idèane strøymer på, og eeelskar den kjensla! Og ja, eg gjennomfører faktisk ganske mange prosjekt, sjølv om det berre er ein brøkdel av alle dei eg planlegg. Og ein brøkdel av dei eg gjennomfører kjem på bloggen. Kanskje eg skal skryte litt igjen snart? Men først skal eg skape. Og sove. Det er natta, men i morgon er det fredag! Igjen!!

Ha ein fortreffeleg fredag!

onsdag 9. mai 2012

Cafèblogging

Storesyster og eg nyt formiddagen i byen. Begge er i perlehumør, lunsj, cupcakes og kaffe er nydeleg godt, og no sit ho og fargelegg minimandalas og nynnar på ein fin melodi, mens mammaen tar inn masse god energi. Måtte berre dele dette.

Ta vare på dei gode stundene!

onsdag 14. desember 2011

Heimedag

Småsjuke barn er slettes ikkje kjekt, men jammen er det koseleg å sitte saman med Storesøster og perle Dronning Fjellrose ein heilt alminneleg onsdag!

Ønskar deg ein god dag!


blogger template by lovebird