Viser innlegg med etiketten diy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten diy. Vis alle innlegg

tirsdag 16. april 2013

Brodert mobilcover

Småtteri og pirk og dilldall og skjønnheit... I eit tidligare innlegg har eg vist fram eit mobilcover som verkeleg inspirerte meg. Faktisk inspirerte det meg så mykje at eg straks gjekk i denne butikken og handla det eg trengte for å komme igang (Oj, no var ho nesten utsolgt!). Enno ein ny hobby... Brodering denne gongen. Og heldigvis hadde eg eit knippe brodèrtråd i lekre fargar, som eg ein gong kjøpte inn for å knytte vennskapsband av. Noko eg enno ikkje har brukt dei til, men når eg no kjem på det så får eg litt lyst til å prøve det i kveld... Hmm, vi får sjå kva eg får tid til. ;) Friskt gult mobilcover til min Iphone, og med tråd i gul, lilla-, blå- og grøntonar. Og ein dæsj gull frå mormor si kjøkkenskuff. Frå då eg var med å tømme mormorhuset i påska. Rett og slett ein dæsj gull som sender tankane til mormor på sjukeheimen, og det er ganske fint å ha med! Det minner meg på at det er så mange nye ting som blir enno vakrare om ein tilfører ein dæsj historie. Ein spore til smil, minner og fantasi om kva som har vore og kan komme.
Dette prosjektet er imidlertid ei verkeleg tolmodigheitsprøve! Eg kunne sikkert strikka tre gensrar på den tida eg bruker på denne vesle dingsen. Og eg fryktar nesten at mobilen går ut på dato før det blir ferdig... Heldigvis er det fint sjølv om det er uferdig også! Eg har brodert etter innfallsmetoden, som er min mest vanlege framgangsmåte i mykje av det eg gjer. Det ordnar seg alltid, veit du! ;) Og noko av det som er litt morsomt med dette prosjektet, er all merksemda eg får. Folk stussar verkeleg over kva i all verda eg sit og held på med! Og så får eg så mykje skryt og oppmuntring når dei forstår det, og det er jo kjekt! Men best av alt er det at eg får kose meg med fargesamansetting og geometriske former. Skape noko som er både fint og brukande. Og tenk, heile denne hobbyen får plass i ein liten boks som eg kan ha med overalt! Perfekt å ha i hendene i pausen på jobben, for eksempel! :)
Takk for koselege helsingar på innlegga mine, forresten!
Det er verkeleg ei fryd å vere tilbake i bloggverda igjen!

Nyt kvelden!

mandag 9. juli 2012

Silkemjuk!

Foto: Paula Deen
Fingrane på tastaturet igjen, for første gong på lang tid. Etter at eg fekk ein iPhone i handa blir pcen brukt berre sporadisk, og det går nok utover blogginga mi. Ein veldig kjekk hobby, som også kan vere tidkrevande. Men eg kosar meg med bloggen, og eg frydar meg over alle kjekke bekjentskapane eg har fått takka vere dette blogglandet. Herlige venninner! :)

Det luktar deilig av sitron her, og hendene er mjuke som silke! Og veit du, det tok berre fem minutt å få dei slik! :) No gler eg meg til neste gong eg går i dusjen, for då skal andre kritiske område få samme behandlinga. Verdas mest klumpete og raude kne skal vere først ute med å teste mirakelskrubben eg kom over via Pinterest. Dette småbarnslivet og barnehagejobben går hardt utover knea mine... Men no er det sommarferie, og vi skal nyyyte fridagane våre! Storesyster med broten arm, men med godt humør og stort pågangsmot, Lillebror med mykje vilje og store smil, mamma og pappa med mykje kjærleik og feriestemning. Det blir bra!

Og forresten, oppskrifta til denne supre saltskrubben finn du her!
God sommar!

søndag 23. oktober 2011

Har du leita i skuffene?

Dette er dagen då det i mange norske heimar blir leita i skuffer, krukker og jakkelommer etter småpengar og store setlar. Dette er dagen då vi gir så det svir. Dette er dagen då alle ventar på at nokon skal ringe på dørklokka. Dette er dagen vi har ein felles plan, eit felles mål og eit felles hjarte.

Eg skal snart skru på tven, finne fram tekoppen og strikketøyet og sjå korleis det har gått. Vi ryddar for livet! Norsk Folkehjelp skal få rydde miner og bomber i massevis! Støtt tv-aksjonen her!

Skuffene mine er forresten godt og fint merka. :) Eg har brukt papir frå Rie Elise Larsen, washitape og ein gammal Dymo frå loppis. Likande tape kan du for eksempel få tak i her eller her.

Oi, eg holdt på å gløyme ein ting. Men det er ikkje så viktig, altså. Det er berre det at eg har skifta header på bloggen, slik at det blir litt lunare og varmare her no når vi er inne i den mørke tida. Så får kvitveisen vente til våren igjen.. ;) Håpar du likar deg her!

Ønskar deg ein fin kveld og ei god veke!

mandag 13. juni 2011

DIY superenkelt strikkepinneetui!

I dag skal eg endeleg få gitt bort ei bursdagsgåve til ei god og skjønn venninne som hadde bursdag for leeenge sidan. Det er nesten litt flaut, men eg har liksom hatt ein plan om å gi henne eit strikkepinneetui, men av ein eller annan grunn har eg ikkje orka å begynne på akkurat det prosjektet. Det virka liksom litt stort, på ein måte... Men eg kan absolutt ikkje forstå det no! Tenk at det skulle vere så lett! Og så gøy! Og så vart det kjempefint også!! :) Kanskje du også har lyst å prøve? Den superenkle varianten? ;)
Først finn du to fine stoffstykker, ca. 50x60 cm... Ja, eg hugsa ikkje å ta mål, men trur dette skal passe. :)
På det eine stoffet stryk du på vlieselin, slik at det blir litt meir hald i det. Då blir ikkje etuiet slaskete, men held fint forma, og eg tenker også at det toler litt meir av spisse pinnar og slikt når det er litt stivare.
Legg stoffa rettside mot rettside og sy rundt. La det stå att ei opning på 6-7cm til å vrenge gjennom.
Dette holet syr du igjen etter at "posen" er vrengt. Så stryk du kantane for å få det pent.
Brett inn ein del av stoffet, slik at det er plass nok til å ha strikkepinnar i oppbretten, men samtidig nok stoff att ovanfor til å brette ned over toppen på strikkepinnane. Kanskje du kan brette inn om lag ein fjerdedel, slik at kanten blir midt på stoffet? Prøv deg fram. Så måler du opp dei små lommene, og teiknar ein strek. Eg laga dei første lommene 3 cm, så auka eg til 4 cm og dei siste til 5 cm...sånn omtrent. ;) Den aller siste lomma er ekstra stor, slik at der er plass til ulike ting. Merk av øverst og nederst og teikn ein rett strek i mellom (med for eksempel ein krittblyant, eller noko anna som ikkje viser så godt). 
Sy ein saum frå brettekanten og til toppen på lomma.
Fest på eit kanteband i ein matchande farge. Eg plukka ut det oransje frå midten av blomstrane, og det vart fiint! Kanskje må noko av kanten syast med sikksakksting før du festar på kantebandet, så blir det litt flatare og lettare å få til. Kantebandet tar eg berre mellom fingrane og held på plass medan eg syr.
Her kan du sjå korleis lommene auka i storleik, og at ei saks kan passe i den største. Praktisk. :)
I enden har eg også festa på navnelappen min og ei silkesnor. 
Snora kan du feste inn under kantebandet, eller feste pent etterpå. :)
Til slutt festa eg på tal for å merke lommene til ulike pinnenummer. Veit ikkje kor lenge dei vil sitte på, men tøft vart det i alle fall! ;) Ein kan også bruke ein merketusj og skrive på for hand, 
eller kva med å brodere tala med korssting..?

Håpar mottakaren blir fornøgd! :)
I dag skal eg vere saman med fem gode venninner heile dagen! Heldige meg!
Vi har lånt ein barnehage, og skal rigge oss til med symaskiner og stoff og lekre band, sybøker, fargar, god mat, deilig te, inspirasjon, motivasjon og skaparglede. Så herleg det skal bli! :)
Eg har litt sydilla om dagen, og frydar meg over alt som blir til!
(Innlegget skreiv eg i går kveld, og det er berre juks at eg liksom legg det ut no..)

Ønskar deg ein strålande 2.pinsedag!

torsdag 19. mai 2011

Mine papiresker i avisa!

Har du lært deg å brette slike fine esker av papir?
Her på bloggen min har oppskrifta lagt framme ei god stund, og eg kan med glede sjå 
at mange finn vegen til det innlegget via ulike søkemotorar! Så kjekt det er å dele!! :)

Forrige veke ville Adresseavisa bruke bilda mine i sitt fredagsbilag Hjem, og eg er så stolt!
Tenk at nokon der har lagt merke til vesle meg, og at mine bilder og mi forklaring kunne brukast!
Ja, dei oversette den riktignok til bokmål, men det er greit... Er det vanskeleg med nynorsk?

Om du vil sjå resultatet i avisa, kan du finne e-utgåva HER!
Og om du vil sjå oppskrifta mi på bloggen, kan du sjå HER!

Ønskar deg ein fortreffeleg torsdag!

mandag 4. april 2011

DIY smekke

Det er så mange eg snakkar med som seier at dei ikkje kan å sy.
Det trur eg ikkje så veldig på.. Eg trur at dei aller fleste som prøvar seg på eit enkelt prosjekt
vil få det til. Det handlar berre om å finne det riktige prosjektet. Så her kjem ei enkel oppskrift på korleis du kan få kjenne på den gode kjensla av meistring og samtidig laga noko brukandes...

Finn ei smekke du likar. Eg har funne fram ei frå Blafre.
Denne legg du på to lag med stoff, ei framside og ei bakside.
Her har eg brukt frottè på baksida, for å kunne halde på ein del væske, 
og mjukt og godt sengetøy som framside.
Teikn rundt smekka.
Du kan bruke spesialblyantar...
-eller ein vanleg penn...
Men ikkje klipp ut enno!
Sy ein sikksakksaum sånn cirka på streken,
og klipp så nærme saumen du kan utan å klippe av tråden.
Det kan nok vere lurt å feste stoffa saman med knappenåler først,
og kanskje klippe litt grovt rundt, slik at stykket du held på med blir litt mindre.
La barnet få vere med på leiken...
Finn eit skråband i passande farge,
og sy det fast langs kanten.
Fest eventuelt på noko pynt,
som dette strykemerket frå Happy Bella.
Fest på eit par trykknappar eller litt borrelås.
Eg likar faktisk best det siste. Enkelt å feste og så lettvint i bruk!
Test ut det ferdige resultatet...
Denne vart i alle fall godkjent! ;)

Lukke til!


blogger template by lovebird