Er ikkje desse treskoa berre heilt skjønne!?
Så no har både eg og Storesøster nye tresko, kjøpt på Plantasjen.
Faktisk er det ikkje mange dagane sidan eg skulle ut ein liten tur,
men kunne ikkje finne nokon gode, fine sko til å trakke inn i for å gå ut i hagen...
Gullsandalar? Nei, dei er til strandbruk.... Rosa crocs?? Næhei, dei er så glorete at det er trist...
Raude tresko? Ja, det vil eg ha! - og eg hugsar med glede dei herlege raude lakktreskoa eg av og til lånte av ei veldig god venninne eg bodde saman med på Grünerløkka for leenge sidan... Åh, det var ei herleg tid!
Ja, men no har eg tresko som eg kan bruke
når eg skal hente posten, bære ut søpla, hente grasløk
eller andre små, viktige ærend. :)
Og det ER viktig å føle seg fin!
I hagen min har valmuane spreidd seg så fint langs husveggen, og dei er både vakre i knopp og vidunderlege i blomst! :) Eg leika meg som fotograf på morgonkvisten i går, og dette er resultatet. Ikkje veit eg korleis det er med deg, men eg greier ikkje motstå lysta til å stryke på desse fine knoppane!
Den varme, oransje fargen er nyydeleg, og kronblada er fjørlette og tynne som den finaste silke.
Som ein serviettblomst, berre så ufatteleg mykje finare!
For ei tid tilbake lova eg å vise Lillebror sitt 17.maiantrekk. Men faktisk tok vi ingen oppstilte bilder for å dokumentere antrekka. ;) Så då måtte eg plutseleg knipse nokre bilder då eg såg han hadde på både buksa, bodyen og lua ein dag. Det var berre den kvite skjorta og sølja som mangla, men dei brukar vi sjeldan til kvardags, altså. Sjølv om eg er glad i å pynte guten min litt! ;)
Dette bildet står ikkje heilt i stil med dei andre hagebilda i dag, men-men..
Lua er heimesydd, og kan brukast på begge sider. Eigentleg trur eg faktisk at eg likar den andre sida best. Den som er utan pynteband, og som har striper på sidene og dei blå gardinene på toppen... Stripene er forresten av samme stoff som buksa. Det er kjøpt på Stoff og stil, og eg likar det veldig godt! Mjukt og deilig, og så blir han så fin i den! Den passar til det meste han har, syns eg! :) - som for eksempel til bodyen frå
Hollys i den lekre blå fargen. Samme farge som på augene hans....sukk! Han er så skjønn!
Biteringen er forresten ein fugl frå
Little Alouette, og den er god å putte i munnen!
(Uff, bildet skulle ha gjennomsiktige hjørner..! Skal prøve på nytt etterpå...)
På det nye arbeids-/stovebordet ligg ulike syprosjekt som skal fiksast på i løpet av dagen.
Og sjølve bordet er også verdt eit blogginnlegg eller to..hihi! More to come...
Ha ein flott dag!