No MÅ eg berre dele ei utfatteleg enkel og deilig dessertoppskrift i desse travle adventstider. På laurdag hadde eg nemleg nokre venninner på besøk, og vi hadde julebord! Kjempekjekt! Eg rydda og vaska og pynta og kosa meg masse på førehand, og på sjølve kvelden var det såå fint og det lukta godt i huset! På menyen stod det indisk mat, der alt var laga frå grunnen av. Laurdagen gjekk eg mellom ulike innvandrarbutikkar og delikatesseforretningar i byen for å få fatt i alle ingrediensane, og resultatet vart absolutt vellukka. Vi toppa det heile med denne desserten:
Lun toffeesaus:
200 g sukker smeltast
2 dl kremfløyte rørast inn
Heimelaga flurry..
Vaniljeis får stå så den mjuknar litt, før du puttar den i ei kjøkkenmaskin og "eltar" den så den blir nesten som softis. Tilsett ulike slags godis, som for eksempel Nonstop, Dajm, peanøtter, pikekyss....smak og behag! Elt dette godt, slik at alt blir blanda, og server med sausen. Mmmmmm.....
200 g sukker smeltast
2 dl kremfløyte rørast inn
Heimelaga flurry..
Vaniljeis får stå så den mjuknar litt, før du puttar den i ei kjøkkenmaskin og "eltar" den så den blir nesten som softis. Tilsett ulike slags godis, som for eksempel Nonstop, Dajm, peanøtter, pikekyss....smak og behag! Elt dette godt, slik at alt blir blanda, og server med sausen. Mmmmmm.....
3x3 interiørutfordringer frå LahrA
3 interiøravsløringar om deg:
- Eg er storfornøgd med stova mi, som har ein slags "mix don't match"-stil... Vi har blanda nytt og gammalt, Ikea og loppis, arvegods og design, fargar og kvitt.
- Eitt år etter at vi flytta inn i dette huset er det framleis to soverom som ikkje er som dei skal vere... Men det SKAL bli fint ein dag, altså!
- Eg har enno ikkje pakka ut av alle flyttekassene heller, og det er ingenting eg saknar, så dei inneheld vel nokre ubrukelege ting.. På tide å gi noko tilbake til Fretex eller loppis?
3 interiørkjøp du angrar på du ikkje gjorde:
- For eit år sidan kom eg over Eames si knaggrekke Hang It All på eBay, og hadde sjansen til å gjere eit kupp!
- Tenk at eg ikkje fekk kjøpt fleire delar til bestikket mitt før det forsvann frå butikken..åh! Eg skal ikkje gjere samme feilen med serviset i alle fall. Håpar eg har god tid! Hihi..
- Eg trur eg raskt legg frå meg det som eg angrar på, slik at eg ikkje treng å gå og tenke på det... Kjem ikkje på noko spesielt no, sjølv om det HEILT SIKKERT har vore ting eg gjerne skulle hatt. Det er vel slik at det eg ikkje har kjøpt har vore på grunn av plass eller pengar, og det er ikkje slikt eg vil gruble på, og som eg ikkje kan angre... :)
- Lampar til stova! Det er jammen mørkt på denne tida av året, men frykteleg vanskeleg å finne den rette!
- Små skåler, bollar og fine koppar - det blir eg ikkje lei av!
- Spisebord og stolar til kjøkkenet - stort og rommeleg, utan å ta for mykje plass...
No skal eg kose meg med adventstida, planlegge julegåver, handle litt, sy litt, pakke inn, pynte og nyyyte dagane (innimellom jobb og stress..hihi)! Drøymer om slike lekre pakkar som desse frå www.housedoctor.dk
Oi, eg må jo hugse å gi utfordringa vidare også, og håpar den blir godt tatt imot! Den går til:
Between Two Trees
En fugl i hånden
Fruens Syslerier
Oi, eg må jo hugse å gi utfordringa vidare også, og håpar den blir godt tatt imot! Den går til:
Between Two Trees
En fugl i hånden
Fruens Syslerier