Eg lovte å komme med fleire bilder frå jenterommet, og kjem eit lite knippe. Rommet var grønmalt då vi tok over, men med ein hjelpsom morfar på besøk vart det blått (på eine veggen) og kvitt. Kanskje ikkje kjempevanleg å lage blått rom til ei jente på 3-4 år, men eg skal seie deg at vi får det jentete, altså! Og eg veit ikkje kva blåfargen heiter, men den er ganske varm, og går mot noko lavendelaktig, men er ikkje lilla...
Morfar snekra like godt seng også, for rommet er så lite at det er viktig å få utnytta plassen. Senga er laga etter Ikeamål, slik at sengebotn og madrass og slikt er lett å få tak i. Den er lagt på ein Malm-kommode i eine enden, og festa rett i veggen i andre. Slik fekk vi eit lite krypinn under halve senga, og der har planen heile tida vore å få ei lita gardin...så får vi sjå kor tid eg kjem på å lage den..hihi!
Ho brukar ein krakk når ho skal klatre opp i senga, og for å få ein mjuk kant har vi brukt eit saueskinn. Ja, det blir litt Ikea, altså... Men klistrealven er frå Panduro.
Over senga heng nydelege, nostalgiske Astrid Lindgren-kort og ei vimpelrekke eg omtalte i forrige innlegg.
"Æ har prinsessetelt!"
Her er kroken under senga... Er det nokon som kjenner igjen denne skilpadda? Det er sikkert fleire (men ikkje mange!) som har hatt ei slik ein gong! :) Eg er framleis stolt over mi, som eg vann i ein teiknekonkurranse i Bokklubbens Barn då eg var lita...Den har fått bli med hit, og den er rett og slett stooor!
Langs eine veggen har vi hengt opp ei hylle, og tanken var at her kunne Lille A sitte og teikne, klippe og lime, leike og kose seg, men slik har det ikkje blitt... Hylla passar fint den, men ho brukar ikkje rommet sitt på den måten! Her er ho berre når det er voksne saman med ho i kjellaren, eller ein sjeldan gong når ho har besøk... Eg må nok revurdere denne hylla, sjølv om tanken er god. Og så heng det sjølvsagt ein wire over, som blir brukt til å henge opp ulike kunstverk, små klede, postkort og andre ting Lille A vil ha framme til stas.
Når dagen er over og Lille A har klatra opp i senga si, er det som oftast god stemning. Vi ber kveldsbøn og syng nattasang. Om det er pappaen som er med spelar han gitar, så den har fast plass ved senga.
Eg trur eg har ei musikalsk dotter...hihi! :) Lille A og pappaen brukar nemleg å synge tostemt, og no greier ho oftast å halde på førstestemma, sjølv om pappa syng "rart", som ho seier... Her ein kveld var ho så herleg, for vi sang nattasang saman alle tre, og ho legg seg plutseleg lysare enn oss andre, og syng med høgtid heile songen. Då vi er ferdige spør ho: Pappa, kva for ein tone sang eg no? Du sang oktaven, seier pappa. Åja... Strålande fornøgd med å ha laga si eiga andrestemme!
No har eg funne fram nyyydelege skomakarte og deilig kveldsmat.
Kosar meg!
Håpar du får ei fortreffeleg veke!