Viser innlegg med etiketten hage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hage. Vis alle innlegg

mandag 10. februar 2014

To heilt ulike prosessar


Det er så deilig når helga får vere helg, timane er lange og ingenting står på programmet. Og så fyllast alle timane likevel! Dei fleste fyllast med slikt som er fint og godt, men det oppstår også ei og anna minikrise i heimen… 

På dei øverste bilda ser du komposten vår. Kompostering er gøy! Ja, det er faktisk det! Eg blir utruleg fascinert av å sjå korleis det vi kastar i komposten påvirkar prosessen i kassen, og så blir det til noko matnyttig! ;) (Hihi... Pun intended!) I luka nederst hentar vi fram ganske fin jord, som pakkast i vanlege søppelsekkar. Sekkane får nokre hol i botnen, slik at meitemarkane kan kravle litt ut og inn som dei vil, og så skal jorda få fortsette sin prosess og bli supertilskot til buskar og bed utpå våren. Men eg er ganske uerfaren enno, så eg er spent på korleis frosten spelar inn. Foreløpig held vi i alle fall prosessen inni KompostBjørnen varm og fin!

Inne kan vi også pusle med ulike ting. No i helga hadde vi ei koseleg malestund ved kjøkkenbordet, og alt var fryd og gammen til det plutseleg vart bråstopp. Kor vart det feil? Det gjekk frå idyll til total kollaps på ti minutt, og vi trengte jammen litt tid for å komme igang igjen etterpå. Slike prosessar syns eg er vanskeleg å forstå! Pappaen var på fjelltur, og eg og ungane skulle på bytur og konsert. Men eg kan love deg at det ikkje er lett å dra på tur med krykker og treåring som ikkje samarbeider… Så då kom nederlaget susande, og mamma vart skikkeleg sinteguri, noko som sjeldan løyser vanskelege situasjonar. Isj! Det endte heldigvis godt, mykje takka vere godaste storesystra, som trøysta Alfred då mamma hadde trampa ut i raseri. Og godaste Alfred som sa unnskyld for første gong i sitt liv, og som delte ut verdas aller beste kos. Og mamma måtte grine litt igjen, og seie unnskyld for at eg vart så sint. Så pakka vi veska og krykkene og stabla oss ut i bilen, framleis litt tårevåt, og lillebror sovna, mens Anna satt og skravla og sang, og vi kom oss til byen. Vi kom oss på beina og på superflott konsert! Det kallar eg Happy Ending! 

Joda, det er mange som har temperament her i huset, men heldigvis er vi gode med kvarandre!
Ver god med dei du har rundt deg, du også!

søndag 4. august 2013

Ein passeleg dose idyll, takk!

Dette er verkeleg akkurat så idyllisk som det ser ut. Siste feriedagen. I hagen leikar glade barn. Vi har klossar, klatrestige, dukkestue og hengekøye. Vi har rips, solbær og kirsebær. Vi har vaffeljern og skøyteledning, og vips! så vart det vaflar og is og gode venner på besøk på terrassen og i hagen og på omvisning i nyhuset. Rett og slett ein heilt nydeleg søndag! Så no kan kvardagen berre komme... 

Ønskar deg ei deilig sommarveke!

tirsdag 14. mai 2013

Små og store hus

Plutseleg er hus det einaste eg tenker på. Det begynte kanskje med desse små husa. Eg fann idèen i Rom123, og dei har henta den frå dette blogginnlegget. Ein verkeleg god idè, særleg no når alle dei etterkvart litt lange spirane mine treng meir plass...og det er mange av dei! :) Eg brukte store og små kartongar, hobbylakk og pensel. Nokre er svarte og nokre antikkrosa, og kombinasjonen med det grønne gjer det både tøft og fint og friskt. Herleg!
Hovedgrunnen til at eg berre tenker på hus er nok at vi for akkurat ei veke sidan kjøpte einebustad. Crazy! Eg får framleis nesten gåsehus av å tenke på det, og måtte køyre forbi igjen i dag på veg frå barnehagen. Det er eit stort og fint hus ikkje så langt frå her vi bur no, og flyttinga blir mot slutten av sommaren. Men i morgon kjem boligstylisten heim til meg, og det rare er jo at eg aller helst vil style huset mitt før ho kjem... Eg skjemmast av å vise fram alt kaoset her, men så er det jo delvis fordi vi allerede har begynt å pakke vekk ein del ting, har skaffa eit lass med pappesker, har demontert hyller for å male tak og veggar osv. Det blir jo innmari fint her når vi skal flytte, altså! Men no skal eg sjå om eg får litt meir orden i sakene før Greys. Kaos eller ikkje - ingen tirsdag utan sofakrok og Greys! 

Håpar bilda mine inspirerer deg i dag. Våren har endeleg eksplodert ute, men hagevekstane kan nok trenge litt ekstra varme og omsorg innandørs før dei skal ut og blomstre! :) Eg gler meg i alle fall til hagen får meir farge!

Ha ein deilig kveld!

søndag 28. april 2013

Det spirar og gror

Ein liten erteblomst har reist heilt frå Hong Kong, berre som eit lite frø, pakka og sendt hit på bestilling. Bestilt på Etsy, såklart... Og eg kryssa sjølvsagt fingrane for at alle dei mange frøa vi planta skulle spire og gro, for det er jammen ingen sjølvfølge! Men det vesle frøet har våkna til liv, etter å blitt holdt av små barnehender, putta varsamt i god jord, vatna med forventning og glede. Ikkje rart det vil vise oss at det kan!
For kven vil vel ikkje vise at dei kan greie det utrulege, berre dei får kjensla av at nokon trur på dei? Det å vite at nokon set pris på ein og har forventningar til ein, det er så godt! Det krevst vel for at både små plantar og små menneske skal vokse, gro og blomstre. Det trur i alle fall eg! :)
Eg høyrer sjølv at tankane mine er ganske store i dag. At eg kanskje til og med overdriv og snakkar svada. Men ikkje heilt, likevel. Det er jo sant! På dette bildet har lillebror akkurat ramla oppi planteprosjektet vårt. Stakkars små spirane... Men det var heldigvis i den delen der frøbarna enno ikkje har våkna til liv. Og ikkje veit eg heilt korleis eg skal vekke dei heller. Kanskje det er på tide å synge for dei, for det har vi ikkje prøvd enno. Og kultur er jo også viktig for å utvikle seg... ;)
Storesøster er full av omsorg, og hjelper veslebroren sin. Det er godt. Vi er heldige.
I dag har eg jobba for å hjelpe våren i hagen. Vi vil jo gjerne at det skal spire og gro der også, og i løpet av dagen reknar eg med at dei aller siste snøflekkane skal forsvinne. Vi må hjelpe kvarandre. Storesøster hjelper lilleror, eg hjelper våren, og solet og lyset hjelper meg. Gode dagar. Vårdagar.

Håpar du også nyt lyse, gode dagar!

onsdag 6. juni 2012

Tålmodighetsprøve

Tålmodigheta mi blir stadig sett på prøve. Små prøver og store prøver.
Kommesegutdøraommorgonenprøver og velgekvaduvilhapåbrødskivaprøver.
Ventepåatbildaskallastastoppprøver og ventepåattørketrommelenskalbliferdigprøver. 
Eg reknar med at desse prøvene er kjent for dei fleste. Det er vel ventepåatsommarenskalkommeprøva også er? Det er sikkert mange der ute som er utålmodige i hagen, slik som eg er. Jøje meg, så seint det går der! Og i år trur eg det må vere rekordseint. Det har jo vore kaldt aaaltfor lenge. Og dessutan er det jo ting der ute som tar årevis å få til! Det er heilt sant! Eg skal komme med eit aldri så lite eksempel.
Sjå på denne fine Klematisen min! (Eg meiner bestemt det er Klematis, sjølv om andre har sagt Humle..) I år er den ENDELEG full av blomster! :) Herleg! Dette er den fjerde sommaren vi bur i dette huset. Den første sommaren flytta vi inn på seinsommaren, og då kom det larver som spiste opp det meste av denne planten. Ikkje nokon blomster. Den andre sommaren klipte eg den ned, men larvene kom likevel, og det kom ikkje så mykje som eit blad som ikkje vart spist opp. I fjor, altså den tredje sommaren, fann eg ut på nettet at det er noko som heiter Klematisveps. Isj! Dei legg egg i stilken på Klematisen, og rett ut av stilken kjem larvene, og landar midt i matfatet. Der spis dei seg store og feite, før dei dett ned i jorda og blir til pupper. Året etter vil dei komme ut av puppene som Klematisveps og legge egg i stilken over seg... Og slik går det. År etter år. Heilt til Guro kjem med anti-klematisveps-spray. Og dessutan måtte eg klippe bort alle bulkete (eggeholdige) stilkar. Så vart det berre blad på denne planten det året. Men i år, FIRE ÅR etter at eg starta, kjem blomstrane! Hurra!! 
Andre som må vente tålmodig er desse maurane. Men dei ser ut til å stortrivast med ventinga. Eller, det er kanskje berre eg som ventar, mens dei håpar at denne fasen ikkje skal gi seg... ;) Ser du kva det er? Det er ein søt, liten peonknopp! Eg gler meg i alle fall til den skal springe ut i full blomst!
Ein av mine favorittar i hagen. Desse valmuene har spreidd seg langs heile den søndre husveggen på desse fire åra. Det begynte med tre flotte valmuer, og no er det mange! Og eg elskar den sterke oransje fargen og dei florlette, tynne kronblada. Til og med den lodne knoppen er vakker!
Ønskar deg gode dagar i hagen!

torsdag 31. mai 2012

Med hint av neon

I forrige veke var det omtrent 20 grader varmare i Trondheim enn det er no. Det er STOR forskjell! Vi fekk ein smakebit av sommaren, og måtte plutseleg legge bort ulla og gå til innkjøp av sommartøy til barna. Men gleda var relativt kortvarig. Eg syns det regnet som kom i ettermiddag var litt i tjukkaste laget for mai å vere... Heldigvis kjem sola igjennom av og til, og den varmar godt i stova vår! Sommarblomstrane må vente, for det er framleis ganske kaldt om natta. Joda, eg har jo nokre på trappa, men har gitt opp å flytte dei inn og ut etter temperaturen, og tenker at det er survival of the fittest som gjeld. Dei skal jo trass alt overleve resten av sommaren også.. ;) Er det kanskje litt ulogisk tenking?

Ute på verandaen står ein fin turkis sofa. Den er storebroren til den vesle turkise sofaen vi har i stova, og som vi ikkje kan kvitte oss med, sjølv om den syng på siste verset. Men den syng i det minste enno... ;) Og då storebroren slutta å synge for eit par år sidan, og vi måtte bytte den ut, sette vi den midlertidig ute. Den har stått ute i vind og vèr, sommar som vinter, og den får vare så lenge den varer. Vi diggar den! Rett og slett! På bildet har den fått selskap av eit loppisnattbord, som etterkvart skal fiksast litt på og flyttast ut i leikehytta, når den ein gong skulle bli innflyttingsklar. Trollhasselen kjøpte eg på Mester Grønn tidlig i vår, og den kvite fuglen er frå Panduro. Det vart frisk og fin og herleg pynt med nokre fine tapebitar. SJØLVSAGT ispedd litt neonfarge. Kven hadde trudd at eg skulle like DET igjen?! 

Eg GLER meg til solnedgang og kvitvin her ute i sofaen!
Nyt dagen!

onsdag 30. mai 2012

Stoff og agurkar

Det er altså ikkje agurktider heilt enno, sjølv om overskrifta kunne antyde slikt noko. Tvert imot er det så mykje som skjer i nyheitsbildet for tida, at det er godt å koble ut med blogging og kreative syslar! Slik såg sykroken min ut denne føremiddagen. Eg er i streik, og nytta tida før streikevakta på å passe jenter som ikkje fekk komme på skulen, og samtidig leite fram symaskina igjen. Og begge deler var kjekt! :) I den kvite blomsterpotta veks forresten agurkplanten min. Eg måtte flytte den over i større potte i går, og det er litt skummelt. Vi får håpe den trivast og har det bra!

Eg har jo lova å seie noko om kor eg får kjøpt fine og deilige stoff, men eg har ikkje bilder av desse stoffa i dag. Om du klikkar deg inn på desse lenkene, tenker eg imidlertid du kan finne både det eine og det andre...
  • Stoff og stil  - stort utvalg og greie prisar
  • Gekko - mjuke, fine og gode stoff frå ei favorittbloggedame
  • Trendsales - ulike selgarar og eit enormt utvalg av retro og vintage stoff
  • Volksfaden - stort utval og super service
  • Etsy - kos deg med jakta på alt det fine
Eg trur dette er der eg har handla mesteparten av stoffa mine. Og sjølvsagt kjem det eitt og anna stoff frå Panduro og frå skap og skuffer og loppisar rundt omkring... Samlinga er stor, og det er i grunnen synd at det hopar seg opp! Nei, no skal eg klippe og sy litt meir med det samme! Sola er borte frå sykroken i stova, men jammen er det fantastisk deilig at det er så lange og lyse kveldar no!

Ha ein strålande kveld!

tirsdag 27. september 2011

Treng du ei gulrot?

Av og til må eg berre le av meg sjølv. Og jammen er det berre ikkje eg som ler.. ;) Det kan vere mange grunnar til desse små utbrudda av latter, som plutseleg boblar fram, med eller utan bismak. Kanskje er det fordi eg plutseleg kjem på at fridagen min er i morgon, eller kanskje fordi eg oppdagar at genseren er tatt på med innsida ut? Kanskje er det fordi eg har gått rundt med leverposteiflekk på kjolen heile dagen, eller fordi eg berre fekk tatt på mascara på eine auget og ikkje oppdagar det før eg går på do og ser meg i speglet i pausen min? Kanskje er det fordi eg krøllar meg saman på sofaen og er stuptrøytt, men ikkje orkar å gå ned for å legge meg? Eller så kan det vere som i går... I går lo mannen min av meg, mens eg kanskje var mest oppgitt. 

Når eg tenker tilbake på skuletida mi, tenker eg med gru på alle gymtimane. Eg var veldig glad i mange av skulefaga, men akkurat gym var heilt pyton. Ikkje sprang eg fort og ikkje hoppa eg høgt, og aldri vart eg valgt først til noko som helst slags lag. Men å kaste liten ball, det kunne eg.. Uansett, det var jo slik at eg måtte ha gym kvar einaste veke i 12 år, og då lærer ein sjølvsagt nokre teknikkar for å sleppe unna. Vondt i foten, vondt i hovudet, kvalm...etc. Og eg har ikkje blitt dårlegare på unnskyldningar seinare heller. ;) 

I går kveld hadde eg ein avtale med ein mann på treningssenteret. Eg var nemleg innom der for ein månads tid sidan, for å få hjelp til å sette opp eit bra treningsprogram no som eg ikkje lenger går til fysioterapeut. Eg har jo hatt eit veeeldig skranglete bekken, og har trent det fast to gongar i veka sidan lenge før Lillebror vart fødd. Men kroppen har jo ikkje akkurat blitt sterkare av all stillesittinga og vondtinga, og no når eg er tilbake i barnehagejobben igjen, er jo musklar og kroppsleg vedlikehald rett og slett noko som berre må til. Difor fekk eg altså sett opp eit lite styrketreningsprogram, som eg planla å gjennomføre minst to gongar i veka. Hah! Eg har knapt vore innom sidan sist, og grudde meg skikkeleg til å møte den skumle treningsmannen igjen i går.. Tenk om han vart streng! Eg satt rett og slett på ein stol her heime, ferdig kledd i treningstøy, og prøvde å snike meg unna.. Hallo, eg er jo vaksen no! Eg måå jo ikkje gjere slikt som eg ikkje har lyst til lenger! Eller..?

Mannen på treningssenteret var ein tolmodig mann. Og eg er ein ærleg person. Og fordi eg sa rett ut at eg mangla fullstendig motivasjon, til trass for at kroppen min skrik etter å bli sterkare, ga han meg eit bra tilbud. Ikkje akkurat ei gulrot, men ein fast avtale. Og eg tenker på at han ikkje er gymlærar, men ein som vil mitt beste. Og faktisk så har eg betalt nok gjennom dei siste fem åra til å ha ein personleg trenar ei god stund, så det må eg berre utnytte... For faktisk er det det han skal vere dei neste vekene. Han ville pushe meg gjennom ein halvtime eller to i veka dei neste vekene, heilt gratis. Og når nokon ventar på meg, då kjem eg. Hjelp!

Og kor kjem gulrøttene inn i bildet? Joda, desse gulrøttene er i miniatyr, henta opp frå kjøkkenhagen. Eg treng gulrøtter. Enten dei er lange og gule, lilla eller kvite, eller som ein premie eg kan unne meg sjølv når eg har gjort noko eg ikkje har lyst til. Som gym. Hehe... Det er vel berre å ta seg sjølv i nakken, eller kva? ;)

Korleis belønnar du deg sjølv? 

Håpar du har gode dagar!

fredag 2. september 2011

Hausthagen og den trøytte mammaen...

For ein deilig dag dette har vore! Ein bonusdag. Ein kosedag. Ein haustdag. Ein sommardag. Ein kviledag. Ein vaskedag. Ein fotodag. Ein fridag. Ein fredag. Kjært barn har mange navn... ;)

Etter ei ganske slitsom natt, med ein gut som aller helst vil ha smokken heile natta, var det både godt, luksus og heilt nødvendig å ta det med ro i dag. Smokken til guten heng nemleg fast i mammaen, og mammaen orkar ikkje å ha nokon hengande i puppen heile halve natta. Dermed ligg guten i senga si og hyler, medan mammaen og pappaen blir surare og surare, både på han og på kvarandre... Ikkje fordi vi vil det, og ikkje fordi vi syns vi burde det, men rett og slett fordi det faktisk er midt på natta, og vi er desperate etter søvn. Kroppen gjer nesten vondt, fordi den så gjerne vil ligge og kvile, og hovudet er tungt og fylt av bomull. Vil sove! Noo! Men greier vi å komme oss tidleg i seng om kvelden? Neida...skal berre, først...! ;) Kjenner du deg att, eller?

Så no forstår du kanskje kvifor eg har sett så stor pris på denne dagen. Min eigen fridag. Eg har kosa masse med Lillebror, leika, tulla og hatt GOD tid saman med den skjønne guten min. Heldigvis er han så skjønn, så er han tilgitt så snart klokka bikkar sju om morgonen... ;) Han er jo GULL! - og takk og pris søv den fantastiske storesøstra så vanvittig tungt om natta, så ho våknar ikkje av nokon ting. Heldigvis!
Etter ein liten trilletur i formiddag, rusla eg litt rundt i hagen med kamera. Ja, no høyrast det nesten ut som hagen vår er stor som ein park, men det er den altså ikkje. Det er ein liten hage, men faktisk ganske romsleg for rekkehushage å vere. Vi likar den! Og endeleg kan eg no vise fram det fine utebordet vårt, for det har eg vel ikkje gjort før? Dette bordet snekra flinke mannen til 17.maifesten vår, men så var det så dårleg vèr at hagefesten måtte vere i stova, og det store bordet fekk stå der ei stund. Men etterkvart fekk vi flytta det ut i hagen, og eg mala det i ein nyydeleg lillagråblå farge. Føtene til bordet kjøpte vi på Ikea, og inspirasjonen fann vi hos Stylizimo. Herleg! Og faktisk så vellukka at vi vurderte å lage eit liknande til kjøkkenbord også..
Eg leika meg med kamera og macrolinse i dag. Og vart ganske fornøgd med humlebildet mitt! Sjå også dei fine biebilda til The Brekkevolds her. :) Mi humle fann eg i kjøkkenhagen, der den susa rundt på det eg trur må vere ein timian, om eg ikkje hugsar feil. Desse roseknoppane fann eg også, og eg syns dei ber preg av at sommaren er på hell. Eg lurer på om dei rekk å bløme før det blir for kaldt?

No skal eg hjelpe Poirot å løyse ei sak, medan ullgenseren til Lillebror får vokse på strikkepinnane.

Ønskar deg ei nydeleg helg!

fredag 29. april 2011

Glad blomsterjord...

Deilig formiddagstur i dag vart avslutta med nydeleg latte på trappa.
Der såg eg denne finfine posen med blomsterjord.
Tenk om all emballasje kunne vere så fin! :)
Dessutan passa den perfekt i fargen til
mine favorittsko frå Kawasaki.
Eg lurer på om bilda er like fine i innelys som her ute i sola...
Koseleg -  men ikkje heilt enkelt - å lage blogginnlegg ute
med ein etterkvart utolmodig Lillebror på fanget.. ;)

Ha ein god dag!

søndag 10. april 2011

Sikksakk-godis!

Sjå kor utruleg lekkert!! 
Eg NYT synet av dei nye sikksakkbanda mine, 
og har bestemt meg for å dele på godene...
Likar du nokre av desse fargekombinasjonane, kanskje?
Denne gongen har eg lagt saman tre ulike fargar à to meter i kvar pakke,
og du kan kjøpe dei her!

Dette er sikksakkbanda eg brukte i puta du ser i innlegget under dette,
og dei er i stor storleik, altså! Sjølve bandet er 10 mm breidt, og det er så flott!
Gler meg til å bruke det på både fleire puter, babytepper, posar, skjørt..osv!
Hiv deg med på sikksakkbølga, du også! ;) 
(Pling - der fekk eg vel ordspelpoeng..? Hihi..)

Forutan Eplajobbing, babykos og klesvask har denne søndagen inneholdt 
late timar rundt huset, og deilige, vårlege aktivitetar.
Dette er vel sikre vårteikn?
-og som du kan sjå på bildet, har ikkje sola smelta all snøen heilt enno..
Men det blir stadig meir plen her, og det er nok ikkje lenge igjen til eg kan begynne å plukke på beda mine no! I år skal eg få til så mykje fint! :) ...håpar eg, altså!

No inntar eg sofakroken ganske snart.
Då blir det te, pledd og tente lys,
og du skal ikkje sjå bort i frå at eg sovnar...
Ha ein skjønn kveld!

onsdag 20. oktober 2010

Ein vinterleg haustdag

Årets første kvite morgon!
I pysjamas og med kalde tær tok eg forventningsfullt med meg Storesøster bort til vinduet i dag tidleg. Eg hugsar så godt kjensla av den første snøen då eg var lita! Dette magiske, kvite teppet som gjer at alt blir annleis. Hagen ser annleis ut, lyset er forandra og lydane er pakka inn i vatt. Augene til Storesøster skinte, då ho høgtideleg kunne informere om at i dag skulle ho ha med skia i barnehagen...Vel, min entusiasme stod nok ikkje til forhåpningane. Det er litt tidleg for skigåing enno, meiner no eg.

Etter å ha kikka på nydelege haustbilder her, måtte eg ut på trappa og knipse litt sjølv. Ericaen og lavendelen har fått kvite tepper på seg, og den finfine sofaen på verandaen har også fått nokre fnugg... Den har imidlertid blitt populær blant skjærene i nabolaget, som plukkar skumgummien ut av holet i armlenet. På samme måte som dei plukkar skumgummi ut av bittesmå hol i tørkestativet..! 

Det er innekos for meg i dag også, trass i knallblå himmel, sol og kvite tretoppar... Tenk å kunne gå seg ein liten tur i marka i dag!! Rusle rundt, sjå siste restar av haustfargar innimellom den mjuke, tørre, fine snøen, knipse nokre bilder (for det er ein utruleg god måte å SJÅ på!), bevege seg og kanskje til og med bli litt svett og andpusten.. Ja, ikkje det at eg ikkje er andpusten, men svett blir eg ikkje av å reise meg frå stolen, i alle fall.. ;) Magen er diger og i vegen, kroppen er tung og Lillebror må berre komme!!

Ha ein STRÅLANDE dag!

fredag 15. oktober 2010

Glitrande!

Årets første snø ute på trappa. 
Store, kvite, våte flak dalte ned frå himmelen då vi stod opp i dag,
og storesyster jubla over snøen og dei nye, glitrande, lilla cherroxane sine...
Heldigvis vart det ikkje kvitt på bakken, men det er nok ikkje lenge til no. 
Frosten ligg framleis delvis gøymt, og eg syns den er vakker.
Den glitrar, sjølv i grått vèr. 
Og denne lillafargen på lyngen er nok ein av mine favorittar!
Inne i varmen på kjøkkenet, med tjukke ulltøflar på,
nyt eg ein deilig kaffe. Vil du ha kaffetips?

Bruk deilig (nykverna) espresso,
mjølk, litt sjokoladesaus, litt vaniljesukker 
og ei klype chilipulver.
Tøm espressoen i ein oppvarma kopp, 
og hell den steama mjølkeblandinga over..nammm!
Ved sidan av er denne sjokoladen perfekt!

Green and Black's 
Organic Dark Chocolate
with inherent warmth from 
crystallised ginger.

Ein god start på ein fredag!
Nyt fredagen, du også!

onsdag 22. september 2010

Nyt detaljane...

Åå, så godt det er å tusle rundt i hagen med kamera på slep, på jakt etter det vakre!
Hagen er full av vakre små detaljar på denne tida, sjølv om vi lett overser det, 
og fort berre ser regn og grått og brune blad på bakken... 
Eg kjem med ei lita oppfordring! 
Ta med deg augene dine ut i lufta, sjå deg rundt, finn detaljar og nyyyt dei! 
-og ta gjerne med kamera, slik at det er lettare å bruke litt meir tid på kvar lille ting! :)

Eg kjem med eit knippe foto frå min hage i dag. 
Hausten er her for fullt, det er fire grader når vi står opp om morgonane,
ullundertøyet er på i barnehagen,
tøflane brukast flittig inne, 
og den nye tefavoritten heiter Rooibos Chili....mmmm!
Skal tru om den grøne solsikkeknoppen nokon gong får nok sol og varme til å sprette ut..?
Takk for mange koselege helsingar på innlegga mine, forresten!
Eg er kikkar innom til kvar og ein av dykk! :)

Ønskar alle ein fortreffeleg dag!

fredag 3. september 2010

Hausttakkefest i steinerbarnehagen :)

Eit lite bilderas herfrå i dag. :)
I barnehagen til Storesøster har det vore stooor fest i dag! 
Den siste veka (minst!) har dei jobba fram mot dette og bygd opp forventningane.
Det har vore innhausting av frukt og bær og grønsaker,
sylting og safting og baking...

Endeleg var dagen komt for 
hausttakkefest!

Og sjølvsagt pyntar ein seg til fest!
Oppfordringa var å kle seg litt som ei bondekone for 100 år sidan, 
og dette var det nærmaste vi kom.
Ikkje akkurat hundre år gammal drakt, men i alle fall tretti...
Denne trur eg jammen Bestemor har sydd til ei tante ein gong!
Tenk så deilig å bli møtt på denne måten i gangen!
Store og små flokkar seg rundt, og alle lurer litt på kva som fins i korga...

Jorden nærer lite frø
Solen modner korn til brød
Kjære sol og kjære jord
Takk for maten på vårt bord!
Velsignet være maten!

Årstidsbordet er dekka til haust.
Fine, fine barnehagen!!

Eg er så lukkeleg for at vi har ein så god barnehage!
Kvar dag ser eg at Storesøster har det godt og kosar seg,
og omgivelsane er heilt nydelege!
-og jammen lærer ho ikkje ein heil del også!
Perfekt!

Hugs å takke! ;)

lørdag 21. august 2010

Sol og modne tomatar

"Mamma - æ ser at det e kjempemange tomata ute!"
Lille A finn fram korga si og går ut på verandaen. Der står den fruktbare tomatplanten, og bugnar av tomatar! Ja, det er noko som heiter Smakstomat, men ingen kjøpte tomatar har så god smak som dei vi kan hauste her heime! Fram til no har dei blitt spist etter kvart som dei vart modne, ein og ein tomat, men no, etter ei veke med deilig sommarvarme, var det mange modne på ein gong!
Som du kan sjå så er det så vidt planten greier å bere all den frukta... Det er FULLT av grøne, små tomatar som ventar på enda meir sol og varme. Planten er plassert på ein stol, ytterst på hjørnet av verandaen, for verkeleg å kunne utnytte sola så lenge som mulig.

No håpar eg denne smaken av haust berre er for å minne oss om tida som skal komme!
Eg er ikkje heilt klar for det kalde, våte og mørke vèret heilt enno... Er du?

Ha ein koseleg laurdagskveld!

tirsdag 10. august 2010

Blomstergleder!

Eg elskar å ha friske blomster på bordet! 
Og på krakken i vinduskarmen! 
Og andre stader der eg kan kikke på dei, lukte på dei og nyte dei...

No har eg vore ein tur i hagen, og frydar meg stort over dei fine ranunklane mine!
Ikkje har eg særleg grøne fingrar, og ikkje veit eg så mykje om landskapsarkitektur, men ein kan vel seie at eg lærer på den beste måten: Learning by doing!

Planen er at eg neste år skal skal ha ein plan når eg plantar, og at eg skal vite litt om korleis det blir sjåande ut. I år har eg berre putta ting i jorda, på ein måte, og det blir så som så. Men om blomstrane ser litt bortkomne ut i hagen, så gjer det ingenting, for eg er meir inne enn der ute, og tar dei gjerne inn!
Denne rosa ranunkelen ser ut slik eg trudde alle ranunklar skulle sjå ut! Herleg lag på lag...vakker!
Men dei guloransje og den kvite kom frå samme pakken, og er sikkert søskenbarna til den rosa.

Finn du noko fint i hagen din? Eller kanskje noko godt?
Nyt seinsommardagane!

tirsdag 13. juli 2010

Mormorlukke!

Tenk å vere fire år og litt til, og ha sommarferie med masse besøk!
Denne gongen er det snille, gode, varme mormor som har vore her, og siste dagen sette ho opp teltet sitt i hagen. For ei lukke!
Lille A stråla og fnisa og knisa og lo, sprang rundt i sommarkleda (eller helst utan), plaska i bassenget, leika med dukker, blomar, vatn... Og mormor er toppen!
I morgon reiser Lille A på spennande fjelltur i telt saman med pappaen, og i dag har dei fryda seg med å lage pakkeliste og matliste og forskjellig planlegging. 
Tenk å vere så glad i pannekaker, og så spent på tur, at ein ikkje greier å stoppe å le når mammaen kjem med idèen pannekakerøre på flaske på telttur! :)

Eg håpar sommarvèret er tilbake i morgon, for eg skal vere stranda i eigen hus og hage nokre dagar. 
Gler meg masse til å nyte gode bøker, ro og fred og tid med symaskina mi.

Og forresten - tusen takk for fine kommentarar!
Kjekt å sjå at de er her, trass ferietid og lange sommarkveldar!
No skal eg ta meg ein runde på bloggane dykkar! :)

Klem


blogger template by lovebird