Viser innlegg med etiketten papir. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten papir. Vis alle innlegg

tirsdag 14. mai 2013

Små og store hus

Plutseleg er hus det einaste eg tenker på. Det begynte kanskje med desse små husa. Eg fann idèen i Rom123, og dei har henta den frå dette blogginnlegget. Ein verkeleg god idè, særleg no når alle dei etterkvart litt lange spirane mine treng meir plass...og det er mange av dei! :) Eg brukte store og små kartongar, hobbylakk og pensel. Nokre er svarte og nokre antikkrosa, og kombinasjonen med det grønne gjer det både tøft og fint og friskt. Herleg!
Hovedgrunnen til at eg berre tenker på hus er nok at vi for akkurat ei veke sidan kjøpte einebustad. Crazy! Eg får framleis nesten gåsehus av å tenke på det, og måtte køyre forbi igjen i dag på veg frå barnehagen. Det er eit stort og fint hus ikkje så langt frå her vi bur no, og flyttinga blir mot slutten av sommaren. Men i morgon kjem boligstylisten heim til meg, og det rare er jo at eg aller helst vil style huset mitt før ho kjem... Eg skjemmast av å vise fram alt kaoset her, men så er det jo delvis fordi vi allerede har begynt å pakke vekk ein del ting, har skaffa eit lass med pappesker, har demontert hyller for å male tak og veggar osv. Det blir jo innmari fint her når vi skal flytte, altså! Men no skal eg sjå om eg får litt meir orden i sakene før Greys. Kaos eller ikkje - ingen tirsdag utan sofakrok og Greys! 

Håpar bilda mine inspirerer deg i dag. Våren har endeleg eksplodert ute, men hagevekstane kan nok trenge litt ekstra varme og omsorg innandørs før dei skal ut og blomstre! :) Eg gler meg i alle fall til hagen får meir farge!

Ha ein deilig kveld!

søndag 14. april 2013

Lett som ei fjør

Søndagen er på hell og vaffelrøra står på vent. Det har nesten blitt ein tradisjon for oss å ete vaflar til kveldsmat til barnetv på søndagskvelden. Det er så godt! Og etterpå går eg ofte på yoga, men i kveld kjenner eg at eg ikkje skal det. Eg skal berre vere heime, slappe av og kjenne at det er helg nokre timar til... 
Har du det sånn at du har fleire hobbylyster og hobbybehov enn du eigentleg har tid og plass til? Eg trur eg er på randen av ekstrem i så måte, og prøvar stadig ut noko nytt. :) Og då eg kom over verktøy til utskjæring av eigne stempel, ja då måtte det også prøvast. Moro! Utstyret er kjøpt på Etsy, og var veldig rimeleg i innkjøp. Og gummien eg lagar stempelet av, er vel kanskje berre eit digert viskelèr. Og sidan inspirasjonen allerede var på plass, var det berre å setje i gang, og eg vart rimeleg fornøgd med ferdigheitene også, om eg får seie det sjølv... ;) Eller kanskje det berre var nybegynnerflaks? Fjøra fekk i alle fall akkurat det lette, fine uttrykket eg var ute etter, og eg jublar! Vil lage fleire! :)

Ha ein fortreffeleg søndagskveld!

torsdag 15. desember 2011

Stjernefint!

Eg har kasta meg på trenden med papirstjerner, for det er ein av dei finaste julepynttinga eg har sett på lenge! No har det blitt bretta og ordna stjerner i fleng, og eg fekk endeleg brukt litt av papirsamlinga mi..! ;) Akkurat dette papiret vart kjøpt inn då eg var i København for nokre veker sidan, og eg fekk tips frå fine HOME by Linn. Bloggen hennar er full av vakre bilder og fine ord! Verkeleg inspirerande! :)

I kveld skal eg kose meg og pakke inn nokre julegåver og marsipangodteriet vi lagde til i går. Denne jula er eg ganske godt i rute med julegåvene, men ikkje så godt i rute med julehuset. Må vi verkeleg vaske inni kjøkkenskapa? Og må vi verkeleg rydde bort alle spor av mine kreative utskeielsar? Hmpf! Mannen er nok litt frustrert til tider, og joda, eg er det nok til og med sjølv, for her i huset er det papirrullar, stoffbitar, strikkepinnar, saks og pynteband i kvar ei krå... Vi kan jo kalle det teikn på liv og kreativitet, eller berre kalle ein spade for ein spade og sette i gang storreingjeringa. ;) Det er jammen godt eg enno har nokre fridagar att før jula tar til!
Tusen, tusen takk for alle kommentarar, forresten! Det er så umåteleg kjekt å sjå spor etter deg som har vore innom! Eg blir veldig, veldig glad, rett og slett! :) Takk, takk!

Ønskar deg ein strålande dag!

søndag 23. oktober 2011

Har du leita i skuffene?

Dette er dagen då det i mange norske heimar blir leita i skuffer, krukker og jakkelommer etter småpengar og store setlar. Dette er dagen då vi gir så det svir. Dette er dagen då alle ventar på at nokon skal ringe på dørklokka. Dette er dagen vi har ein felles plan, eit felles mål og eit felles hjarte.

Eg skal snart skru på tven, finne fram tekoppen og strikketøyet og sjå korleis det har gått. Vi ryddar for livet! Norsk Folkehjelp skal få rydde miner og bomber i massevis! Støtt tv-aksjonen her!

Skuffene mine er forresten godt og fint merka. :) Eg har brukt papir frå Rie Elise Larsen, washitape og ein gammal Dymo frå loppis. Likande tape kan du for eksempel få tak i her eller her.

Oi, eg holdt på å gløyme ein ting. Men det er ikkje så viktig, altså. Det er berre det at eg har skifta header på bloggen, slik at det blir litt lunare og varmare her no når vi er inne i den mørke tida. Så får kvitveisen vente til våren igjen.. ;) Håpar du likar deg her!

Ønskar deg ein fin kveld og ei god veke!

mandag 4. juli 2011

Mormorlukke og papirdukke

Storesøster og mormor er bestevennar.
Slike bestevennar som alltid er lukkelege når dei møtast.
Som kosar og tullar og ler og syng og smilar og er så veldig, veldig glade i kvarandre.
Og heldigvis er mormor flink til å komme den lange vegen på besøk i ny og ne.
Slik at dei kan vere saman og ha det godt i lag. Slik som no. :)
Du ser vel at dette er ei lukkeleg jente?
Her sitt dei i den gamle turkise sofaen ute på verandaen.
Storesøster har funne fram ein kjole frå H&M som ho eeeelskar å danse i,
men som nesten ikkje er lov å bruke fordi eg er så redd for den...
Den var nemleg lillesøstra mi sin på 80-talet ein gong! 
Fine søstra! Fine barnet! Fine kjolen!
Denne gongen hadde mormor som alltid med ei lita gåve då ho kom på besøk. Og den var suksess!
Du ser den på øverste bildet... Ei heilt skjønn papirdukke med mange ulike antrekk vart klipt ut og leika med. 
Det beste var at den heiter det samme som mormor, og den hadde klede frå 50-talet då ho vaks opp...
Ei herleg stund for to bestevennar! Takk, mormor!

Håpar du nyt fine dagar med dei du er glad i!

torsdag 19. mai 2011

Mine papiresker i avisa!

Har du lært deg å brette slike fine esker av papir?
Her på bloggen min har oppskrifta lagt framme ei god stund, og eg kan med glede sjå 
at mange finn vegen til det innlegget via ulike søkemotorar! Så kjekt det er å dele!! :)

Forrige veke ville Adresseavisa bruke bilda mine i sitt fredagsbilag Hjem, og eg er så stolt!
Tenk at nokon der har lagt merke til vesle meg, og at mine bilder og mi forklaring kunne brukast!
Ja, dei oversette den riktignok til bokmål, men det er greit... Er det vanskeleg med nynorsk?

Om du vil sjå resultatet i avisa, kan du finne e-utgåva HER!
Og om du vil sjå oppskrifta mi på bloggen, kan du sjå HER!

Ønskar deg ein fortreffeleg torsdag!

søndag 20. mars 2011

Dinglande uro og Rie Elise Larsen

Lillebror treng meir underhaldning for å halde humøret oppe under påkledning, og eg har difor laga ei uro som skal få henge over stellebordet. Eg har ikkje vore superkreativ akkurat, for liknande skyer og regndropar har eg jo sett flust av rundt omkring på bloggane, men ikkje ein slik variant... 

Hos Fargevandring blir eg alltid inspirert, og ho har jo også ein slags skyuro øverst i bloggen sin. 
Og dessutan har ho så mange lekre bilder, så den bloggen er vel verdt eit besøk! :)

Min uro er altså ikkje sydd, men laga av papir. Og fordi Lillebror skal ligge under og kikke opp, så har eg laga dråpane litt spesielle, noko som også gjer at dei snurrar så fint når ein blæs på dei. Mesteparten av papiret er laga av den dyktige dama Rie Elise Larsen, men noko er også kjøpt hos Søstrene Grene.

Eg kjenner at eg berre MÅ vise litt fleire av Rie Elise Larsen sine ting, 
og har lånt bilder på heimesida hennar.
Dette er verkeleg INSPIRASJON:










Blir jo litt flau over mitt eige dårlege urobilde no... Burde sjølvsagt ha fiksa meir på både omgivelsane og fargane i bildet, men det har eg altså ikkje gjort! Og no er det nesten natt, så nye bilder blir ikkje tatt i kveld, i alle fall. ;) I kveld blir det Livvaktene på tv, tente lys og sofakos.. Og alle verdas katastrofer får ikkje sleppe inn så veldig i kveld. Kjenner det blir både nok og for mykje av tragediar på ein gong no..

Ønskar deg ein deilig søndagskveld!

mandag 24. januar 2011

Klipp og lim med Alice Melvin

Symaskina fekk ikkje komme ut i lyset denne helga heller, men står tolmodig og ventar på meg i kroken sin. 
Eg og Storesøster fann imidlertid fram ei av julegåvene, nemleg dette settet med cut-out-and-make-menagerie av illustratør Alice Melvin. Det var pirkete arbeid, og vanskeleg for ein femåring, men mammaen koste seg veldig, og Storesøster kunne leike med saks og lim og paljettar, og var også fornøgd! 
Det er jo stor stas å berre halde på med ting saman! 
Åh, beklagar at bildet vart uskarpt...klønete av meg!
Men som de ser, det var mange herlege dyr i den pakken, og vi har berre såvidt starta. :)
Gjennom eit raskt søk på nettet fann eg ein god del om Alice Melvin, mellom anna eit bra innlegg på bloggen decor8. Når eg får litt meir tid skal eg kose meg å kikke litt meir på arbeida hennar! 
Det ser i alle fall veldig flott ut så langt!
Ønskar deg ein super mandag og ei god veke!

mandag 29. november 2010

Moro på Epla!

 I dag har eg fått fullført eit lite prosjekt, og resultatet kan du finne i Eplabutikken min!

tirsdag 21. september 2010

Bursdagsinvitasjonar og forelskelse...

Tenk at mi vesle jente snart fyller fem år! Det er verkeleg ikkje til å tru at så lang tid allerede har gått sidan ho kom til verda! Det skal i alle fall feirast med brask og bram, med eller utan lillbror til stades... ;) 

Vi fann ut at det er vanskeleg å skulle planlegge bursdagsselskap om to veker, så vi framskundar feiringa, og tar den no medan lillebror er inni magen, og når mammaen til tider er i form til å lage til selskap. :) Så no skal eg planlegge godt, og velge enkle, men gode løysingar, slik at festen blir akkurat som verdas beste jente fortener og ønskar seg. Vi begynte med invitasjonane i går, og valgte ei relativt enkel og grei løysing. Ja, ho ville jo helst ha prinsesseinvitasjon, men det hadde vi nok ikkje i hus..hihi. Vimplar og sommarfuglar vart ikkje dumt det heller, og så var det jo moro å lage dei saman! :) -dessutan var nok glitteret det aller, aller viktigaste uansett!
Eg og storesyster låg tett inntil kvarandre i kosesenga i går og la planane. I utgangspunktet tenkte eg at vi skulle ha få gjestar, og for eksempel invitere berre jentene på omtrent samme alder. Men då eg spurte henne kven vi skulle invitere kom svaret veeeldig raskt:
A: Håkon! Han sussar meg på munnen...hihi! Han gjer alltid det...hihi!
G: Å? :) Er de kjærestar, kanskje?
A: Neida, vi berre leikar saman.
G: Men likar du at han sussar deg på munnen?
A: Ja! Då kriblar det i magen min, og magen min ler!!
Det var ei fantastisk fin stund vi hadde! Ho snakkar rett frå hjartet, og er heilt utruleg god til å sette ord på ting! Joda, det er nok storesyster sin første forelskelse...herleg! På kvelden då vi laga invitasjonane fortsatte fokuset på denne skjønne guten. Han skulle nemleg ikkje ha sommarfugl på sitt kort, for der spurte ho så fint om ho kunne få lov til å teikne ein prins og ei prinsesse i staden, og det var altså dei to. Han med lyst hår med litt krøllar i, og ho med rett hår og krone... Og ho fnisa og fnisa...moro!
No kjenner eg kaffelukta frå varm espressomaskin, og skal kose meg med ein deilig latte medan eg førebur bursdag og andre foreståande ting...

Håpar du opplever den gode kjensla i dag,
at det kan krible i magen din
og at du kjenner magen din ler...!

tirsdag 24. august 2010

Prosjekt Jenterom

På jenterommet blir det forandringar framover. 
Eg har alt begynt, og først ut var ei hylle til å sette leiker i. Det er jo absolutt fint å ha nokre leiker ståande framme, og i denne herlege hylla kan Lille A sjølv vere med å velge ut kva som skal stå utstilt, og kva som skal leggast i leikekassa.

Hylla er ei heilt vanleg Ikeahylle, men eg har fresha opp bakveggen med papir frå Rie Elise Larsen.
Det vart heilt herleg! Valget av papir gjorde vi i fellesskap, og det er eg glad for, for eg hadde nok ikkje valgt heilt det samme aleine. Perleprinsessa er også laga i fellesskap, medan den fantastiske prinsessekrona er sjølvkjøpt ved Nidarosdomen av Lille A sine eigne lommepengar.

Neste prosjekt på jenterommet er også godt i gang. Målet er at rommet skal bli eit attraktivt leikerom, både med og utan gjestar. Til høgre på dette bildet kan du sjå noko av det eg har gjort for å få til dette, og fleire bilder kjem etterkvart. :) Ein del arbeid gjenstår, og eg tar tida til hjelp! ;)

Bildet til venste er frå kjøkkenvindauget. Endeleg, etter to år, har dei kjipe furulistene blitt kvite, og eg frydar meg! Det er mannen som har hatt malejobben, sjølv om maling ikkje akkurat står øvst på ønskelista hans... Men eg er så glad, så glad, så då må det vel vere verdt slitet?
Gardinene sydde eg forresten sjølv då vi flytta inn her. Ganske stolt av den jobben! 
(Og kjem neppe til å gjere det på samme måten om igjen...)

No ventar vi på mormorbesøk!
Gler meg!! :)

Ønskar deg ei framleis fin veke!

tirsdag 27. juli 2010

Ein staseleg prins og regnbogen

Det er så kjekt å gjere stas på kvarandre!
Denne gongen er det Lille A som har vore kunstnar, og eg har omsider fått nokre av bilda hennar i glas og ramme. På denne måten blir dei verkeleg gjort stas på! 

Vi har fått regnbogen og prinsen ut av den store bunken med teikningar, og opp på veggen. Eller, det vil seie, på veg opp mot veggen, i alle fall... Etter å ha budd her i to år har vi nesten ingen bilder på veggane, 
og eg syns rett og slett det er vanskeleg å bestemme heilt kor dei skal vere! 
Men litt etter litt blir det bestemt, og dei får nok kvar sin spikar snart, desse kunstverka også. 
Foreløpig står dei plassert på peishylla i stova, og dei er fiiine!
Kanskje eg burde ha styla hylla litt før eg knipsa? Hihi, det er i alle fall autentisk.
Nokre lykter, ein boks med knappar i, ei skål med eit påskeegg...

Har du gjort stas på nokon i dag?

torsdag 15. juli 2010

Fem ABC-favorittar

Herleg stoff med både alfabet- og talprint i mange ulike fargar.


Her var det mykje fint! 
Talplakatane var også heilt fantastiske! 


Dette er altså små broderi, og du kan kjøpe alle oppskriftene på pdf.


Fann så mange fine abc-plakatar på Etsy i dag!
Vanskeleg å velge fem, men her er dei. 
Hihi, har eg talt riktig, tru? ;)
Klikk på navnet for å sjå nærmare på dei.

Klem

onsdag 14. juli 2010

Jordbær!

Når hausten kjem og det er sein søndagsmorgon, brødet er heimebakt og teen er søt og god.... 
Friskt og godt jordbærsyltetøy frå frysen! Namnam!!

Eg fekk tak i ei kasse med norske bær her om dagen, og då var det berre å svinge seg rundt. Fekk god hjelp til reinsking, smaking og røyring, og så vart det nokre glas som vi kan nyte seinare. 
Sjølvsagt vart det vaflar med jordbær samme dag, og nokre bær vart fryste heile til sommarlege smoothies.
Hihi... Eg må vel berre innrømme ein liten ting. Hadde det ikkje vore for bloggen, så hadde nok ikkje glasa vore såå fine! ;) Dette syns eg er ein stooor fordel med å blogge! Eg syns det er så herleg når ting ser fint ut, men kan vere litt treig til å sette planane og idèane ut i livet, men med bloggbilder som motivasjon blir det så mykje lettare! :) Kjenner du deg att?

Bak syltetøyet ser du kvite, fine peonar frå hagen, og kan til og med skimte symaskina i det fjerne...
No skal eg snart sette maskina opp på bordet og komme i gang med kreative ting! Gler meg! :)

Ha ein fin dag!

fredag 2. juli 2010

Mmm, så fiiin!

Endeleg, endeleg, endeleg har eg fått gjort det!
Ei settekasse frå fordums tid har lagt under senga i omtrent eit år, før ryddebehovet vart for stort, og hylla verkeleg kom fram i dagen. Når eg litt etter hadde kreativ dag med halvsjuk Lille A, kom hobbylakken og papira på bordet, og etter litt strev med å få til rette fargen vart dette resultatet!
Eg er så fantastisk fornøgd, og alle som har kikka innom kjøkkenet mitt har kommentert den fargerike hylla.
Dei fleste papira er Rie Elise Larsen sitt design, men det raude og det brune/blå er frå Panduro.
Fargen har eg blanda sjølv, og den er kanskje litt skarpare enn det ser ut på bildet. Frisk!
Sjølv om Lille A er ein samlar, og stadig har lommer og hender fulle av småstein, skjell, pinnar, platbitar og andre dyrebare skattar, har kanskje ikkje eg det same genet i like sterk grad. Då eg skulle putte småtteri i hylla fann eg ut at det er befriande lite nips i huset mitt.. Joda, vi har meir enn nok av ting og tang, men ikkje sånne små pynteting. Heldigvis fann eg likevel ein vakker japansk pung eg har fått av systra mi, nokre lekre papirklipperier eg har fått gjennom bloggen, ei skjønn ugle (som eg eigentleg har gitt bort til Lille A, men som eg høgtideleg fekk tillatelse til å låååne) og ein kvit fugl. Hylla gjer veldig mykje ut av seg sjølv, så det er rett og slett ikkje nødvendig å fylle den meir enn dette. 
Fekk forresten eit bra tips her om dagen, frå ei som hadde tenkt på å gjere det samme, men bruke settekassa til nøkkelskap! Kjempelurt! Ho tenkte at dei har ikkje såå mange nøklar, så på den måten ville den ikkje bli overfyllt..
Så får du sjå heile hylla til slutt. Hengande på kjøkkenveggen no. Ei glede for auget!
No skal eg nyte sola! 
Nyt sola du også!


blogger template by lovebird