tirsdag 27. juli 2010

Ein staseleg prins og regnbogen

Det er så kjekt å gjere stas på kvarandre!
Denne gongen er det Lille A som har vore kunstnar, og eg har omsider fått nokre av bilda hennar i glas og ramme. På denne måten blir dei verkeleg gjort stas på! 

Vi har fått regnbogen og prinsen ut av den store bunken med teikningar, og opp på veggen. Eller, det vil seie, på veg opp mot veggen, i alle fall... Etter å ha budd her i to år har vi nesten ingen bilder på veggane, 
og eg syns rett og slett det er vanskeleg å bestemme heilt kor dei skal vere! 
Men litt etter litt blir det bestemt, og dei får nok kvar sin spikar snart, desse kunstverka også. 
Foreløpig står dei plassert på peishylla i stova, og dei er fiiine!
Kanskje eg burde ha styla hylla litt før eg knipsa? Hihi, det er i alle fall autentisk.
Nokre lykter, ein boks med knappar i, ei skål med eit påskeegg...

Har du gjort stas på nokon i dag?

5 kommentarer:

  1. Virkelig en liten kunstner du har i hus. Så fine bilder. Artig at du tar vare på tegningene og setter de i rammer.

    SvarSlett
  2. Herlige bilder, dette har jeg lenge planlagt å gjøre. Emilie har noen faste prinsesser som går igjen i tegningene, så skjønne!

    SvarSlett
  3. For en flott blogg du har!
    Flott å få tegningene i glass og ramme!!

    SvarSlett
  4. Den prinsen var verkeleg herleg! Tenk han er så kongeleg at kruna går i eitt med hovudet :o) Utruleg skjønn!

    Eg har berre gjort stas på meg sjølv i dag - med ein minispa-halvtime på badet. Deilig!

    Sommarklem frå Susanne

    SvarSlett



blogger template by lovebird