Viser innlegg med etiketten bukse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bukse. Vis alle innlegg

mandag 14. mai 2012

Mandagsstjerna

Mandag kveld. Ei ny veke er i gang. Ei god helg er over. Håpar veka også bringer mykje glede! :) 
Eg viser fram sybilder igjen. I dag har eg hatt på meg den nye tunikaen min på jobb, og har vore så stolt! Endeleg har eg sydd noko til meg sjølv! Noko som vart vellukka! :) Og eg vil gjerne sy meir også no, når eg først har fiksa og triksa med mønsteret, slik at det meir eller mindre passar til min kropp. Mønsteret har eg funne i boka Made by me, og det er Sukkertøykjolen fra Klinkekult. Min kjole er av lilla babyfløyel og med prikkar på armane. Ikkje noko meir pynt. Less is more, sa mannen. ;) Kjempegøy og akkurat passe enkel å sy!

Stjerna på bildet sit på ei herleg bukse eg tidligare har sydd til Lillebror. Han var så fin i den på laurdag! Vi kosa oss, men det viser kanskje bildet? Mannen måtte knipse bilder, når vi først gjekk i heimesydde klede begge to! ;) Denne guten er stjerna mi...og sjølvsagt er søstra det også! Varm i hjartet!

Eg vil ønske eg ei god og glad veke!

tirsdag 11. mai 2010

Kjempeinspirasjon!

Gjett om eg jubla då Lille A kom inn med posten her om dagen!
Eg vart sååå glad!
Har du høyrt om boka Myk start? Eller bloggen?

Fotografen og handarbeidsdama May står bak nokre herlege bøker, og den nyaste, som heiter Sikksakk, ville ho gi bort til meg. Eg hadde alt bladd i den hos ei venninne, og hadde konkludert med at dette var ei vakker og inspirerande bok! Stor var difor gleda då eg fekk den, og kunne bla meir i den. Eg kan bla og bla og bla, for bilda er så skjønne, oppskriftene så lettfattelege, fine og morsomme, og eg finn mengder av inspirasjon!

Sjølv om eg ikkje er så veldig opptatt av (eller flink til) å følge oppskrifter, så var det god hjelp å hente her, og eg har alt sydd ei bukse til Lille A med mønster herifrå som basis.
I går kveld hadde vi strikking her hos meg. Då samlast vi nokre venninner for å skravle, ete og (ja, faktisk!) strikke! Men er det fleire som kjenner at strikkelysta forsvinn litt etterkvart som våren kjem fram? Eg har i alle fall pakka bort det siste, håplause strikkeprosjektet mitt, og lagde hårspenner i staden. Og medan ei hekla, teikna ei anna mønster til barnekjole...og ALLE likte vi Sikksakk like godt!

Ser desserten god ut, syns du? Mmmm....eg fann jordbær på butikken, og bestemte meg for at eg ville lage noko med jordbær og krem, men det måtte vere både søtt og friskt, og jordbæra var jo ganske belgiske og kjedelege...hihi! Resultatet er ei blanding av piska krem, melonyoghurt, non stop, jordbær og knuste pikekyss, og med banan og anna godt på toppen! Suksess!

Hugs at no nærmar det seg trekning av give away!

mandag 18. januar 2010

Blomsterprakt og favorittpingvinar


Det er så vakkert når sola skin inn gjennom stoveglasa, og det er lyst og varmt og reint og koseleg. Hmmm, og så har eg ein heilt fantastisk tulipanbukett! Takk, M&K. Vi hadde gode vennar på middagsbesøk på laurdag, så eg kom meg etterkvart ut av pysjen, og inn i litt finare klede og sminke. ;) Det er godt med innedagar, men det er jo deilig å pynte både seg sjølv og huset litt også!


Eg skulle ønske eg hadde hatt denne i helga! Dette er frå no av mi nye favorittbukse! Hihi! -berre så synd at den er så pysj'ete at eg ikkje kan bruke den andre stader enn heime... Den vart sydd no i kveld, og det gjekk faktisk heilt problemfritt denne gongen. Eg la berre ei gammal pysjbukse oppå pingvinstoffet frå Stoff og stil, teikna rundt og klipte. Så sydde eg den god og romsleg, og fekk hjelp til å ta bilder. Etterpå sette eg i strikk nederst i beina og oppe i livet. Heilt perfekt!

Til slutt må eg berre vise fram Frodige Fru Amaryllis... Ho har stått og vist seg fram i finstasen så utruleg lenge! Eg fekk ein nesten blomstrande amaryllis av pappaen min nokre veker før jul. Han hadde kjøpt den på Rema for 74,50 på vegen hit, og eg syns sjølvsagt at den var heilt skjønn. Særleg då det kom fire nyyydelege, kvite blomar i toppen! Og så oppdaga eg at det kom ein knopp nederst, men tenkte nok at den ikkje kom til å overleve jula heime aleine. Likevel, då vi kom heim frå juleferie stod Frodige Fru Amaryllis godt støtta opp mot kjøkkenvinduet. Ho hadde jobba hardt for å nå tak i dagslyset, og var blitt heilt skeiv og skakk, stakkars. Eg gjorde så godt eg kunne for å stelle godt med henne, for ho hadde trass alt fått enda fire, flotte blomar i toppen. Avklipt og i ein enkel vase har ho stått fornøgd og vist seg fram i to veker, men i dag var det slutt. Eg takka ho for all gleda ho har gitt meg gjennom si skjønnheit, og putta ho varsamt tilbake i remaposen under vasken...sukk. No er jula veldig over.

Eg ser forresten at det nærmar seg 10.000 besøkande på bloggen min sidan eg begynte å telle i sommar... Det er såååå gøy! Kjempeinspirerande for blogginga å sjå at så mange er innom, og eg går no og grublar på korleis eg best kan takke dykk. Det blir nok heilt sikkert ei lita feiring her inne når eg passerer det magiske talet! ;)

Enn så lenge ønskar eg dykk alle ei god veke!

søndag 11. oktober 2009

Søndagskosebukse

I går fekk både Lille A og eg besøk av kvar vår venninne, og hadde ein strålande ettermiddag og kveld! Det kribla i fingrane til oss voksne, for vi skulle sy når ungane hadde lagt seg...og heldigvis sovna dei ganske greit!

Eg hadde ein plan! Eg ville sy meg ei deilig, posete søndagskosebukse, og hadde kjøpt inn og vaska den lyselilla stoffbiten på førehand. Mønster hadde eg også leita såvidt etter, men fann ikkje noko eg ville ha, så eg fann ut at eg berre skulle teikne av ei pysjbukse som passar... Det var ikkje det luraste eg har komt på, men du skal vite at både eg og venninna mi lærte noko! ;) Etter mykje styr for å få plass til buksa på den litt knappe stoffbiten, fekk eg klipt ut, applikert på eit fint hjerte, og så sydde eg saman...(knappenåler er for pyser...?) I alle fall så hadde eg ikkje passa på at lengda frå "tuppen" på mønsteret, både framme og bak, var like langt, så heile buksebeinet vart skeivt og rart.Men til Lille A vart den fiiin! Eg gav opp prosjektet mitt, og begynte på nytt. Så i dag har veslejenta tusla rundt i den utruleg mjuke, gode kosebuksa, og eg har vore ganske misunneleg... ;)
Vi har hatt det eine besøket etter det andre, og Lille A har vore såå trøytt! Det er vel ganske slitsomt å ha venninne på overnatting på rommet sitt, sjølv om det var stooor stas å våkne kl 06.38 for å begynne leiken...(Vanlegvis kan ho sove til 8...)
På bildet ser du at ho kosar seg med gåva ho fekk av mammaen og pappaen sin til bursdagen. Eg fann nemleg to ekstra dukker med 14 sett klede, og dei har alt flytta inn i dukkehuset og til familien som bur der.

lørdag 29. august 2009

Litt av ein laurdag..


I dag har eg fullført det grønne og blå lappeteppet mitt! :) Det var godt! Men...eg veit ikkje om det var mangel på konsentrasjon eller kva det var, men det vart litt skeivt og slurvete. Uff, det blir fort det med meg, for eg likar enkle løysingar..det er berre det at det ikkje alltid løner seg likevel!


Baksida er av lysblå lin frå Åhlèns, og kanten er frå Panduro. Ellers er lappane frå samme stad, i tillegg til einsfarga stoff frå S&S og blå/grønt stoff frå Retrodepot/Amy Butler. Det er vattert med god platevatt. Dette teppet kjem ikkje ut for salg, men dersom neste forsøk blir betre kan det kjøpast. Men kva er passe pris på eit baby-/vognteppe..?


Her kjem actionbilda av Lille A i lillabuksa si. Den vart suksess!


Vi hadde ei litt brå oppvåkning i dag tidleg, då besøket vårt kom og varsla om ein lekkasje... Frå ein spot i baderomstaket draup det vatn, og etterkvart fann vi ut at det rann litt ned langs listene også. Æsj! Vi får det sjølvsagt att på forsikringa, men for eit styr! Det er oppvaskmaskina som er syndaren, for den har tømt alt vatnet sitt inn under belegget på kjøkkengolvet. Jaja, det er greit å vere optimist av natur, altså.. ;)

mandag 24. august 2009

Strevsom lillabukse..


Med eit par fine, lilla stoffrestar tok eg til på ei lita bukse i går. Med utgangspunkt i ei Günther-bukse str. 98, men med ein god del personlege vriar, vart det ei knallfin bukse! Stoffa er mørk lilla baby cord og mønstrete bomull frå S&S. Buksebeina kan brettast opp eller ned, alt etter kor langt barnet er.


Eg hadde ikkje nok stoff til ei heil bukse, og difor laga eg den slik nederst i beina. I tillegg måtte eg bruke det samme stoffet i midja, men sidan dette stoffet ikkje er særleg strekkbart, la eg inn strekk i livet. Dette ser du så vidt bak, for eg gjorde det slik at det kunne regulerast etterkvart som barnet vaks. MEN då Lille A skulle prøve buksa før ho gjekk i barnehagen i dag, så var det berre så vidt vi fekk den over baken! Hm, tenkte eg, då får eg kjøpe ein glidelås på veg heim frå jobb... Og det gjorde eg. Eg kunne nesten ikkje vente med å komme igang etter middagen, og sette igang med godt mot. Lille A rakk akkurat å prøve buksa før ho skulle legge seg, men denne gongen passa den ikkje i det heile tatt!! Æsj, altså! Slikt blir eg litt gretten av...


Her ser vi den flotte modellen posere etter frukosten. I morgon håpar eg å få tatt nye actionbilder, for no har buksa fått strechkant i mørk lilla viscose (det var det eg hadde i hus..). Og bortsett frå at den ser ut som ei gravidbukse i str. 4 år er den ganske fin.. ;)

tirsdag 28. juli 2009

Endeleg retro!

Denne kjolen må eg seie meg svæært nøgd med! Den vart kjempefin, og midt i blinken til ho som skal få den , trur eg. Den er sydd av eit gammalt restestoff, og kanta med vanleg grønt kanteband. Det vart ein fin kontrast! Knappane er trykknappar frå Panduro.

Eg ville at det skulle bli eit sett, og laga difor ei grøn bukse som skulle matche. Første forsøk var skikkeleg mislukka, men denne gongen gjekk det betre. Stoffet er jersey frå S&S, med kjolestoffet nederst i beina og som elefantapplikasjon. Oppskrifta er på ein måte frå Ottobre nr.6/2007, men den er gjort litt om på.
Nederste bildet er eit nærbilde av elefanten, som er klipt ut på frihand etter eige hovud, men som vart litt rufsete då eg sikksakka kanten. Neste gong skal eg finne ein annan måte å gjere det på, trur eg.

fredag 17. april 2009

Mi første bukse!


Så har eg endeleg gjort det! Eg satt med dette prosjektet i går kveld, og det var faktisk ganske enkelt! Stoffet er frå Panduro, og linningen og strikken nederst i beina har eg klipt frå ei øydelagt jakke. Anna vil sjølvsagt ikkje prøve den, men eg får lokke og lirke litt meir.. Veit ikkje heilt korleis storleiken vart, for eg er så innmari unøyaktig.


blogger template by lovebird