Lillebror skal få tøybleier, og eg må innrømme at eg er ganske spent.
Brettebleier og ulike andre typar tøybleier er kjøpt inn, vaska og lagt pent i korger ved stellebordet. Dei siste dagane har eg herja med strikkepinnane, og greidde å trylle fram deilige, sunne, fornuftige og sympatiske bleiebukser. Dei er strikka av supergodt Askeladden lanolingarn, kjøpt hos Nøstebarn.
I og med at rykta fortel om gode oppvekstvilkår for møll i våre dagar, har eg gjort mitt for å beskytte ulltøyet vårt. Eg har sydd ein liten bunke lavendelposar, som skal ligge litt her og der, innimellom ulltrøyer, strømper og anna. Og eg har også høyrt at det skal vere fint å putte ein lavendelpose i tørketrommelen, så det skal testast! :) Lavendelen er kjøpt i lausvekt, og den luktar himmelsk!
Men korleis kjem det eigentleg til å funke med tøybleiene?
Kjem vi til å finne eit godt system for oppbevaring og vask? Eg trur nemlig at det blir den største utfordringa..
Og kvifor vil vi velge tøybleier no når vanlege bleier nesten blir gitt bort i butikken?
Eg vil ha tøybleier ikkje berre fordi det er trendy ;) Det må jo vere såå mykje betre å ha på! Og tenk dessutan på miljøet! Ikkje fleire bleielass i søpla herfrå!
Vel, vi får sjå korleis det går, og eg skal nok heilt sikkert fortelle om erfaringane undervegs!
Skal tru kva eg skal strikke no?
Eg storkosar meg med strikkinga om dagen.
Og eg storkosar meg med blogginga også!
Såååå kjekt med masse respons!
Ønskar deg ein herleg onsdagskveld!
Ja til tøybleiar! *tommelen opp*
SvarSlettVi har brukt tøybleiar til alle våre dei første månadene, men har gått over til papir når dei har passert halvåret. Vart litt styrete når det vart slutt på morsmelkbæsjen, og vi fekk aldri heilt dreisen på rispapiret (kanskje vi burde ha prøvd eit anna merke, men så langt kom vi visst aldri).
I alle fall; oppbevaring og vask er lett som berre det! Eg sydde to store posar av bomullstoff på utsida og PUL-stoff inni, glidelåsåpning i toppen.
http://www.flickr.com/photos/28760738@N07/2969316354/in/set-72157606275474292/
I denne la vi alle brukte bleiar (og vaskeklutar). Eg skylte ikkje bleiane før eg putta dei i posen, og glidelåsen og PUL-stoffet gjer at posen er luktfri (og så slepp ein styret med bleiebøtter med vatn og eddik på badet). Når posen var full, åpna vi glidelåsen og putta heile stasen i vaskemaskina. Posen vrenger seg sjølv i vask, slik at innhaldet kjem ut, og då slepp ein å handtere brukte bleiar meir enn nødvendig. Bleiane fekk først ei kald skylling i maskina (løyser opp urin), og så ein vanleg 60 graders vask. Innemellom kjørte eg 90 grader, med 60 grader er nok på det jamne.
PUL-stoff finn du t.d. her:
http://cethodesigns.no/?nr=90&idkategori=160&kat_name=PUL,%20fleece%20og%20ribb
Ferdige vaskeposar til tøybleiar finn du også i nettbutikkar som sel tøybleiar.
Lykke til med tøybleieprosjektet!!!
så nydelige bleiebukser har eg aldri sett før! heldige lillebror :-) Lykke te med tøybleier!
SvarSlettTøybleier er heilt topp! Vi har aldri brukt noko anna (berre i krisetilfelle, og til saman nesten to pakkar...) på vår nesten-ettåring. Det er ikkje noko stress, og dei tøybleiene som vi har, er i alle fall kjempegode. Hadde brettebleier i starten, men likar dei formsydde litt betre. I alle fall etter kvart som ungen bevegar seg litt.
SvarSlettDu slepp boss, og du slepp den ekle papirbleielukta :) Så får det heller vere at du får kasta papirbleier etter deg på butikken for tida.
Lykke til!
Så goe du e så ska bruga tøybleier! d orka isje eg;/ e spente på å høra koss d vil gå! SÅg kjempekoselige å goe ud di bleiebuksene då, å lavendelposane:))
SvarSlettklem:)
..tror faktsik ikke det er noe bedre for babyen..de blir jo mye våtere enn papirbleier som kapsler inn tisset og kjenner tørre, om de byttes hyppig...men, lykke til! :-)
SvarSlettOg, hvorfor er man "god" som bruker tøybleier?? Koselig? Nei, vet du hva..
Kom på eit par ting til då eg hadde lagt meg i går:
SvarSlettNøstebarnbretten er grei nok, men eg likar denne betre (særleg etterkvart som ungen veks):
http://www.youtube.com/watch?v=spPSjEvRBM0
Då treng du ein snappi til å halde saman bleien med:
http://www.bleieboden.no/productdetails.php?product=29
Her har dei også bleieposar:
http://www.bleieboden.no/productdetails.php?product=347
Det løner seg også etterkvart å bruke innlegg av bambus i bleien, slik at den klarer å suge meir væske. Vi brukte desse og var veldig fornøgd med dei:
http://www.ecoearthnappies.com/showproduct.php?org_id=12831&product_id=12201
Ellers finn du massevis av informasjon om tøybleiar og tøybleiebruk på tøybleieforumet inne på tettinntil.no
God torsdag! :)
Kjempefine ullbleiebukser! Ser veldig myke og gode ut.
SvarSlettJeg har dessverre ingen erfaring med tøybleier, her går det i de kjøpte...
Hei Guro!
SvarSlettSå flott at du har bestemt deg for å bruke tøybleier til lillebror. Det gjorde vi også til vår lille gutt som nå er blitt 6 år. På jentene våre brukte vi papirbleier, og jeg ble helt kvalm av mengden av avfall vi kreerte. Jeg kjøpte nesten alle bleiene fra MotherEase på ebay, og var kjempefornøyd, og 'one-way-liners'og 'nappy soak' fra Perfectly Happy People. Om natta brukte vi et ekstra lag med innlegg som jeg klipte opp av fleece stoff. Ser at du allerede har fått mange gode råd lenger oppe her, så dette går sikkert helt fint. Lykke til!
Klem, Sølvi
Hei Guro! Jeg brukte tøybleier til Maiken når hun var lita og har en del erfaringer jeg gjerne deler med deg! Vi snakkes jo i barnehagen så vi kan jo snakke litt sammen en dag vi møtes. :)
SvarSlettMette
Så fina! Jag odlade lavendel i somnras, men var bortrest och glömde skörda... Nu har jag sent om sider blivit vän med symaskinen och satt saxen i tygerna jag vann av dig. Skrev om vinsten idag. Stort tack!!
SvarSlettTøybleier er nok mye bedre for ungene enn papirbleier tror jeg. Hadde store planer om å begynne med det til minsten her i huset, men så plutselig er han 10 mnd og skal snart begynne i barnehage. Tror ikke tøybleier er særlig pop der så nå får det bare være! Kjempefin blogg du har!
SvarSlettVi har ikke angret en dag på at vi valgte töybleier til minstemann. Vi brukte det aldri om natta, bare for at vi aldri begynte med det. Spör meg ikke hvorfor. Det der med bæsjen, det syntes jeg nok ble mye lettere når det var slutt på morsmelk og rispapiret gjorde en bedre jobb.
SvarSlettTips til forvaring av rene bleier på badet: vi har brukt bleieautomat, jeg har en beskrivelse i bloggen, den syr du på nulltid i et av dine fine stoffer! :-)
Lykke til!
Hei du :-) Bleier, skinnpose og gave til A går i posten på mandag. Vi anbefaler rispapiret fra ImseVimse - du får det på bleieboden. Bleier med PUL (bla. de du får fra oss) skal ikke legges i bløt, bare skylles for bærsj. Vi har dem i en helt vanlig søppelbøtte med vippelokk. (de blanke fra IKEA med plastdunk inni). I barnehagen har vi bleiepose, men det er mindre lukt av søppelbøtta. Vakes på 30 grader først, så 60. Vi bruker Milo uten parfyme. En gang i mellom vasker vi ileggene på 90. Husk å bruke lavsete temp på tørketrommelen :-)
SvarSlettTøybleier er herleg! <3 Både mykje mindre lukt, mykje morosamare og mykje betre for miljøet. :) Vi har brukt tøybleier på deltid til lillebror. Det var nydelege bleiebukser du hadde strikka! Eit tips viss de vil bruke på natta og, er å ha nokre bleiebukser i tjukkare garn, evt dobbel tråd. Det er jo ein del fleire timar som bleiene skal halde då, og då er det kjekt å ha litt ekstra tjukt sperrelag.
SvarSlettEg fann forresten ut no at eg hugsar syster di frå ho var speidar i "gamle dagar" - og då veit eg jo kven mor di er, og. ;) Kanskje eg har møtt deg og?