mandag 20. juni 2011

Eit kupp!

No er det SOMMARSALG på Epla!
Besøk butikken min her!

Alle ringar er sett ned med 30% 
og utvalde hårspenner er sett ned med 50%
Løp og kjøp! ;)
Eg har forresten også gjort eit kupp i dag... På ein liten runde for å gjere nokre små ærend måtte eg innom Stoff og stil for å handle nokre bjeller. Mykje bilar på parkeringsplassen og eit stort gult skilt utanfor butikken. Hurra - salget begynte i dag! Oioioi...for første gong fann eg superfine stoff på salget der! Eg gjekk rundt i butikken med handlevogn og barnevogn, og med Lillebror på armen, for han vart fort lei av å vere der. Litt av ditt og litt av datt, litt til meg sjølv, litt til andre, litt rosa, litt blått, litt tjukt og litt tynt... Eg må jo ha litt å velge mellom! - som om eg ikkje har noko frå før..! Så då vart det plutseleg sånn cirka 15 meter til med stoff i samlinga. Og eg har ikkje ein gong symaskin no! Sylysta er ekstrem, kreativiteten sprudlar, idèane er uendeleg mange, kveldane er lange og lyse og nesten alt ligg til rette for å få produsert både til liten og stor. Eg har til og med ein slags plan om å få lånt meg ei maskin i morgon, men vi får sjå... Det store, flotte sybordet vi hadde midlertidig plassert i stova har flytta ut i hagen, og har fått eit fint strøk maling i dag. Men vi har jo framleis kjøkkenbord! ;) På tide å putte skattane i vaskemaskina? Tørkevèret er jo upåklageleg i dag, med strålande sol og sterk vind! Kva brukar du dei lyse kveldane til?

Ønskar deg ei kreativ veke!

5 kommentarer:

  1. Hej!
    Jag blev nyfiken när jag såg ditt smarta bloggnamn och klickade mig hit, och vilken tur! För här verkar det finnas massor med härlig pysselinspiration!:-) Vad glad jag blir! Men jag får nog komma tillbaks imorgon när jag hinner ta mig en ordentlig titt häromkring:-)

    SvarSlett
  2. Det var salg på laurdag og ;-) Då var eg og Nora ein tur der :-)Veldig masse fint i alle fall!

    SvarSlett
  3. Det høres helt vidunderlig ut med masse stoff på lur- og i alle fall når det er kjøpt på salg... ;) Har du vært innom hos meg i det siste og sjekket ut at jeg faktisk ble inspirert av deg og satte i gang med et strikkepinneetui? ;)

    Klem Pink lady

    SvarSlett
  4. Å så deilig å ha masse fint stoff å boltre seg i;)
    Gleder meg til å se hva du produserer.

    SvarSlett
  5. Kjket med salg. Og no blir det meir stoff på deg for du har nemleg vunne gi-borten hos meg! Kikk innom Lin & Papirblggen og send meg adressa di. Takk for at du ville vere med!

    SvarSlett



blogger template by lovebird