I dag tenkte eg at eg verkeleg skulle utlevere meg sjølv på bloggen min.
La lesarane mine få eit innblikk i kven eg verkeleg er.
Den usminka sanninga...
Men eg feiga litt ut. Gøymte meg bak kaffekoppen min. Skriv det eg vil skrive, og ikkje det eg ikkje vil at de skal vite om. Men hallo! dette er jo meg! Joggebukse, kaffe latte, kjøkkenbord og slapp formiddag.
Ikkje alltid like trendy og fresh og effektiv. Er ikkje det godt å vere litt av begge deler? :)
Det er faktisk to grunnar til at det blir eit slikt innlegg i dag.
For det første er det noko som ikkje er som det skal, slik at eg ikkje får lasta opp bilda mine frå kamera i dag. Og for det andre..: Tam-ta-da-daa! Eg har fått ein award! :) Alltid like kjekt å få det, sjølv om eg ikkje alltid er like flink til å oppfylle krava som gjerne følger med ein slik... Denne gongen må eg imidlertid innrømme at det var litt ekstra stas, for det var sjølvaste Karen som gav den til meg! Ho er jo eit av mine bloggforbilder, og ei dame som verkeleg sprutar av energi og kreativitet og ein befriande, stor vilje til å dele, både eigne idèar og andre sine fine bloggar. Herleg! Slike damer vil vi ha fleire av her inne! :)
Eg fekk altså denne awarden, med påfølgande tekst:
Til norske Guro/Ein gul knapp for eminent god stil.
Hihi - det er meg, det!
Denne leiken inneber at eg skal fortelle heile åtte ting om meg sjølv:
- Eg er opptatt av korleis det ser ut rundt meg, men drøymer gjerne meir enn eg handlar... Difor har eg tusen påbegynte prosjekt og idèar på gang, og ei laaang liste på kjøleskapet over ting eg vil ha gjort i og rundt huset. Ja, så kjem alle kreative prosjekt i tillegg, så klart...
- Eg er impulsiv og likar å vere med på plutseleg moro. Syns det kan vere vanskeleg å planlegge alt mulig, men likar å tenkt på ulike alternativ, og så handle ut frå det som er mest freistande akkurat her og no.
- Eg går til fysioterapeut to gongar i veka på grunn av bekkenet mitt, mens syns det er frykteleg kjedeleg å trene... Tenk om eg kunne trylle meg i form! Åh, så bra det hadde vore!
- Eg og mannen og barna har begynt i familiekor! Det er sååå kjekt, både å synge i kor og gjere noko saman som familie, saman med så mange andre koselege familiar!
- Eg er ganske sosial, og det siste året har eg fått så mange nye vennar! Det er heilt fantastisk! :) Blogginga har vore ein del av det, og eg har truffe herlege, nye folk gjennom bloggen. Eg visste verkeleg ikkje at den skulle ha den fine bieffekten!
- Eg har facebookkonto, men brukar den ytterst sjeldan. FB gir meg faktisk nesten ingenting, mens ein herleg runde ute i bloggverda og på etsy og sånn gir meg enorme mengder inspirasjon! Faktisk så mykje at eg berre får benytta meg av ein brøkdel av det. Men herlighet så deilig det er..!
- Eg er skikkeleg kresen på kaffe. Må seie det sånn cirka som eg las det i ei bok: Stakkars dei priviligerte som har smakt skikkeleg god kaffe. Ingenting blir som det. Og stakkars dei som skal servere desse kaffe... Ja, takk, eg tar sikkert helst te, om du spør...hihi!
- Eg er optimist. Men eg trur fort at det verste har hendt. Som når mannen kjem to minutt seinare heim enn han har sagt at han skal.. Han er vel ikkje overkøyrt av ein sinna bussjåfør i Byåsvegen, vel? Men så overbeviser eg meg sjølv om at det verste ikkje har hendt. Lillebror pustar nok tungt og godt i vogna si - sjølv om det er heilt stille. Storesøster kan nok hente posten heilt aleine - utan å bli bortført. Morfar har det nok bra - han har sikkert berre lagt att telefonen heime... Ja, slik tenker eg om det aller meste. Og sjølv om eg har blitt dobbelt så nervøs med dobbelt så mange barn, så tenker eg fortsatt dette:
Det ordnar seg!
Til slutt skal eg gi awarden vidare til tre andre flotte bloggarar, og det er jo frykteleg vanskeleg!
Eg har med nød og neppe klart å velge berre desse tre fine bloggane, sjølv om mange fleire fortener det:
Johanne/A blög once bit my sister - kvardagsliv på den skjønne måten!
Mia/Kiiromi - herleg kreativt, inspirerande og retro!
Ylva/Darling Things - interiør og masse tips!
Ha ein deilig dag!
Du Guro,du Guro! Så herlig lesning, vi er så like på mange måter! Jeg er også så kresen på kaffe, men her kan du det med å lage latte ti ganger bedre enn meg :) Bloggeverden er fantastisk; en ytterst positiv greie!
SvarSlettTakk for award!! Ekstra spesielt å få det fra min favorittblogg! Nå vil lillegutt ut å trille. I kveld er det konsert i Domen med Susanne Sundfør; det gledes!!
Wow, vad glad jag blir!! Vad oväntat och roligt. Och kul att läsa lite mer om dig också.
SvarSlettTuusen tack, det var jättesnällt att du tänkte på lilla mig :) Jag tar väldigt gärna emot din fina Award.
Kram Mia :)
Gratulerer med award!!
SvarSlettKjekt å bli litt bedre kjent med de som er bak bloggen.
Så gøy med familiekor, det hadde vært noe for oss ;)
Ha en fin dag videre!!
vad söt du är som skriver om mig: )
SvarSlettblir jätteglad! (och kul att läsa lite mer om dig: )
Gratulerer sp mye med knallflott award! Hyggelig å lese litt om deg:))
SvarSlettHa en riktig fin tirsdagskveld!!
KLEM KLEM
Anette:)
synes du er søt der bakom kaffekoppen din jeg ;)
SvarSlettgrattis med award!
familiekor høres kjempekjekt ut..her har vi gått på babysang, og småbarnskor, men familiekor har vi ikke prøvd :)
Hi, hi, likte denne utleveringen jeg!
SvarSlettGøy å lese litt mer om deg:)
Gratulerer med award, den er vel fortjent. :)
SvarSlettMorsomt å bli "litt bedre kjent med deg", ser vi nok er ganske like.. :)
Ha en finfin kveld.
Klem Silje
Oj, så kul att läsa om dig! Och grattis!
SvarSlettTack för din fina hälsning hos mig och ha en fin dag!
Kram Sofia
'du er et flott menenske' Jeg blir glad av å lese bloggen din:)))
SvarSlettTakk for superkoselig kommentar, ikke dumt - bare koselig! :)
SvarSlettHa en kjempefin dag
Klemmer Silje
Skåler tilbake med lattekoppen min jeg da!! Bruker en stooor tekopp for å få mest mulig deilig nykverna kaffi oppi... Ja, drikker alt for mye kaffi!!
SvarSlettLykke til med bekkenet ditt. Skulle ønske vi fysioer kunne trylle, men det inngikk desverre ikke i pensum... Sånn er det, klarer ikke å kurere meg selv en gang. Men stå på med treningen! det ordner seg nok ;)
Klem klem
Så artig å lese litt om DEG! Me surfar rundt, og trur me kjenner kvarandre litt - men så gjer me vel eigentleg ikkje det. Derfor er det fint å lese litt om kven du er og kva som gjer deg glad! Men den usminka sanninga - me har alle ei usminka side. Og når me bloggar viser me oftast den sminka sida... Ein ryddig heim, smilande ungar! Livet er ikkje alltid slik. Ikkje for nokon, trur eg:-)
SvarSlettHa ein fin dag!
Klem
Grattis med award! Artig lesing!
SvarSlettEnig med deg når det gjelder kaffe og bøker;-)
Og dessuten må jeg si at det er deilig å se at det finnes flere som leser blogger og drikker kaffe iført joggebukse! HURRA!
Innimellom føler jeg at alle andre bloggere får gjort så innmari mye, mens mine prosjekter ofte blir påbegynt og lagt unna, evt utsatt pga hverdagslige sysler. Jeg skjønner ikke de som rekker å sy i fire timer hver morgen FØR de drar på jobb...