lørdag 23. januar 2010

Papirdukker frå 50-talet



Det har vore roleg herfrå i nokre dagar. Eg har nemleg ein del planar, og jobbar hardt for å realisere dei. ;) Først i køen stod ein premie til give-awayen eg skal ha her når eg rundar 10.000 besøkande, og det er ikkje så lenge til! Eg har laga noko som vart ganske fint, ganske personleg og ganske morsomt, og håpar det kan lokke mange til å delta. :) Men det er sjølvsagt litt hemmeleg enno... I morgon skal eg fotografere, og så får de sjå i løpet av nokre dagar.



Eg likar så godt desse papirdukkene! Herleg nostalgiske! Dei er ekte vare frå 50-talet og tidleg 60-tal, og heiter Betsy McCall Paper Dolls. Dei er til og med gratis å laste ned og printe ut! Tusen takk til Badut som viste veg!



mamma var lita, på 50-60-talet ein gong, budde min morfar nokre år i Amerika. Det var jammen eksotisk! Eg har fått høyre ein del om den tida, og eg har sett nokre av dei fantastiske Amerikakjolane han kjøpte og sendte til jentene sine på Sunnmøre. Noko av det som er så morsomt med desse papirdukkene er nettopp at dei minner meg om desse kjolane eg har sett heime hos mamma eller mormor. :) Herleg!



Også morfar sine småjenter laga nok teselskap i blant, og faktisk poppa dei popcorn også! Popcorn var ikkje noko ein fekk kjøpe i daglegvarehandelen på den tida, og min morfar hadde kjøpt upoppa popcorn i Amerika, og sendt det i posten saman med ein beskrivelse av korleis det skulle poppast. Eg ser for meg mormor på kjøkkenet, med mamma og søstrene med sine store, fine hårsløyfer ståande rundt. Der står dei nok og undrar seg over kva som skal skje med desse små, harde frøa i posen. Mormor puttar dei i panna, slik ho så ofte gjorde då vi var små og på besøk også, og så skvett både ho og jentene til då dei første smella kjem. Hihi! Og når poppinga sluttar, veit du kva dei gjer? Jo, då finn dei fram kvar si skål, og trur du dei drysser salt på? Neida, for dette stod det ingenting om i oppskrifta, så dei gjer det dei trur skal gjerast.... Mmmm, ingenting er som ei skål popcorn med mjølk og sukker på! Haha! Må berre rette meg sjølv litt, etter innspel frå ho som var til stades - det var mjølk og bringebærsyltetøy! Mmmm, enda meir interessant!

Ha ein fin laurdagskveld, med popcorn, latter og kos!
Klemmm

tirsdag 19. januar 2010

Friskt, finsk interiør


I dag kom eg over ein finfin blogg, med inspirerande interiørbilder... Dette barnerommet ser delikat og innbydande ut, og har mange morsomme detaljar.Sjå berre på desse herlege putene! Innlegget er merka DIY, men det er så finsk! Eg forstår ingenting finsk, sjølv om eg verkeleg legg godviljen til! ;)

Sjå innom Varpunen!




Alle bilder er lånt av Varpunen

Ha ein fin dag!

mandag 18. januar 2010

Blomsterprakt og favorittpingvinar


Det er så vakkert når sola skin inn gjennom stoveglasa, og det er lyst og varmt og reint og koseleg. Hmmm, og så har eg ein heilt fantastisk tulipanbukett! Takk, M&K. Vi hadde gode vennar på middagsbesøk på laurdag, så eg kom meg etterkvart ut av pysjen, og inn i litt finare klede og sminke. ;) Det er godt med innedagar, men det er jo deilig å pynte både seg sjølv og huset litt også!


Eg skulle ønske eg hadde hatt denne i helga! Dette er frå no av mi nye favorittbukse! Hihi! -berre så synd at den er så pysj'ete at eg ikkje kan bruke den andre stader enn heime... Den vart sydd no i kveld, og det gjekk faktisk heilt problemfritt denne gongen. Eg la berre ei gammal pysjbukse oppå pingvinstoffet frå Stoff og stil, teikna rundt og klipte. Så sydde eg den god og romsleg, og fekk hjelp til å ta bilder. Etterpå sette eg i strikk nederst i beina og oppe i livet. Heilt perfekt!

Til slutt må eg berre vise fram Frodige Fru Amaryllis... Ho har stått og vist seg fram i finstasen så utruleg lenge! Eg fekk ein nesten blomstrande amaryllis av pappaen min nokre veker før jul. Han hadde kjøpt den på Rema for 74,50 på vegen hit, og eg syns sjølvsagt at den var heilt skjønn. Særleg då det kom fire nyyydelege, kvite blomar i toppen! Og så oppdaga eg at det kom ein knopp nederst, men tenkte nok at den ikkje kom til å overleve jula heime aleine. Likevel, då vi kom heim frå juleferie stod Frodige Fru Amaryllis godt støtta opp mot kjøkkenvinduet. Ho hadde jobba hardt for å nå tak i dagslyset, og var blitt heilt skeiv og skakk, stakkars. Eg gjorde så godt eg kunne for å stelle godt med henne, for ho hadde trass alt fått enda fire, flotte blomar i toppen. Avklipt og i ein enkel vase har ho stått fornøgd og vist seg fram i to veker, men i dag var det slutt. Eg takka ho for all gleda ho har gitt meg gjennom si skjønnheit, og putta ho varsamt tilbake i remaposen under vasken...sukk. No er jula veldig over.

Eg ser forresten at det nærmar seg 10.000 besøkande på bloggen min sidan eg begynte å telle i sommar... Det er såååå gøy! Kjempeinspirerande for blogginga å sjå at så mange er innom, og eg går no og grublar på korleis eg best kan takke dykk. Det blir nok heilt sikkert ei lita feiring her inne når eg passerer det magiske talet! ;)

Enn så lenge ønskar eg dykk alle ei god veke!

søndag 17. januar 2010

Little Mi for Haiti


Fröken Skicklig lagar dei mest fantastiske dukkene, som alle har ei personleg historie... Herlege, små vesen, og ein nydeleg blogg!

Desse små dukkene er nettopp lagt ut på Etsy (pass på, dei blir selde utruuuleg fort!), og dei har tilhøyrande varmeposar, slik at dei er gode, gode, gode vennar for ein kald liten skatt som legg seg i den kalde senga si om kvelden. Og det som gjer akkurat desse ekstra spesielle, er at Fröken Skicklig har bestemt å gi ein donasjon til ofra på Haiti. Ho skriv sjølv:  

For this item Fröken Skicklig Crafts & Care donates 7.50$ to Médicins Sans Frontières to help Haiti
***
Nothing is better against cold feet and a bad stomach than a hot-water bottle. But days in bed can be quite boring without a little friend.

Little Mi likes to share her soft pillows and brings a sweet lavender scent to you. If you are sad, she will make you smile. If you are feeling ill, she will whisper you a little story about freckles, summer and picnic baskets with chocolate cookies.




La oss hugse på kor heldige vi er. Enten vi har ein heilt super søndag, eller om vi har det litt kjipt om dagen...
Vi er heldige! Trass alt!

Eg vil gjerne utfordre andre bloggarar til å gjere ein liknande innsats! Kanskje har du epla-butikk? Eller kanskje du kan hjelpe på annan måte?

Ta vare på søndagen, dei du er glad i
og dei som ikkje har det så godt!
Klem

lørdag 16. januar 2010

Tulleugle og ugletull


Eg har laga ei lita ugle til å henge på for eksempel ei barnevogn. På bildet er det Lille A si flotte, grønne dukkevogn som er prøvekanin, men tanken er å gi bort ugla i gåve til ei eg kjenner. Den vart typisk litt snodig... Hihi! Eg er visst ikkje særleg god til å sy under press. Det passar meg mykje betre å sy noko for moro skuld, og så sjå kva det blir. Det var forsåvidt moro å sy denne også, men det vart så seint på kvelden, så eg gjorde nokre tullete slurvefeil. Difor tittelen tulleugle og ugletull.. Den er jo tullete den ugla!


Syns likevel at ugla har litt sjarm, og så vart den flott på baksida. Dersom den skal henge på ei vogn må den jo vere fin frå begge sider! Eg har brukt brun ullfilt og ulike stoffrestar og band frå skuffene... Vart litt inspirert av mine eigne sanseputer, sjølv om det nesten ser ut som eg er inspirert av dei snåle gremlinsane også. Haha! Tanken er i alle fall at kontrastane mellom lyst og mørkt, det taktile (altså kjensla) og det estetiske skal vere stimulerande for barnet. Den er fyllt med ris, så den heng tungt og godt, men eg veit ikkje heilt... Må nok lage fleire før eg blir heilt fornøgd.

Det er godt det er laurdag...eg har sååå mange planar, og må nok inn i eit litt høgare gir om eg skal rekke alt! Forløpig er det pysjbukse og husarbeid som gjeld, men det skal nok bli meir etterkvart!

Ønskar deg ein verkeleg god laurdag!

torsdag 14. januar 2010

Vårleg frå Panduro!

 
Friske fargar og herleg kreativ inspirasjon frå Panduro sin vårkatalog som kom i posten her om dagen... Eg fann så mykje fint, og får lyst til å handle og lage både det eine og det andre! Mmmmm....må vel ta ein runde i butikken og helse på gamle kjente snart. :) Klikk på bildet for å bla i katalogen!


Tok med Mannen på ein bitteliten bytur i dag. Husvasken freista ikkje (sjølv om eg nesten angrar no når eg ser på kaoset rundt meg..hihi), og han ville gjerne til byen. Så då gjekk vi på cafè, berre vi to! Det er ei litt rar kjensle å rusle rundt i byen så aleine...men veeeldig godt også! Og Lille A storkosa seg i bursdag! Uheldigvis stengte alle dei koslege butikkane omtrent då vi kom ut av cafèen (eg har ikkje så stor sans for typiske kjøpesenter...), så vi rusla rundt i den sure vinden på Nordre ei lita stund, før vi kapitulerte og sette oss i bilen igjen.













Alle desse fine bilda er frå
Panduro

Ha ein herleg kveld!

onsdag 13. januar 2010

Bursdagsforkle...


Endeleg fekk eg brukt symaskina litt igjen! Den står stadig framme på kjøkkenbordet og freistar, men det er så mykje eg skal ha gjort heile tida! I dag har eg faktisk vore på trening, og er ganske fornøgd med å ha tatt meg sjølv i nakken og komt meg i veg.... Vanngym er ikkje berre slitsomt, men også utruleg varmt og godt og deilig! Og så skulle eg berre sjå noko spennande på tv, og SÅ kunne eg omsider sette meg til å sy. :)

Lille A skal i 4-årsdag i morgon, og sidan eg ikkje rakk nokon bytur i dag, måtte eg vere litt kreativ i forhold til gave. Trur vi er einige om at bursdagsbarnet blir fornøgd. :) Eg fann fram favoritt-soppstoffet, pompongar og ulike band, og så var det berre å sette det saman på ein herleg fargerik, jentete måte.

Det stoffet er det forresten Karen Klarbæk som har designa, og det finns (som så mange andre fine stoff ho lagar) å få kjøpt på Stoff og stil. Karen har ein inspirerande og fin blogg, og ho er så raus! Ho deler villig på erfaringar og idèar, og eg anbefaler verkeleg ein tur innom:


No skal eg ta natta, for i morgon ventar ein ny, innhaldsrik dag... Berre eit lite spørsmål til slutt:
Når Lille A er i bursdag i to timar i morgon ettermiddag vil eg gjere ein av desse tinga, men greier ikkje å bestemme meg... Kva ville du valgt?
A - reist heim og jobba effektivt for å få unna helgevasken, slik at fredag blir kos?
B - reist til byen og shoppa effektivt på salg, slik at slepp det på laurdag?
C - tatt med Mannen til byen, shoppa litt og gått på cafè i fred og ro?

God natt!

mandag 11. januar 2010

Geninne's Art Store


Eg må berre lage eit nytt grafisk innlegg på bloggen min. Har leita og leita etter kunstnaren bak bildet Lovebirds som eg har hatt liggande på desktopen min, og etter å ha gått nokre runder på Etsy fann eg ho endeleg! Ho heiter Geninne, og har maaange fine illustrasjonar på sida si.

Dette bildet heiter Pile o Wood. Så enkelt - så fint!


Dette får meg til å lengte etter våren... Det heiter Terrarium, og gir meg lyst til å grave i hagen, plante små frø og sjå det vekse fram dei mest vidunderlege ting! Åh, eg håpar eg får til det i år!


Denne ABC of Birds er fantstisk flott og detaljert...
Trur den står på ønskelista til bursdagen min!

Alle bilder er lånt frå Geninne's Art Store.


blogger template by lovebird