søndag 16. mai 2010

Dagen før dagen

I morgon er den store dagen! 
I morgon er det fest og baluba over heile landet, 
i eit stort, unisont jubelrop og hurra for vakre, frie Norge!

17.mai er nok først og fremst ein festdag for dei minste. Tenk deg for ei utruleg oppleving! For det første har vi jo ordna, rydda, pynta og styra både inne og ute i dagevis, vi skal ha på finkleda, vifte med flagga (oi, det minner meg om dei må finnast fram og strykast!) og tute i tuten, om vi har.. I byen er det fullt av folk, og alle ser så mykje gladare ut enn vanleg! Det er ikkje dei samme fjesa som ein ser på ein travel laurdag. Nei, denne dagen er folk smilande, venlege og det er til og med slik at ein ropar og ler høgt! Hipp-hipp-hurra!!

Vi brukar å møte vener i byen, gå i Nidarosdomen, kikke på Borgertoget, spise is, springe med ballongane på Vestfrontplassen og koooose oss, før vi har hageselskap på ettermiddagen. Dette året skal selskapet vere her hos oss, og eg håpar verkeleg at det blir like fint vèr som i dag! Vi kosa oss med sein frukost på trappa i 18 grader i dag, og plutseleg vart bjørka grøn i løpet av dagen. Jammen flaks at den rakk det før den store dagen! Det blir "korgfest", og eg gler meg sjølvsagt til all den gode maten, kakene, vennane og dei lukkelege barna. Eg har planar om forskjellige leikar ute, som for eksempel det obligatoriske 17.mai-potetløpet. ;)
Denne kveldshimmelen lovar vel godt for i morgon? Vakker var den i alle fall! (Sjølv om det ikkje alltid er så lett å feste på film...)

Ønskar deg og dine ein fantastisk 17.mai!

4 kommentarer:

  1. Ønsker deg og dine også ei fin 17 mai feiring. Men du, jeg har sunket fint ferdig ned i sofaen nå, uvitende om at flaggene også skal strykes??!! Bare irriterer meg grønn over at jeg fremeles ikke finner bunadskjorten min jeg. Udugelig husmor her med andre ord! ;)

    Hadetbra :D

    SvarSlett
  2. Herleg 17.mai-innlegg Guro! De er så heldige som har så mange og så gode vener rundt dykk. Hageselskap med potetløp er toppers! Lukke til, store og små. Og nyt all den gode maten, kakene, latteren og kosen. Klem frå mammamormor

    SvarSlett
  3. Ønsker deg og dine en flott dag i morgen!! Her er det vått så dere får nyte solen ;)

    klem

    SvarSlett
  4. Høyrest ut som eit bra opplegg for 17. mai! Håper dagen dykkar vart fin! :)

    SvarSlett



blogger template by lovebird