onsdag 10. april 2013

Vårkjolen er klar!

Bloggelysta har komt kastande over meg dei siste dagane. Det kan nok skuldast det fantastiske lyset som verkeleg er tilbake. Sola virkar akkurat som den skal, og sakte men sikkert smeltar snøen litt etter litt. Den er heilt kvit, sidan den fekk eit nytt lag for nokre dagar sidan, og lyset blir reflektert frå alle kantar. Eg elskar det! Eg elskar å komme inn i stova mi, få lys inn gjennom alle dei store vindua mine, kjenne varmen og energien sola gir. Halleluja - det er vår! :) Joda, eg blir nok litt våryr, men det skal ein jo også bli!

Eg har sydd ein sommarleg Sukkertøykjole frå sybloggerboka Made by me (2011), og dette er vel sånn cirka den femte varienten min, trur eg. Den er utruleg enkel å sy! Her har eg lagt inn eit biseband under puppane, for å markere eit litt smalare parti, og eg har brukt eit herleg, gammalt stoffstykke frå FrauSvensson på ermane med litt puff. Det er Ulla bak bloggen Lullaby & lala som driv den etsybutikken, og ho har så vanvittig mange fine retro/vintage stoff til salgs! Det tynne dongeristoffet (trur det kallast chambray) er mjukt og lett og godt, og det har eg funne på Stoff og stil. Symaskinene står framleis på stova. Eg trur eg kanskje må ta litt på dei i kveld igjen. Det er best å halde kontakten! ;)



Ha ein fortreffeleg og vårleg kveld!

4 kommentarer:

  1. Kjempefin kjole og helt nydelige japanske tebokser! :)
    Det er deilig med sol og lys- nyt videre :)

    SvarSlett
  2. Herlig vårkjole, nå fikk jeg også lyst til å sy :)

    SvarSlett
  3. Den kjolen har eg også sydd, og forelska meg i! Kanskje det må bli ein til. Vart inspirert av din!

    SvarSlett



blogger template by lovebird