mandag 22. august 2011

Førsteklasses!

Dette er ein heilt spesiell dag. Ein dag med mykje spenning, mykje glede, sommarfuglar i magen, nye vennar, fine klede, gode smil, deilig kake, pannekaker til middag, strålande skulejente som boblar over av alt ho så gjerne vil fortelle. Om den nye, raude boka ho fekk av læraren. Om sangen dei song i Lykkekroken (ja, det heiter nok Lyttekroken, men eg syns Storesøster sin versjon, Lykkekroken, var eit godt alternativ...). Om å rekke opp handa når ein skal på do. Om jenter med rosa klede med stjerner på. Og om så veldig mykje anna!

Tenk at vår vesle jente har begynt på skulen! Det høyrast akkurat ut som ein klisjè, men det er jo faktisk akkurat slik, at eg blir forundra og overraska og nesten overvelda over kor fort tida går! Denne jenta som skulle komme til jul i 2005, og som plutseleg kom ein deilig, varm dag i begynnelsen av oktober. Lita som ei dukke var ho den gongen. No er ho stor og frisk og glad og flink - og skulejente! Eg er umåteleg stolt av henne, og eg håpar eg er flink nok til å vise henne kor glad eg er i henne og kor mykje ho betyr for meg! Mi eiga vakre, vesle jente!
Dagen starta altfor tidleg her i huset i dag, og medan eg tok igjen litt av den søvnen eg gjekk glipp av i løpet av natta, var Lillebror og pappaen i full sving på kjøkkenet. Og Storesøster hadde vore på badet og stelt seg og kledd på seg første-skuledag-kleda sine før ho kom og vekte meg. (Åh, tenk om ho kunne vere så rask på badet kvar dag!) Så vart det frukost og koseleg morgon før vi gjekk til skulen. Alle fire var med, og Storesøster gjekk fremst med den knalloransje sekken sin. Alle vi møtte langs vegen smilte til oss, og forstod nok at dette var høgtideleg og kjekt! :) Skulejenta var eksemplarisk, og vi foreldra var såpass til overs at vi gjekk heim og tok lunsj medan ho var på skulen. På Mikalsen Bakeri får vi kjøpt ferske, gode horn, og vi er så glade for at dei har opna filial rett rundt hjørnet! Og etterpå henta vi jenta vår igjen, og tok henne med til byen for å feire på akkurat den cafèen ho ville på. Mmmm...godt! Sjølvsagt vart det også pannekaker til middag, og før vi visste ordet av det låg far i huset så lang som han var på kjøkkengolvet og sov... Stakkars. Sliten, han! No har freden senka seg i huset, og eg nyt det. Strikke, lese, male eller blogge i kveld, skal tru?

































Det er ikkje berre Storesøster som har fått nye klede i det siste... Eg prøvde å ta bilder av meg sjølv i speilet i dag, men endte opp med dette som ho tok av meg. For eg vil jo gjerne vise fram det nye skjørtet mitt! Det var så enkelt og kjekt å sy, at eg slett ikkje ser bort i frå at eg lagar nokre til. :) Alltid kjekt å ha! Dette er sydd av mørk, ganske kraftig dongeri frå restekorga på Stoff og stil, og er pynta med ei lomme og sjølvlaga kanteband. Eg har ikkje brukt mønster, men la berre eit fint og passeleg skjørt rett på stoffet og teikna rundt. Så klipte eg og sydde. Linningen vart berre sånn cirka, og må nok finjusterast litt til neste gong. Denne gongen valgte eg berre å sy på litt stoff for å gjere det pent, og så sette eg i litt strikk akkurat bakerst, slik at det skulle henge på rompa, på ein måte.. 
Jaja, latskapen lenge leve! ;)
Puh - for eit langt innlegg! :)
Lovar at morgondagens berre blir eit bittelite eit..!
Eg veit allerede kva eg vil vise fram, nemleg.

Håpar din dag også har vore super!

8 kommentarer:

  1. Ååå, nå må jeg nesten sippe litt her! Du skriver så fint, om den fine, fine skolejenta. Gratulerer så mye med dagen! :)

    SvarSlett
  2. Åhhh, for et koselig innlegg=) Stas å være skolejente. Stas å begynne i 4. og 5. også... Gutta her begynner også å bli store... tiden går altfor fort. Håper alt står bra til=) Klem

    SvarSlett
  3. Gratulerer med den flotte skolejenta di! Det er virkelig ein stor dag for både store og små i familien!
    Vi sendte avgårde en stor andreklassing i dag, som plutselig synes de i første er veldig små ;-)

    Flott skjørt du har sydd!

    Ha ein god kved!

    SvarSlett
  4. Så stas med skolestart! Det er en spennende dag for de søte små og deres foreldre. Har selv tatt i mot en 1.klasse en gang og det var høytidsstemt og hektisk - og ikke minst utrolig hyggelig! dette blir bra :) Lykke til videre til søte jenta di!

    SvarSlett
  5. Mulig jeg er lettrørt, men første skoledag må være høstens vakreste eventyr..!!! Neste høst er har vi også en skolegutt i huset, ser for meg at jeg må ha et lommetørkle på innerlomma den dagen...hihi;) Grattis med skolejenta:)

    SvarSlett
  6. Lykke til med skulejenta. ;)Kjempefint innlegg, tykte ikkje det var for langt. :)

    SvarSlett
  7. hihi..ser for meg en trøtt pappamann sovende på gulvet ;)

    vi fikk også sitte bakerst i klasserommet å se på den store fine jenta vår..man blir så stolt og glad at det gjør vondt!

    og enda bedre, hun gleda seg enda mere til dag nr 2..så herlig!

    SvarSlett
  8. Så fin en nederdel.. den lomme er jeg vil med... men jeg har jo noget særligt med lommer.. knus fra C

    SvarSlett



blogger template by lovebird