tirsdag 11. januar 2011

Ei varmande gåve

Først av alt vil eg berre seie takk for all responsen på forrige innlegg! 
Moro at mine små, fargerike prosjekt kan inspirere! 
Det er jo først og fremst difor vi bloggar, er det ikkje det? 
For å inspirere og bli inspirert! Hurra for alt vi kan dele! :)

Sjå kor stor Lillebror har blitt allerede! Tida går ganske fort, og det blir gøyare og gøyare med baby, etterkvart som ein får meir kontakt, meir respons og så utruleg gode smil! Eg smeltar!! :)
Den skjønne blå jakka har ei snill og flittig venninne strikka til han. Tusen takk, E! :)
Smokkesnora er frå Sebra, og den er det fleire som har spurt om etter bildet nedanfor her.
Men det eg eigentleg vil vise fram i dag er det supergode og supermjuke og utruleg anvendelege ullteppet Lillebror fekk av mormora si. Vi brukar det dag og natt, ute og inne... Rett og slett ein supersuksess, mormor!

Og då må eg jo berre lage ei lenke til eit prosjekt som mormora fall for, og som er eit utruleg bra initiativ!  
Tepper til Nepal er eit prosjekt du bør sjå nærmare på! Du kan følge med på prosjektet her,
og lese om korleis det vert strikka, samla inn, sydd saman ogsendt ulltepper til eit sjukehus i Nepal, 
der nyfødde er kleslause og fattigdommen og kulden er stor... 
Kanskje noko fleire av oss kunne bidratt til?
Send ei varmande helsing du også!

5 kommentarer:

  1. For et supert prosjekt! Dette vil jeg også bidra til, skal lage en oppfordring og spre budskapet på bloggen min etterhvert:)
    Søt gutt du har fått; gratulerer! Har kost meg lenge her inne på bloggen din nå, en stund siden jeg har svippet innom. Men nå har jeg lagt deg til lista mi, så jeg ikke går glipp av mer! Du har jo så mye fint her inne!
    Teppet til minstemann så temmelig deilig ut det også... Kan være godt i vinterkulden her i Trøndelag iallefall;)

    Ha en fin tirsdagskveld!

    SvarSlett
  2. Titt igjen;)
    Gikk på Frisk i første svangerskap, men denne gangen går jeg i byen. Bor på Byåsen og mannen bruker bilen mye på jobb, så da ble det tungvindt å komme seg dit med buss. Men trening er det eneste som hjelper, så må vel fortsette med det etter fødsel også. Gleder meg til å få en ny, liten krabat jeg også:) Synes jeg kjenner babyduften gjennom bildene dine....sniff-sniff!

    Klem:)

    SvarSlett
  3. Så koseleg:-)
    Det er godt for ein liten venn å bli pakka godt inn i eit ull-teppe, både på Ugla og i Himalaya:-)

    Takk, Gurosnill
    mams

    SvarSlett
  4. Hei, og godt nytt år Guro!
    Kjempefint prosjekt:) Det skal spres videre:) Også må eg jo bare sei at,- såå utruleg skjønne obbevaringsposar du har sydd!!

    God onsdag ønskes til deg!
    Klem frå Kamille

    SvarSlett
  5. Nydelege strikkeplagg! Kanskje eg skulle hive meg rundt og strikke litt til Nepal? Eit veldig godt initiativ er det, i alle fall!

    SvarSlett



blogger template by lovebird