tirsdag 23. februar 2010

Litt av ein dag...

Det er ikkje ofte eg sutrar altså, men det har eg gjort i dag! Fytti katta, for ein dag!
For det første så våkna eg så deilig tidleg i dag, og kjente at eg var ganske utkvilt, men framleis trøytt, og sov litt vidare...heilt til eg høyrer i det fjerne: "Mamma og pappa! Mammaaa og pappaaaaa!!" Eg kikkar på klokka, og UÆÆ! eg skulle stått opp for ein time sidan!! Eg hoppa ut av senga, sprang for å finne Lille A (som knisa og gøymte seg), drog ho ut av gjestesenga på det ho kallar "Lånerommet" og stressa maksimalt på badet. Sjølvsagt var dette også den eine dagen i året at eg skulle ta buss til jobb, og sette bilen i barnehagen, og difor trengte ein halvtime ekstra til det. Isj, altså!

Etter ein superrask frukost, med ei irritabel og stressa mamme, og ein 4-åring som ville somle, kom vi oss ut i bilen. Men sjølvsagt - batteriet var heilt flatt! Vi var ein av maaange som ikkje fekk start på bilen denne iskalde morgonen, og ikledd kort skjørt, strømpebukse, kåpe, lue og megastore Sorelsko (og tjue minusgrader) streva eg med startkablar og billadar i 50 minutt før vi kom i gang! Eg var fullstendig gjennomfrosen! Klokka vart 10, og eg skulle forlengst vore på jobb... Eg hadde ikkje tid til noko bussing, og drar difor med meg Lille A på jobben. Heldigvis har eg ein jobb der det er stas for alle, og utruleg koselege kollegar som syns det er greit! :)

Dagen betra seg betrakteleg etter dette, og resten av dagen vart det berre små stressepisodar, som ei opna handkremflaske i handveska (argh!) og flatt batteri då eg skulle heim. 
Mannen fiksa middag, så eg åt, sov middag på sofaen, laga nyyydeleg kaffe latte, la Lille A - og no er det (nesten) berre kos som gjenstår. Eg skal jobbe ein liten time (med kakaokoppen ved sidan av meg!), og sååååå:  Boblebad - here I come!

Morgondagen blir nok strålande!
Og eg er trass alt svæææært fornøgd med korleis dagen etterkvart utarta seg!
Håpar du også har det fint! ;)

5 kommentarer:

  1. ojojojojojo, for en dag! Bra du kom helberget ut av det tilslutt :)

    Kos deg med kakao og boblebad :)

    SvarSlett
  2. Hehe, eg forstår deg så utruleg godt. Sjølv hater eg å ha dårleg tid om morgonen.. og med ein 4 åring og flatt batteri hadde eg vore mega vrak etter ein slik dag. Håpar det er lenge til neste gong du opplever ein slik dag. Bra at dagen blei betre og at du får ein fin avslutting på dagen,det fortener du :)

    Nyt det lille som er igjen av tysdagskvelden!
    Klem frå kamille

    SvarSlett
  3. Ååå, så fælt det høres ut! Håper morgendagen blir betraktelig bedre, det er i hvert fall meldt bare -10 eller noe sånt. :) Hørtes også deilig ut med bad... Klemmm fra Pia.

    SvarSlett
  4. Ååå en sånn dag er ikke hyggelig...skjønner du blir frustrert. Håper resten av uka blir bedre:)

    SvarSlett
  5. Hi hi og huff, ikke så stas med sånne dager, men godt det ble bedre!

    Det er en award/utfordring til deg på bloggen min om har lyst.

    SvarSlett



blogger template by lovebird