fredag 8. januar 2010

Deilig ullkjole

Tusen takk for all responsen på forrige innlegg! Det er sååå kjekt å sjå litt kven det er som er innom bloggen min! :) -og på kjøpet fekk eg gode sytips også...bonus!

Den brune ullfilten kjøpte mamma til meg i fjor, slik at eg skulle sy kjole til Lille A. No var det jammen bra at eg fekk gjort det, for det holdt akkurat med stoffmengde. :) Eg tok utgangspunkt i eit Gynthermønster, og så gjorde eg kjolen heilt enkel, slik at den er lett å kombinere med dei mange ulltrøyene vi brukar no.

Lomma er eige mønster, men inspirert av ulike kjolar eg har sett rundt omkring.. :) Og Lille A likar såå godt det rosestoffet frå Stoff og stil. Men eg trur ikkje kjolen vart heilt som ho tenkte, for ho hadde ikkje lyst å ta den på... "Æ vil ha gull og rosa bånd på..." Uff, ho fekk jo seie kva ho ville ha, og så blei den heilt annleis. Og kjolen skulle jo i utgangspunktet vere til ei lita venninne, men eg kom plutseleg på at ho flyttar til varmare strøk snart. Så då får eg lage ein litt meir sommarleg variant til henne! :) Og Lille A får fort noko ho blir glad for, ho også...hihi!

No håpar eg på litt meir varme snart! I går fyrte vi i TO vedovnar i det vesle rekkehuset vårt..og enno er det is i alle vinduskarmane på stova! Men vi får det nok koseleg likevel, og det er godt at det er fredag!

God helg til alle dykk!

10 kommentarer:

  1. Kjolen ble kjempefin.
    God fredagskveld til deg.
    LenaE

    SvarSlett
  2. Veldig koselig ullkjole du har laget til vesla di.. Det er jo så deiligt å ha på.. Vurderer sterkt å sy en til meg selv.. Jeg er så heldig å bo ti minutter unna stoff og stil... Nå er det fyr i ovnen her og jeg skal sette meg til med strikketøyet mitt. God klem til deg Guro

    SvarSlett
  3. Nydeleg kjole!! Heldige snuppa di som får ein så fin kjole. Stilig med heimalaga knappar. Du er kjempeflink. Er det vanskelig å laga knappar og øyrepynt??

    Ha ei fin helg!
    Klem frå kamille

    SvarSlett
  4. Ååå, for ein HERLEG kjole! Kunne jammen tenkt meg ein ullkjole eg og, i vinterkulda!

    Ha ei god helg!

    SvarSlett
  5. Vakre farger og design. Og en ullkjole, ja alt i ull er det vi trenger disse dagene.

    SvarSlett
  6. Flott kjole med nydelige detaljer! Og så deilig og varm nå på denne tia! Jeg har selv sydd flere ullfiltkjoler, både til meg og andre. Deilige kosekjoler for vinterbruk!

    SvarSlett
  7. Knallfin ullkjole, og det minner meg på at eg har metervis av rosa ullfilt i skapet... Ja, faktisk ein ferdigsydd kjole. Kanksje den rett og slett passar nå? Eg sydde den lenge før A vart født.

    Men du, så knallbra at du fekk tak i boka hjå mammo di :) Håpar ikkje eg har skrudd opp forventningane så veldig, for boka er litt liten og som sagt ikkje med verdas mest spenstige fargeval osv.

    Ha ei riktig god helg, klem frå Linda

    SvarSlett
  8. Å så flott kjolen ble. Så ordentlig god og varm ut!!
    Skulle ønske det var meg som kunne gå i en slik kjole;)

    SvarSlett
  9. Veldig søt og nydelig kjole!! Kunne tenkt meg en lik - i ull :)
    Ha en fin lørdag
    Klem fra Kjersti

    SvarSlett
  10. Så fin! Likte godt kombinasjonen av kraftig ull og søte, småblomstrete detaljer. Har lenge hatt lyst til å lage egne knapper og lysten ble ikke mindre nå. Fin blogg du har- gøy med linker til andre kreative folk.

    SvarSlett



blogger template by lovebird