Det har vore roleg herfrå i nokre dagar. Eg har nemleg ein del planar, og jobbar hardt for å realisere dei. ;) Først i køen stod ein premie til give-awayen eg skal ha her når eg rundar 10.000 besøkande, og det er ikkje så lenge til! Eg har laga noko som vart ganske fint, ganske personleg og ganske morsomt, og håpar det kan lokke mange til å delta. :) Men det er sjølvsagt litt hemmeleg enno... I morgon skal eg fotografere, og så får de sjå i løpet av nokre dagar.
Eg likar så godt desse papirdukkene! Herleg nostalgiske! Dei er ekte vare frå 50-talet og tidleg 60-tal, og heiter Betsy McCall Paper Dolls. Dei er til og med gratis å laste ned og printe ut! Tusen takk til Badut som viste veg!
Då mamma var lita, på 50-60-talet ein gong, budde min morfar nokre år i Amerika. Det var jammen eksotisk! Eg har fått høyre ein del om den tida, og eg har sett nokre av dei fantastiske Amerikakjolane han kjøpte og sendte til jentene sine på Sunnmøre. Noko av det som er så morsomt med desse papirdukkene er nettopp at dei minner meg om desse kjolane eg har sett heime hos mamma eller mormor. :) Herleg!
Også morfar sine småjenter laga nok teselskap i blant, og faktisk poppa dei popcorn også! Popcorn var ikkje noko ein fekk kjøpe i daglegvarehandelen på den tida, og min morfar hadde kjøpt upoppa popcorn i Amerika, og sendt det i posten saman med ein beskrivelse av korleis det skulle poppast. Eg ser for meg mormor på kjøkkenet, med mamma og søstrene med sine store, fine hårsløyfer ståande rundt. Der står dei nok og undrar seg over kva som skal skje med desse små, harde frøa i posen. Mormor puttar dei i panna, slik ho så ofte gjorde då vi var små og på besøk også, og så skvett både ho og jentene til då dei første smella kjem. Hihi! Og når poppinga sluttar, veit du kva dei gjer? Jo, då finn dei fram kvar si skål, og trur du dei drysser salt på? Neida, for dette stod det ingenting om i oppskrifta, så dei gjer det dei trur skal gjerast.... Mmmm, ingenting er som ei skål popcorn med mjølk og sukker på! Haha! Må berre rette meg sjølv litt, etter innspel frå ho som var til stades - det var mjølk og bringebærsyltetøy! Mmmm, enda meir interessant!
Ha ein fin laurdagskveld, med popcorn, latter og kos!
Klemmm
Søt papirdukke. Husker at vi lekte med papirdukker og lagde egne da jeg var barn. God lørdagskveld til deg også. Her blir det håndball og sjokolade.
SvarSlettSuperfine papirdukker og artig popcornhistorie! :D
SvarSlettGod laurdagskveld til deg òg!
Sitter her og fniser av popcorn med sukker og melk. Sikkert godt!
SvarSlettDe papirdukkene skal jeg vise mamma, hun satt sent femtitall og tidlig sekstitall og tegnet fantastisk fine papirdukker selv, med helt rett motebilde for den tiden. Jeg tror dessverre jeg lekte bort de når jeg var liten... :-(
Minner meg om da jeg kjøpte Popcorn i Disney World som 17-åring. Ble ganske overrasket da jeg tok en tygg og kjente at de ikke var saltet, men sukret... Mener å huske at jeg kastet dem.
SvarSlettAnn-Charlotte
Koseleg at du fortel historiene våra, Guro skatt! Eg hugsar veldig godt vårt jomfruelege møte med popcorn ja- men det var melk og bringebærsyltetøy vi hadde:-)
SvarSlettklem frå mammaMarit
Hei Guro
SvarSlettNok en inspirerende stund med bloggen din!
Tips om papirdukkene skal sendes til min søster og min niese. Min niese er veldig glad i papirdukker, har arvet alle de jeg lagde da jeg var liten, men hun benytter også den mer moderne formen for "papirdukker" "Go supermodel" (som jeg selvfølgelig ikke er så glad i =o( Mye kjekkere med de man selv kan kle på i virkeligheten og tegne klær til selv!Håper lille A blir like glad i papirdukker som din lilla A er =o)
Her begynner heimen å bli litt mindre kaootisk i og med at koffertene snart er pakket ferdig. Jeg har reisefeber! Gleder meg til sol og varme. Vi skal sørge for jevlige livstegn, og jeg er jo støtt og stadig innom bloggen din så da kan jeg jo skrive litt her også =o)
Ha en fortsatt fin helg,
klem fra Kari
Fin poppkornhistorie ;-)
SvarSlettSikken hyggelige historier du pakker de fine dukker ind i. Det tror jeg de holder meget af. Hvad sagde din datter til dukkerne?
SvarSlett