Denne formiddagen har eg sydd kjole, med Lille A tett ved sida mi.
Det er koseleg å sitte saman med deg, mamma!
Utforminga var eit samarbeid. Lille A valgte sjølv det gule kantebandet og dei rosa knappane, og var fast bestemt på at det skulle vere ein soppkjole. Det brune stoffet med dei fine grøne prikkane har eg kjøpt på
Retrodepot, medan stripene er frå Panduro og resten frå Stoff og stil. Mønsteret er det samme som eg brukte på den lilla kjolen eg tidligare har sydd, men med nokre justeringar i halsen.
Og forresten, eg kunne nok heilt sikkert laga ein finare saum på kantebandet, men det vart ikkje det i dag...eg er liksom ikkje typen som gidd å rekke opp i tide og utide. ;)
Og med løfte om non stop i premie, stilte jenta velvillig opp til fotografering.
Så fin :-)
SvarSlett