søndag 19. juni 2011

Kreativ med og til barn

Først av alt: Tusen takk for at de er så flinke til å legge att kommentarar!
Blir så utruleg glad i hjartet av det! :) Takk!
Prøvar å besøke alle som har skrive nokre ord, men må innrømme at det ikkje er alltid eg rekk det.
Men om eg ikkje legg at helsing, så kan det godt hende eg ar vore innom likevel!
På denne måten kjem eg over nye, fine bloggar som eg ellers ville gått glipp av..

I dag vil eg vise fram ein fin liten ting som eg og Storesøster laga for nokre veker sidan.
Ho teikna mønsteret og valgte fargar, og eg klipte ut og sydde saman.
Alt vi har brukt er litt filt, fire bitar med band, nokre perler og litt brodertråd.
Ja, så putta vi litt vatt inni og festa nokre knappar til pynt på banda som heng ned.
Sidan gjekk vi på butikken og kjøpte hårspenner, som Storesøster med glede festa fast.
Og i morgon er det bursdagsselskap for bestevenninna, og det blir stas å gi bort denne!
Det er ein dings til å henge på for eksempel badet eller andre stader småjenter fiksar håret,
og på den kan du henge alle hårspennene som ellers har ein tendens til å vere både her og der 
og overalt, bortsett frå akkurat der du treng dei.. ;) Eller..?
Idèen er i alle fall henta i denne supre boka!

I dag har vi kosa oss masse i hagen, og eit forfalle, gammalt, lite hus har funne vegen heim til oss...
Vi har litt av eit prosjekt framfor oss! Eg satsar på å få tatt nokre før-bilder snart, og så skal vi vel få litt meir orden på det i løpet av sommaren. Ganske snart håpar eg eigentleg, men vi kan nok vere litt treige.
Den gamle dukkestua har stått i ein hage litt borti vegen her, og har vore ubrukt i over tjue år!
Eg har trilla tur forbi den hagen så veldig mange gongar, og har hatt så lyst til å overta det huset!
Og veit du, ein dag var det ei dame ute i hagen der og arbeidde, og eg stansa for å snakke litt med henne...
Det førte til at eg faktisk fekk heile dukkestua! Gratis! :) Jippi!
Dei var berre glade for at nokon ville ha den, og det forstår eg godt!
No får dukkestua eit nytt liv, og hagen deira eit mindre forfalle uttrykk..
Eg er sååå glad!

Håpar du får ei god veke!

fredag 17. juni 2011

I huset bortenfor huset...

I huset bortenfor huset bortenfor huset
til snekker Kvikk
i rommet innenfor rommet innenfor rommet
til hans butikk
bak skapet bakenfor skapet bakenfor skapet
til hans madam
der ligger faren til bestefaren til bestefarfarens
søndagskam.

Dette leikne diktet av Inger Hagerup passa til dagens bilder, synest eg. :)
Her er det Storesøster som har kosa seg ved symaskina, med tilgang på 
mamma sine restebunkar og store lager av band. Ho har konsentrert seg, 
haldt tunga rett i munnen og tenkt nøye ut korleis ho vil ha det.
Og eg har fått lov å bruke resultatet som applikasjon på ei veske! Hurra!
Ja, men den veska skal vi sjølvsagt ha på deling.. ;)
Ønskar deg ein deilig fredagskveld!

onsdag 15. juni 2011

Ja til sydag! ;)

Mandagens sydag med gode venninner var ein kjempesuksess!
Eg anbefalar deg verkeleg å gjere det samme!

Vi var seks damer med ulike kompetansar og syferdigheter, og rundt det store bordet kunne vi sy, skravle, hjelpe kvarandre, inspirere kvarandre, le saman, motivere kvarandre...men der var også rom for frustrasjon og sinneutbrudd over sysakene... ;) Eg er vel blant dei som har nokre utbrudd inn i mellom, og hadde eg kunne banne, så hadde det nok vanka nokre glosar... Men i staden knurrar og glefser eg litt, og det hjelp faktisk veldig. Ja, og ikkje minst hjelp det å ha gode venner rundt seg! Eg fekk til og med låne den splitters nye symaskina til ei som berre kunne vere med nokre få timar. Så glad eg vart!! 
Mi symaskin har vore trufast og veldig grei sidan eg kjøpte den for kanskje 7 år sidan eller sånn, 
men akkurat denne helga fann den ut at den skulle knele... Aaargh!! Såå irriterande!!
No er den levert til reparasjon, og eg håpar den snart kjem heim att! :)
Men hallo! tenker du kanskje no.. Kvifor har eg desse bilda til dette innlegget? Jo, fordi dette er så supre sydagcookies! Eg måtte jo ha med noko godt, og fann ut at dette verkeleg var dagen for knappekakene! Oppskrifta har eg funne i favorittbladet BoligLiv. Var ikkje dei fine og morsomme?!
Og sidan eg ikkje greier å ta gode bilder samtidig som eg er høg på sying (for eg var verkeleg litt høg denne dagen...heilt gira, på ein måte! Stemninga var jo nesten litt euforisk blant oss småbarnsmødrene som hadde ein heil dag berre for oss sjølve!), så vart knappane mine tatt bilder av i dag. Eg kosa meg med deilig kaffe og kjeks på formiddagen. Det er luksus! Knappemønsteret er laga rett etter at kjeksa er tatt ut av ovnen. Eg brukte undersida på eit glas til å trykke ned midten, og så brukte eg litt tjukke sugerør til knappehola. 
Dette kan sikkert gjerast med ulike typar cookies, ikkje berre peanøttsmørvarianten...
Og så var det ein titt bak kulissane. Eller ei lita realitetsorientering frå heimen, som ein også kan kalle det. 
Hihi, i framkant kan du sjå kaffekoppen og kjeksa dandert på eit fint stykke papir, men mens eg holdt på å knipse bilder av dei tinga skrudde Lillebror verkeleg på sjarmen... Han såg eit kamera og glisa og lo - han er berre superlett å ta bilder av. Ser rett i kamera med dei fine augene sine...sukk, eg er forelska!
Bilda frå sydagen vart sett saman i kollasj...rett og slett fordi det ikkje var nokre gode bilder, og eg vil jo vise litt av stemninga og produksjonen frå denne dagen. :) Og bilda er jo ganske like dei frå fjorårets sydag, som du kan sjå her. Det er til og med dei samme tre venninnene.. Og så var vi to til denne gongen. Kjempekjekt!!
Kamera var først utan batteri, og då eg fekk batteriet levert på døra var ikkje fotografen i meg heilt til stades. Men eg gjorde eit lite forsøk likevel! Forhåpentlegvis får vi varmare dagar snart, og Storesøster kan posere i hagen med dei nye plagga sine... Den litt for store buksa er i bruk, og blusen sparast til første og beste bursdagsselskap. Det er så stas at ho blir så glad for det eg lagar! :) 
I år som i fjor vart det ferdige resultatet klistra opp på ein av barnehageveggane for å dokumenterast.
Og ja, vi var stolte og glade og fornøgde med oss sjølve! 
Takk for ein deilig dag, skjønne venninner!

Og forresten: Takk for alle dei kjempefine tilbakemeldingane på strikkepinneetuiet! 
Mottakaren var veldig fornøgd, og eg mottok min dose skryt. Deilig! :)
Og det blomstrete stoffet kan du få tak i her, om du skulle lure...

Ønskar deg ein fin kveld!

mandag 13. juni 2011

DIY superenkelt strikkepinneetui!

I dag skal eg endeleg få gitt bort ei bursdagsgåve til ei god og skjønn venninne som hadde bursdag for leeenge sidan. Det er nesten litt flaut, men eg har liksom hatt ein plan om å gi henne eit strikkepinneetui, men av ein eller annan grunn har eg ikkje orka å begynne på akkurat det prosjektet. Det virka liksom litt stort, på ein måte... Men eg kan absolutt ikkje forstå det no! Tenk at det skulle vere så lett! Og så gøy! Og så vart det kjempefint også!! :) Kanskje du også har lyst å prøve? Den superenkle varianten? ;)
Først finn du to fine stoffstykker, ca. 50x60 cm... Ja, eg hugsa ikkje å ta mål, men trur dette skal passe. :)
På det eine stoffet stryk du på vlieselin, slik at det blir litt meir hald i det. Då blir ikkje etuiet slaskete, men held fint forma, og eg tenker også at det toler litt meir av spisse pinnar og slikt når det er litt stivare.
Legg stoffa rettside mot rettside og sy rundt. La det stå att ei opning på 6-7cm til å vrenge gjennom.
Dette holet syr du igjen etter at "posen" er vrengt. Så stryk du kantane for å få det pent.
Brett inn ein del av stoffet, slik at det er plass nok til å ha strikkepinnar i oppbretten, men samtidig nok stoff att ovanfor til å brette ned over toppen på strikkepinnane. Kanskje du kan brette inn om lag ein fjerdedel, slik at kanten blir midt på stoffet? Prøv deg fram. Så måler du opp dei små lommene, og teiknar ein strek. Eg laga dei første lommene 3 cm, så auka eg til 4 cm og dei siste til 5 cm...sånn omtrent. ;) Den aller siste lomma er ekstra stor, slik at der er plass til ulike ting. Merk av øverst og nederst og teikn ein rett strek i mellom (med for eksempel ein krittblyant, eller noko anna som ikkje viser så godt). 
Sy ein saum frå brettekanten og til toppen på lomma.
Fest på eit kanteband i ein matchande farge. Eg plukka ut det oransje frå midten av blomstrane, og det vart fiint! Kanskje må noko av kanten syast med sikksakksting før du festar på kantebandet, så blir det litt flatare og lettare å få til. Kantebandet tar eg berre mellom fingrane og held på plass medan eg syr.
Her kan du sjå korleis lommene auka i storleik, og at ei saks kan passe i den største. Praktisk. :)
I enden har eg også festa på navnelappen min og ei silkesnor. 
Snora kan du feste inn under kantebandet, eller feste pent etterpå. :)
Til slutt festa eg på tal for å merke lommene til ulike pinnenummer. Veit ikkje kor lenge dei vil sitte på, men tøft vart det i alle fall! ;) Ein kan også bruke ein merketusj og skrive på for hand, 
eller kva med å brodere tala med korssting..?

Håpar mottakaren blir fornøgd! :)
I dag skal eg vere saman med fem gode venninner heile dagen! Heldige meg!
Vi har lånt ein barnehage, og skal rigge oss til med symaskiner og stoff og lekre band, sybøker, fargar, god mat, deilig te, inspirasjon, motivasjon og skaparglede. Så herleg det skal bli! :)
Eg har litt sydilla om dagen, og frydar meg over alt som blir til!
(Innlegget skreiv eg i går kveld, og det er berre juks at eg liksom legg det ut no..)

Ønskar deg ein strålande 2.pinsedag!

fredag 10. juni 2011

Latmannsliv...?

For ein deilig fredagsettermiddag! Sola har gjort verandaen til ein supervarm plass å vere, 
selskapet har vore kjempekoseleg og maten fortreffeleg! 
Og no er fredagspizzaen fortært og favorittdetektimen ventar... :) 
Dagens muffinsoppskrift fann eg hos Pickles
og dei er rett og slett kalla Latmannsskolebrød. Så enkelt og så godt!! 
Her er den servert i ein av favorittkoppane mine, som eg ønskar meg fleire av. Nydelege!
Den knallrosa melaminkoppen frå Søstrene Grene er populær hos Storesøster, 
og den matchande servietten frå same staden er jo også sommarleg og frisk! 
Sola kjem inn stovevindua til seint, seint på kvelden, og det er så lyst og godt her! 
Lupinane plukka eg på dagens lille trilletur, og den lyseblå muggen frå Ikea passa perfekt. 

Eg er ingen interiørbloggar, men kunne ikkje dy meg i kveld. 
No skal kvelden nytast med kjekke mannen!
Ønskar deg ei fortreffeleg helg!

torsdag 9. juni 2011

Herlege tresko!

Er ikkje desse treskoa berre heilt skjønne!?
Eg såg dei inne hos Linda/Den gode feen, og fall pladask!
Så no har både eg og Storesøster nye tresko, kjøpt på Plantasjen.

Faktisk er det ikkje mange dagane sidan eg skulle ut ein liten tur, 
men kunne ikkje finne nokon gode, fine sko til å trakke inn i for å gå ut i hagen...
Gullsandalar? Nei, dei er til strandbruk.... Rosa crocs?? Næhei, dei er så glorete at det er trist...
Raude tresko? Ja, det vil eg ha! - og eg hugsar med glede dei herlege raude lakktreskoa eg av og til lånte av ei veldig god venninne eg bodde saman med på Grünerløkka for leenge sidan... Åh, det var ei herleg tid!

Ja, men no har eg tresko som eg kan bruke 
når eg skal hente posten, bære ut søpla, hente grasløk 
eller andre små, viktige ærend. :)
Og det ER viktig å føle seg fin!
I hagen min har valmuane spreidd seg så fint langs husveggen, og dei er både vakre i knopp og vidunderlege i blomst! :) Eg leika meg som fotograf på morgonkvisten i går, og dette er resultatet. Ikkje veit eg korleis det er med deg, men eg greier ikkje motstå lysta til å stryke på desse fine knoppane!
Den varme, oransje fargen er nyydeleg, og kronblada er fjørlette og tynne som den finaste silke. 
Som ein serviettblomst, berre så ufatteleg mykje finare! 

For ei tid tilbake lova eg å vise Lillebror sitt 17.maiantrekk. Men faktisk tok vi ingen oppstilte bilder for å dokumentere antrekka. ;) Så då måtte eg plutseleg knipse nokre bilder då eg såg han hadde på både buksa, bodyen og lua ein dag. Det var berre den kvite skjorta og sølja som mangla, men dei brukar vi sjeldan til kvardags, altså. Sjølv om eg er glad i å pynte guten min litt! ;)
Dette bildet står ikkje heilt i stil med dei andre hagebilda i dag, men-men..
Lua er heimesydd, og kan brukast på begge sider. Eigentleg trur eg faktisk at eg likar den andre sida best. Den som er utan pynteband, og som har striper på sidene og dei blå gardinene på toppen... Stripene er forresten av samme stoff som buksa. Det er kjøpt på Stoff og stil, og eg likar det veldig godt! Mjukt og deilig, og så blir han så fin i den! Den passar til det meste han har, syns eg! :) - som for eksempel til bodyen frå Hollys i den lekre blå fargen. Samme farge som på augene hans....sukk! Han er så skjønn!
Biteringen er forresten ein fugl frå Little Alouette, og den er god å putte i munnen!
(Uff, bildet skulle ha gjennomsiktige hjørner..! Skal prøve på nytt etterpå...)

På det nye arbeids-/stovebordet ligg ulike syprosjekt som skal fiksast på i løpet av dagen.
Og sjølve bordet er også verdt eit blogginnlegg eller to..hihi! More to come...

Ha ein flott dag!

mandag 6. juni 2011

Og vinnaren er...

Då er vinnaren trekt i lotteriet mitt, og resultatet er behørig fotografert 
- i dunkelt regnvèrslys i kveldinga...
Den heldige som får setetrekk frå Sykkelpikene i posten, 
er den koselege, kreative og strikkekyndige dama

"Knallfint gi-bort! Skal sykle mye i sommer, så denne blir jeg med på :-) 
Sykkelpikene har så mye tøft utstyr! 2 lodd til meg :-) "

Kor vart forresten sommaren av?  
Vi fekk ein bitteliten smak av sommar i dag, og eg skunda meg inn og fekk kortare bukser på. 
Men før vi rakk å leite fram grillen var regnvèret tilbake! Æsj!
Då er det berre å pleie forkjølelsen med deilig chilite i favorittkoppen...
Og så har eg klipt opp ting som skal syast i løpet av den nærmaste veka, har eg tenkt.
Så no har eg eit lite dilemma...sofakrok eller sybord? Hmmm...

Ønskar deg ein fortreffeleg mandagskveld!

søndag 5. juni 2011

Glimt frå Paris

Eg er heime igjen etter kjempefine dagar i Paris og gode dagar på Sunnmøre. For ein luksus det er å dra på tur! Eg elskar verkeleg å vere på veg. Dra med meg bagasjen og dei eg er glad i, inn i ein bil, eit tog, ein t-bane eller eit fly. Vere på farten. Kikke på menneska rundt meg, smile til dei og fryde meg over smil i retur. Lurer på kor alle skal? Lurer på kor dei kjem frå? Lurer på korleis dei har det? Om eg har tid og ro syns eg det er moro å lage meg forklaringar på ulike ting. Sjølvsagt blandar eg inn fordommar i bøtter og spann, men også litt humor eller tragedie, kjærleik eller sinne... Joda, fantasien er i orden. :)

Vi hadde altså tre nydelege dagar med kultur, romantikk og opplevingar i sjølvaste Paris. Og ei av dei beste stundene for meg var faktisk ein tidleg morgon i stille gater. Kvelden før var vi i bryllup på fasjonable Ritz, men med baby på tur vart det ikkje store utskeielsane for meg. Det var difor heilt greit å komme seg ut av hotellrommet kl. 8 morgonen etter, trille tur med morgonsola i augene bort til ein cafè, og gå derfrå og inn på plassen framfor Louvre med ein kaffe i handa. Der var sanden heilt kvit, bygningane store og overveldande flotte og detaljane uendeleg mange. Kineserane stressa, uteliggarane gjorde morgonstellet, dei spreke var på joggetur og vannspreiarane vatna gras, blomster og trær. Eg sette meg på ein benk og kikka på alt, medan Lillebror tok ein liten morgondupp i vogna. Etter at vannspreiaren bak meg forveksla meg med ei anna busk, spratt eg raskt opp og rusla inn i parken. Der var det vakkert! :) Og snart kom også den kjekke mannen min ruslande, og vi kunne finne ein frukostcafè.
Eigentleg burde eg investere i eit kompaktkamera. Det er synd at kamerautstyret skal fylle ein heil sekk, vege utallige kilo og kreve meir kunnskap enn eg har erverva meg til dags dato. Løysinga på denne vesle morgonturen vart difor eit halvdårleg mobilkamera, som ved hjelp av Picnic har blitt til litt kule bilder. 
Kanskje mannen har fleire fine bilder eg kan få, og på den måten vise meir av Paris i eit seinare innlegg..

Tusen takk i massevis for flotte tips! Eg må berre innrømme at tida gjekk frykteleg fort og strakk ikkje til til alt det eg hadde lyst å gjere. Men vi fekk sett masse likevel og kosa oss! Herleg! :)

Hugs forresten at eg trekker blogglotteriet mitt i morgon! :)


blogger template by lovebird