søndag 5. juni 2011

Glimt frå Paris

Eg er heime igjen etter kjempefine dagar i Paris og gode dagar på Sunnmøre. For ein luksus det er å dra på tur! Eg elskar verkeleg å vere på veg. Dra med meg bagasjen og dei eg er glad i, inn i ein bil, eit tog, ein t-bane eller eit fly. Vere på farten. Kikke på menneska rundt meg, smile til dei og fryde meg over smil i retur. Lurer på kor alle skal? Lurer på kor dei kjem frå? Lurer på korleis dei har det? Om eg har tid og ro syns eg det er moro å lage meg forklaringar på ulike ting. Sjølvsagt blandar eg inn fordommar i bøtter og spann, men også litt humor eller tragedie, kjærleik eller sinne... Joda, fantasien er i orden. :)

Vi hadde altså tre nydelege dagar med kultur, romantikk og opplevingar i sjølvaste Paris. Og ei av dei beste stundene for meg var faktisk ein tidleg morgon i stille gater. Kvelden før var vi i bryllup på fasjonable Ritz, men med baby på tur vart det ikkje store utskeielsane for meg. Det var difor heilt greit å komme seg ut av hotellrommet kl. 8 morgonen etter, trille tur med morgonsola i augene bort til ein cafè, og gå derfrå og inn på plassen framfor Louvre med ein kaffe i handa. Der var sanden heilt kvit, bygningane store og overveldande flotte og detaljane uendeleg mange. Kineserane stressa, uteliggarane gjorde morgonstellet, dei spreke var på joggetur og vannspreiarane vatna gras, blomster og trær. Eg sette meg på ein benk og kikka på alt, medan Lillebror tok ein liten morgondupp i vogna. Etter at vannspreiaren bak meg forveksla meg med ei anna busk, spratt eg raskt opp og rusla inn i parken. Der var det vakkert! :) Og snart kom også den kjekke mannen min ruslande, og vi kunne finne ein frukostcafè.
Eigentleg burde eg investere i eit kompaktkamera. Det er synd at kamerautstyret skal fylle ein heil sekk, vege utallige kilo og kreve meir kunnskap enn eg har erverva meg til dags dato. Løysinga på denne vesle morgonturen vart difor eit halvdårleg mobilkamera, som ved hjelp av Picnic har blitt til litt kule bilder. 
Kanskje mannen har fleire fine bilder eg kan få, og på den måten vise meir av Paris i eit seinare innlegg..

Tusen takk i massevis for flotte tips! Eg må berre innrømme at tida gjekk frykteleg fort og strakk ikkje til til alt det eg hadde lyst å gjere. Men vi fekk sett masse likevel og kosa oss! Herleg! :)

Hugs forresten at eg trekker blogglotteriet mitt i morgon! :)

tirsdag 24. mai 2011

Eplefin!

Tusen takk 
for mange gode Paristips!
Gler meg masse til tur, og håpar tida der vil vere GOD!

No i kveld har eg lagt ut desse to knallfine epleklokkene på Eplabutikken min,
og om du kastar deg over dei i løpet av kvelden kan eg garantere at dei går i posten i morgon!

Dessutan leeeengtar eg etter å sy litt igjen, og har fleire prosjekt oppklipt allerede.
Men Lillebror vil ikkje sove verken om natta eller dagen for tida, så energinivået er litt labert..
Gler meg til å ladast opp den kommande veka, både her og der! Skal mykje kjekt! :)

Kryssar fingrane for at askeskyene blæs bort eller fell ned,
at sola skal kikke fram og humøret vere på topp!

Håpar du har det godt der du er!

mandag 23. mai 2011

Skulle ønske...og Paristips..

Skulle ønske eg fekk meg til å strikke ein slik! Eg fall pladask for dette herleg sommarplagget,
og så snart eg får somla meg til det, skal eg bestille dette fiiine garnet og sette meg ned med strikkepinnane!
Bilda har eg fått låne av flinke MonsterMønster, som forresten vart kåra til Beste håndarbeidsblogg i Håndlaga 2011! Du finn innlegget om dette strikkeprosjektet og mønsterlenke  her.
Om ikkje så lenge drar vi på bryllupsreise til Paris...hihi!
Ja, det er ikkje vårt bryllup, altså, for det er faktisk snart fem år sidan,
men det er nokon andre som giftar seg i Paris, og vi er så heldige å få komme! :)

Trur Lillebror hadde likt seg i ein slik sommarleg dress der. For det er vel sommar der no? :)
Er det forresten nokon som har tips 
til kva vi bør gjere og sjå når vi er i Paris?
Mannen, eg og Lillebror skal bu rett ved Louvre, så dit skal vi sjølvsagt.
Men ellers har vi lite planar for den laurdagen og søndagen vi skal vere aleine.
Tar gjerne imot tips, og kanskje det beste tipset får ei belønning? ;)
Gler meg i alle fall MASSE til kultur, cafèliv og romantikk...

Håpar du har ein deilig mandag!

søndag 22. mai 2011

Knuffelbeesten!

Eg trur eg har verdas snillaste og skjønnaste søster!
Her ein dag hadde ho funne denne boka på loppis, og dermed fekk eg og Storesøster pakke i posten.
Heldige oss! -og med eit koseleg, enkelt brev til, med nydeleg loppisglansbilde på. Takk!!
Utruleg mykje inspirasjon i eit lite hefte! Herlege kosedyr i mange ulike variantar, og både store og små.
Heftet er visst ein del av ein hobbyserie, og dette kom ut i 1977. Det er på nederlandsk, men det går bra. 

I dag ville Storesøster så veldig gjerne sy, og vi fann ut at vi skulle prøve oss på noko enkelt frå denne boka.
Ja, faktisk har vi laga to ting i dag, men den andre får eg heller vise fram seinare...
Her kan du sjå den fin-fine fingerdukka vi laga i dag. 
Den er av filt, og vi har brukt både lim og nål og tråd. 
Det er eit samarbeidsprosjekt, altså! Kjempekoseleg! :)
Ønskar deg ein deilig søndagskveld og ei flott, ny veke!
Hugs å bli med på lotteriet mitt! ;)

fredag 20. mai 2011

Fantastisk babyseng!

I dag blir det rein reklame på bloggen min... Men du må berre sjå dette! ;)
No skal vi altså selge denne superduperfantastiske babysenga, som vi har hatt hengande på soverommet og rundt om i andre soverom vi har overnatta i det siste halve året. Den er rett og slett heilt genial, både for mor, far og ikkje minst for babyen. Han har lagt så lunt og godt og deilig i den senga, og han har elska å bli gynga, både opp og ned og fram og tilbake, og gjerne i kjempefart...! Sovemedisin! ;)

Kjenner du til konseptet? Du kan sjå nærmare på Sovgunga/Mawok her!
Eller er du blant dei syglade, flinke mødrene/tantene? Kanskje du vil la deg inspirere av å sjå 
kva herlege, flinke, danske Rappedikke har gjort? Hennar Sansevugge kan du sjå her.
Eg fann ein krok i taket på verandaen, og fekk i hui og hast knipsa dette bildet i regnvèret. 
Men du ser kanskje korleis den er? Mmmmm...deilig! 
No ligg den ute på Finn.no til 650 kroner. Eit kupp! ;)
Du kan finne annonsa her!
Heimestrikka ullbukser er også til salgs. Eg har vist dei i dette innlegget tidligare, og eg er framleis fornøgd med arbeidet, altså.. Når det gjeld tøybleiebruken er vi no back in business, etter nokre månader med fulle bleiedunkar og stadige turar til butikken etter fleire bleier... Kanskje blir det færre bleieskift no når det kjem anna mat i magen? Vi gir det i alle fall ein ny sjanse! :) Men akkurat desse bleiene og ullbuksene har han vokse ut av, og det er jo berre såvidt brukt! Håpar nokon andre vil ha dei! Tøybleiene er TotsBots Bamboozle str.1, og dei treng sperrelag. Så då passar jo desse saman som fot i hose, hånd i hanske eller tøybleie i lanolinullbukse..! Og prisen? To dagbukser og ei nattbukse i lanolinull str 1-4 mnd for 275 kr, 
og fire tøybleier (trur vi berre prøvde to av dei, nypris ca 640 kr) selgast for 240 kr. :)

Det er deilig å vere i gang med blogginga igjen!
Og eg kikkar innom dykk, sjølv om eg er lite flink til å skrive helsing..

Ha ein fin dag!

torsdag 19. mai 2011

Mine papiresker i avisa!

Har du lært deg å brette slike fine esker av papir?
Her på bloggen min har oppskrifta lagt framme ei god stund, og eg kan med glede sjå 
at mange finn vegen til det innlegget via ulike søkemotorar! Så kjekt det er å dele!! :)

Forrige veke ville Adresseavisa bruke bilda mine i sitt fredagsbilag Hjem, og eg er så stolt!
Tenk at nokon der har lagt merke til vesle meg, og at mine bilder og mi forklaring kunne brukast!
Ja, dei oversette den riktignok til bokmål, men det er greit... Er det vanskeleg med nynorsk?

Om du vil sjå resultatet i avisa, kan du finne e-utgåva HER!
Og om du vil sjå oppskrifta mi på bloggen, kan du sjå HER!

Ønskar deg ein fortreffeleg torsdag!

onsdag 18. mai 2011

Dagen derpå...

I dag er mammaen her i huset sliten. Håret heng slapt, gårsdagens sminke er gnidd litt utover, kleda er behagelege og ufikse... Men gårsdagen var ein suksess!! :) Som du ser på bildet glimta det til med litt sol innimellom skyene og regnbygene, og ungeflokken som var på 17.maifest her på ettermiddagen fekk springe litt i hagen. Huset kan bli litt i minste laget med ni vaksne og åtte barn som skal spise og leike og prate og feire 17.mai! For ein herleg dag det var! Her ser du glimt av det tradisjonelle potetløpet, 
der alle barna deltar, og alle barna får premie! :)

Vi feirar alltid dagen med enkel, god frukost før vi tar på bunadane og finkleda. Flagget går til topps, sølvet kjem på, og vi pakkar oss i bilen for  å dra til byen. Der vandrar vi eit godt stykke frå parkeringa og inn til sentrum, og frydar oss over å sjå så mange finkledde folk på bytur. Storesøster var i storslag og verkeleg stråla i går! Inn i mellom er det også nokre som smilar med fjesa sine, og særleg turistane.. Dei stoppar ofte opp for å ta bilder av den bunadskledde mannen min. Han er flott! :) I byen kikkar vi litt på barnetoget før vi går i Nidarosdomen. Høgtideleg og fint! Og så er vi på Vestfrontplassen med vennar etterpå, der vi spis is, drikk kaffe og ser på folket. Barna får kvar sitt eksemplar av dei overprisa, glorete gassballongane, og så får dei springe så lenge dei orkar, og denne dagen kan ein også spise så mange is ein har lyst på! :) Vi ser delar av borgertoget også, før vi bevegar oss heimover. Og der blir det fest og feiring, med masse god mat og fine folk! Når kvelden kjem er det opprydding og sofaen som gjeld... Ahh, det er både utruleg kjekt og utruleg slitsomt med slike dagar! I dag har både eg og Lillebror vore litt trøytte og sure.. Men det går over! ;)

Hugsar du kvifor vi feirer denne dagen? 
For barna seier vi gjerne at det er Norge sin bursdag, 
men om du vil vite litt meir skriv Wikipedia dette:

17. mai er Norges nasjonaldag. Denne dagen i 1814 underskrev og beseglet medlemmene av RiksforsamlingenEidsvoll landets grunnlov. Forsamlingen valgte deretter regenten, prins Christian Frederik, til Norges konge. Dette innledet en kort periode for Norge som uavhengig stat, før landet etter en kortvarig krig med Sverige måtte inngå våpenhvile gjennom Mossekonvensjonen. Denne avtalen innebar at Norge godtok en personalunion med Sverige, men beholdt Grunnloven med de endringer som unionsinngåelsen gjorde nødvendige. Det medførte blant annet at ordet «uafhængigt» i § 1 i den reviderte Grunnloven av 4. november 1814 ble erstattet med ordet «selvstændigt». Innenfor unionen beholdt Norge selvstendighet og separate statlige institusjoner, bortsett fra kongen og utenrikstjenesten. 17. mai er en offisiell flaggdag og offentlig høytidsdag med arbeidsfri i Norge. Barn og voksne har siden slutten av 1800-tallet feiret dagen mer enn det som er vanlig for mange andre lands nasjonaldagsmarkeringer, blant annet med barnetog.

Kan det vere at denne vekelange bloggtørka mi går over no? 
Kjenner du deg att i at det kan vere vanskeleg å blogge av og til? Det er nesten som om ingenting er viktig nok, ingen bilder er bra nok og tida strekk heller ikkje til. Men eg har verkeleg lyst til å blogge, for det er jo så moro, og så det er vel som med mykje anna; det er berre å komme i gang, så går det nesten av seg sjølv! 
Tuuusen takk til deg som skriv ein kommentar eller er innom sjølv om det er lite nytt her!
Du motiverer meg masse! 

torsdag 12. mai 2011

Blogglotteri!

Eg er tilbake med brask og bram, etter ein aldri så liten bloggferie i sommarsola! 
Den må vi berre nyte når vi kan, og eg kan tole nokre dagar 
med gråvèr og regn igjen etter eit sånt energitilskot! :)

Har du forresten leita fram sykkelen igjen? Tatt vårpussen og gjort den blank og fin? Men manglar du det lille ekstra? ;) Eg kan glad og fornøgd fortelle at min sykkel har fått nytt, raudt, prikkete setetrekk, og det er så fint! OG eg har fått eit ekstra, berre for å gi det til ein av blogglesarane mine!! Kan det freiste? :)

Setetrekket kjem frå ein butikk med massevis av fine saker 
både til sykkelen og syklisten, berre sjå her:

Reglane for lotteriet er:
Eitt lodd for å legge att kommentar.
To lodd for kommentar og lenke hit frå bloggen din eller facebook.
Tre lodd for kommentar og lenke både hit og til Sykkelpikene.

Også du som er utan blogg er velkommen til å delta, 
men då er det fint om du gjer det mulig for meg å nå deg om du skulle vinne. :)
Skriv i kommentaren kor mange lodd du deltar med, 
og bruk bildet når du lagar lenke hit!
Trekning 6. juni!

Lukke til!


blogger template by lovebird