onsdag 10. februar 2010

Glade fargar

 
Sjå på denne PERFEKTE tulipanen! Den er rosa og skjønn, og nesten gjennomsiktig, slik at den slepp lyset sååå fint igjennom!

 
Vårleg og vakkert...

 
Og eg likar også fargane i desse herlege oldemorsrutene! Eg eeeelskar rosa og raudt, og har alltid gjort det! Hugsar med gru dei åra då dette var ein forboden kombinasjon, og då eg nesten måtte late som det var stygt, sjølv om det i mine auge også då var herleg energigivande!

 
For å gjere lappeteppet litt meir fresht har eg også innslag av grønt og lyseblått, og eg brukar ullrestar av ulikt slag. Eg er litt spent på resultatet, og reknar eigentleg med at eg må vente ganske lenge på det... Men med litt fritid framfor tv'n i blant, og med reising i helga, skal eg nok få hekla nokre ruter til. :) Kjempekjekt å lage noko som går såpass fort!

Klem frå Guro

tirsdag 9. februar 2010

Formiddag heime...mmm!

 
Ein føremiddag heime er sjeldan kost, men slik blir det når Lille A har hatt feber. Heldigvis ikkje feber i dag, men oi, så stor aktivitet som krevast av ei mamme som godt kunne tenke seg å gjere mammating! Vi har gjort det meste saman heile tida, og ho vil helst sitte oppå meg til ei kvar tid. Men likevel har vi fått til både muffinskos, litt sying og masse lesing (Hakkebakkeskogen er jo kjempekosleg!).

Eg fann ut at stova mi er ganske fin i solskinn (eh, joda, eg skulle absolutt ha vaska vindu, men det kjem eg uansett ikkje til å sjå att før tidlegast laurdag om nesten to veker...), og fekk tatt nokre bilder for å dokumentere...
No kosar eg meg med FANTASTISK flotte tulipanar, og har begynt på eit fint hekleprosjekt. Til helga skal eg på tur, og gler meg til å nyyyte togturen!

Ha ein fin veke!

fredag 5. februar 2010

Vinnaren er...

 Photo by Bertil
Eg har avslutta give away'en for denne gong, og har brukt Random.org for å trekke ein vinnar. Alle som deltok fekk nummererte lodd, og så valgte pc'en 
eit tal mellom 1 og 223 (!!) som vann puta. 
-og så ville eg jo sjølvsagt dele ut ein liten trøystepremie, 
så den vart også trekt. :) 

Vinnaren av retro rundpute er Nina, 
med den herlege bloggen Dill og dall og sånt!
Trøystepremien går til Evige Ting.

Det var utruleg kjekt å få så mykje respons! Tuuuusen takk!
Eg trur ikkje det blir veldig lenge til neste gong, men det er aldri godt å vite. ;)
No er det kjempedeilig at det er fredag, og eg skal nyte helga.
Håpar du også gjer det!

Og forresten, om du lurer på valg av bildet... Vi har bestemt oss for delt omsorgsrett for det kjære kameraet vårt, så no har den tøffe mannen min tatt det med seg på tur opp i desse fjella ein plass! (Neste helg er det min tur å ta fine skrytebilder...) Om du likar bildet, kan du sjå fleire her.

Fredagsklem :)

torsdag 4. februar 2010

Siste sjanse

Eg har sydd litt i det siste, innimellom alt det andre. :) Ein av dei tinga eg har sydd er verkeleg stort og skikkeleg herleg rosa! Stoffet er frå Ikea og bandet kjøpte eg hos Volksfaden. Eg fann fram Voksiposen på loftet og sette i gang, og her er altså resultatet. Eit sprudlande, flott trekk til ein vognpose (av merket Voksi)... Og greia er at eg trur eg har lyst å selge det, men kva skulle eg i så fall kalle det utan å trakke nokon på tærne? Og kva kunne vore passe pris på ein sånn ting? Dette lurer eg på, medan eg spekulerer i om det finnast eit marked der ute.. Det bør det gjere, for det fins jammen maaange (ganske ulekre) 90-tallsposar rundt om i barnevognene eg ser.

Vil forresten minne om at no er det siste sjanse til å bli med i min give away! I morgon kveld trekkast den heldige vinnaren av ei blå, retro rundpute. :)

Ha ein fiiin kveld!

tirsdag 2. februar 2010

Forelska i Blåmann...

 
Eg må nesten fortsette temaet frå forrige innlegg. For i dag såg eg kva som er neste hovudbok i Blåmann barnebokklubb, og det er boka Forelska av Rébecca Dautremer. Ho er utdanna grafikar og illustratør med ei rekkje vakre biletbokprosjekt bak seg før ho begynte å skrive sine eigne. Forelska! vann den franske Prix Sorcière då den kom ut i 2003. (Kjelde: Blåmann Barnebokklubb)
 
Dette er forresten ein veldig flott bokklubb! Den har barnebøker for små og store barn, og alle er på nynorsk. Mange fiiine bøker! Eg er opptatt av god litteratur for barn - det er ikkje kva som helst som går gjennom nålauget her i huset, og eg er jo sjølvsagt også tilhenger av å ta vare på det nynorske språket. Barnelitteratur på nynorsk er herleg for nynorskbrukarar, men også for andre!
 
I omtalen av boka står det:
Kva er FORELSKA for noko, lurer Simone. Ho spør alle vennene i barnehagen sin, og alle veit dei litt forskjellig om dette spennande og rare, som finst i eventyra og i kroppen og får gutane til å erte - og gifte seg. Oi!  

Den barnlege og fabulerande utrrykksforma blir formidla både i bileta og i teksten, som er leikent gjendikta til norsk av Tove Bakke.  
Jonas seier forelska er å falle. Plask, pladask, rett ned på nokon! Aslak seier forelska er i eventyra. For prinsar og prinsesser. Og Leah veit det må vere TO for å vere forelska. Eller kanskje tre. Eller fire! Kor mange er best, lurer Simone då. Og er det juks eller verkeleg? 
  
Illustrasjonane er poetiske, leikne og fargerike, med noko eventyrleg over seg. Vakre og rosenraude, men òg med mykje humor. Ei bok det er lett å ... falle for!
Alle bilete og sitat er henta frå Blåmann Barnebokklubb

Barn seier så utruleg mykje gøy! Underfundige små kommentarar om livets små og store mysterium. Eg berre MÅ bli flinkare til å skrive dei ned..! 

Har du fanga opp nokre fine utsagn frå dei små som du vil dele?

søndag 31. januar 2010

"Pappa blir forelska når han kommer..."

Vi satt ved kjøkkenbordet, Lille A og eg, då ho ser på meg og seier "Pappa blir forelska når han kommer." Eh, hæ? Kva veit vel min 4-åring om forelskelse, tenkjer eg... "Han blir forelska i blomsten!" Hihi...vi hadde nettopp vore på butikken, eg og ho, og no satt vi og venta på pappaen. Forsinka, som vanleg.. ;) På butikken hadde Lille A fått velge ein blome til oss, og valget fall på ein bitteliten, rosa ildtopp. Denne passa perfekt i ein heilt skjønn, liten kopp søstra mi har laga til meg. Koppen er ikkje berre perfekt til ein litt ettermiddagskaffe, men også perfekt til ein ildtopp ein kan forelske seg i!

Eigentleg tenkte eg å bruke ildtoppen til eit endeleg-er-det-helg-innlegg, men dagane går så vanvittig fort! Eg har det ekstra travelt med jobbting for tida, og så har eg jo nokre andre ballar i lufta også. ;) Gårsdagen var jentedag her i heimen, og skulebollane var suksess! Mmmm.... I dag har eg sydd for harde livet. Har nemleg ein plan. Men den kan eg røpe meir av seinare. Hihi!

Tusen hjarteleg takk 
for all responsen på give away'en! Så morsomt å få så mange kjekke kommentarar! I løpet av veka vil eg komme innom kvar og ein og kikke litt!

Ønsker dykk ein framleis god søndag!
Klemmm

mandag 25. januar 2010

Hihi...give away!

Dette er såååå gøy!
Eg syns det er utruleg inspirerande å vite at så mange er innom bloggen min, og eg blir så glad! Spesielt glad blir eg når eg får kommentarar, for då kan eg liksom sjå litt kven de er, alle de som følger med på det eg viser av inspirasjon, kreativitet, tankar og gleder. :)

For å kunne gjere litt ære på gjestane mine, vil eg gi ein av dykk ei gåve. Aller helst skulle eg gitt noko lite til kvar og ein, men det blir det ikkje, altså... :)

Give away
1. Legg att kommentar på dette innlegget, så får du eitt lodd.
2. Legg ut link til bloggen min på din blogg, så får du enda eitt lodd.
3. Legg deg til som følger av bloggen, så kan du få eitt lodd til.

Du kan altså få tre lodd, og du må skrive i kommentaren kor mange lodd du tar.
Bruk gjerne det øverste bildet når du lagar lenke hit.
Denne rundputa går i posten til vinnaren. Den er laga av eit herleg, retro dynetrekk i blåtonar, eit stykke linstoff, ei heklebrikke frå loppis og nokre knappar og band.
Vinnaren trekkast fredag 5.februar.

Ha ei herleg veke!

søndag 24. januar 2010

Origamital


No har eg gjort det, og det var slett ikkje vanskeleg!
For ei tid tilbake fann eg Muji origamipapir på Åhlèns, og har hatt ein tanke om kva det skulle brukast til, men sidan det enno ikkje har blitt noko av, er eg glad for at denne idèen kom. Eller den kom vel ikkje heilt av seg sjølv... Det var via Bloesem at eg såg potensialet i desse origamitala, og hos henne finn du også hjelp til å komme vidare til oppskrifta. Ja, eg kan jo sjølvsagt også gi deg instruksane, som du finn hos Origami Club.


Det har vore ein spiker i denne veggen sidan vi flytta inn, og eg har ikkje funne det rette bildet å henge opp... Men no er eg fornøgd!


Likte dette søndagsbildet, sjølv om det nok er litt overeksponert. :) Likar stemninga i det, kanskje også fordi eg veit kva slags stemning det var i stova då eg tok det. Mannen sitt i sofaen med Lille A tett inntil seg, og ho høyrer konsentrert på Teskjekjerringa som vi lånte på lydbok på biblioteket i går. Eg puslar rundt, småryddar, drikk kaffe latte, knipsar bilder og kosar meg. Herleg søndag! Kanskje litt tidleg med påskeliljer, men det syns dei ikkje på Ikea. ;)


Det er ikkje ofte eg viser bilder frå huset mitt, men dette bildet også viser litt søndagsstemning, syns eg. Det er kroken ved vinduet, med to store vindu i kvar side av eit hjørne, og godstolen i midten. God utsikt ut det eine vinduet, og skogen i det andre... Likar sååå godt å sitte der! 



Har fått min første award! Tusen takk, Kamille! Eigentleg følger det nokre oppgåver til ein slik award, men eg vil velge å berre bli så glad, så glad, og takke og bukke!

No skal eg jobbe litt, slik eg ofte gjer i godstolen på søndagskvelden. :) Kvifor kan eg ikkje gjere det ein annan dag i staden? Må liksom utsette det så lenge eg kan... I morgon blir det give-away, og eg gler meg!

Ønsker dykk alle ei fin, ny veke!


blogger template by lovebird