torsdag 10. mars 2011

Fra fest til faste

Denne jenta er med på noko stort. Ho er med på eitt eller annan som betyr noko. Det ser i alle fall slik ut i augene hennar... :) Men det er faktisk sant også! For i går var vi på karneval i kyrkja, og store og små kom til festen utkledd som klovnar, marihøner, indianarar, tigrar, mus og mykje anna. Ja, og sjølvsagt var der ganske mange prinsesser også! :) Storesøster ville vere feprinsesse, og sidan ho tidligare stort sett har stilt på karneval som Bestemor Skogmus eller Pilemus Silkehår eller andre kjente og kjære musefigurar, fekk ho denne gongen kle seg i ein draum av eit rosa tyllskjørt og med krone og vinger og alt ein fe kan trenge..

Men kvifor var det karneval i kyrkja? Og kva er det betydningsfulle vi var med på? Joda, du får eit hint av overskrifta mi... No har vi nemleg gått inn i fastetida, som varer i 40 dagar fram til påske, og då passar det å starte med bollar og saft og moro! :) Skal du faste, kanskje? Eg har ikkje tenkt å faste sånn matmessig (sjølv om eg godt kunne trenge det..), men eg vil velge å kanskje kutte ned på alt det eg puttar i meg som ikkje er mat. Som for eksempel sjokolade (men kaffesjokolade må eg nok ha), smågodt (men kanskje nokre få bitar på laurdagskvelden?) kake på cafè...ja, eg kan ikkje love at eg får det til, men eit litt lavare forbruk burde eg få til i usle 40 dagar! Dessutan vil eg prøve å flytte fokus over på dei som ikkje har slikt. 
Og på kjøkkenbordet står ei lita bøsse frå Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, 
der eg skal legge på pengar av og til, som om vi har ein usynleg middagsgjest.. 
Tilbake til festen...Eg skreiv jo at du kunne få tips til korleis sy prinsesseskjørt som dette, og det er såå enkelt! Og det kostar minimalt! Tyll fann eg på den lokale stoffbutikken, og kjøpte kvitt, sart rosa og neonrosa. Eg brukte berre tre lag tyll, men kunne godt brukt for eksempel fem lag, for no måtte ho ha på seg underskjørt. Tyllen vart lagt utover stovegolvet og så bretta eg den slik eg har lært av Jamie Oliver! Han har nemleg eit bra triks for å lage eit rundt ark bakepapir til å ha i kakeforma, og det var jo klart at eg kunne gjere det samme! Dermed bretta eg altså tyllen først i to, så på nytt, og så på nytt og på nytt...heilt til det vart ein smal spiss. Ver litt nøyaktig, men ikkje supernøyen, det er litt bortkasta. Deretter klipte eg av skjørtet så det vart i riktig lengde; tenk at spissen er midt i magen, for der skal du etterpå klippe midje. Vips, så hadde eg ein tyllsirkel! Trylleri! ;) Gjer dette med alle laga, og det gjer ingenting om kanten er unøyaktig, det blir kanskje berre fint. Etterpå fann eg midjemålet til storsøster ved å bruke eit anna skjørt (for ho var jo i barnehagen..), rekne litt og finne ut kor stor radiusen skulle vere. (Hehe..eg måtte ringe mannen, men det seier vi vel ikkje til nokon..? Ammetåke?) Så kunne eg berre klippe av spissen på tyllbretten, like langt som radiusen. Hm, skulle eg hatt bilder for å vise dette, tru? Alt eg fann var dette, men du forstår kanskje prinsippet? (Og som bonus var der ei ganske freistande oppskrift...hihi! Oi, det er fastetid no, ja! ;)
Med tyllsirklane ferdig klipte og med fint hòl i midten, var det berre å tråkle dei saman og sette på linningen. Eg brukte stoff frå ein gammal singlet (for eg hadde ikkje riktig farge i stoffhylla mi), men ein kan også bruke silkeband som ein trer strikk igjennom. Heilt til slutt limte (!) eg på små silkeblomster i ulike rosanyansar. Så fiiint! Vingane er frå H&M, krona er laga av ullfilt og strikk, kvit bluse og pensko hadde vi frå før, og Storesyster jubla over å få litt sminke på kinn og augelokk. :) Herleg!
Til meg sjølv sydde eg eit marihøneskjørt på den enklaste måten, og mannen fekk superenkel og morsom bukse, som han kan bruke til både karneval og curling! :) Hihi..eller kanskje sykkelbukse, så blir han i alle fall sett i trafikken! Eg følte meg som ei Superwoman! Tenk å få sydd så masse på ein dag eller to, trilla Lillebror, rydda litt, og mens potetene kokte bakte eg jammen to brett med bollar... 
Puh - i dag gjer eg visst nesten ingenting. ;)

Rekordlangt innlegg, trur eg. :) 
Om du framleis heng med vil eg berre takke og bukke, 
og ønske deg ei meiningsfull fastetid og 
ein strålande dag!

8 kommentarer:

  1. Null problem å henge med......inspirerende innlegg!!

    Er jo så gøy med tyll og blomster, er liksom så lite som skal til før det blir flott og nydelig!!

    God fastetid!!

    SvarSlett
  2. Ikke noe problem å henge med, fordi du skriver så bra. Kjempe fint kostyme. Fikk nesten lyst til å sy et slikt tyll sjørt til mes selv, he, he, he :) Ha en fin dag. Klem

    SvarSlett
  3. Det får'n si! Jammen rakk du mye på en dag! *imponert* Kan skjønne jenta var storfornøyd, antrekket var en ekte feprinsesse verdig. Og jeg kan tenke meg at både du og herren var fine også:-) Hjertelig hilsen Hanne.

    SvarSlett
  4. Hei. Synes det var en fin påminnelse, og her i huset har jeg tenkt å fokusere på det å ikke kjøpe noe nytt.. Hverken klær eller unødvendig nips. Om jeg skulle få lyst på noe nytt, må jeg lage det selv.
    Kjempefint tips, det med bakepapiret.. Kanskje det blir nytt vårskjørt på meg og min prinsesseFe..? :)
    (Håper også du henger med..Langt innlegg får lange kommentarer.)
    Ha en fortryllende (snart)helg, og lykke til med fasten.. ;)
    Hilsen
    LenaE

    SvarSlett
  5. skjønne guro, glad du tar opp viktige temaer og! vi hadde og en usynlig venn ved bordet vårt i fjor, men i år har jeg ikke funnet bøsse, (sløvt!)

    jeg lo for meg selv da jeg leste dette: "og det gjer ingenting om kanten er unøyaktig, det blir kanskje berre fint." så fint sagt liksom!

    mangler bare tyll, så får vi vel prøve oss på dette!

    klem klem til deg :)

    gunnhild

    SvarSlett
  6. WOW!!! Skjønner godt du følte deg som superwoman:) Herlig skjørt og godt tiltak! Og skjønn feprinsesse:)

    Klem, Janne

    SvarSlett
  7. Nydelig:-) Men når får vi bilder av brodern i den buksa?

    SvarSlett
  8. Vilken jättefin bild på tösen.

    /Mia :)

    SvarSlett



blogger template by lovebird