Av og til må eg berre le av meg sjølv. Og jammen er det berre ikkje eg som ler.. ;) Det kan vere mange grunnar til desse små utbrudda av latter, som plutseleg boblar fram, med eller utan bismak. Kanskje er det fordi eg plutseleg kjem på at fridagen min er i morgon, eller kanskje fordi eg oppdagar at genseren er tatt på med innsida ut? Kanskje er det fordi eg har gått rundt med leverposteiflekk på kjolen heile dagen, eller fordi eg berre fekk tatt på mascara på eine auget og ikkje oppdagar det før eg går på do og ser meg i speglet i pausen min? Kanskje er det fordi eg krøllar meg saman på sofaen og er stuptrøytt, men ikkje orkar å gå ned for å legge meg? Eller så kan det vere som i går... I går lo mannen min av meg, mens eg kanskje var mest oppgitt.
Når eg tenker tilbake på skuletida mi, tenker eg med gru på alle gymtimane. Eg var veldig glad i mange av skulefaga, men akkurat gym var heilt pyton. Ikkje sprang eg fort og ikkje hoppa eg høgt, og aldri vart eg valgt først til noko som helst slags lag. Men å kaste liten ball, det kunne eg.. Uansett, det var jo slik at eg måtte ha gym kvar einaste veke i 12 år, og då lærer ein sjølvsagt nokre teknikkar for å sleppe unna. Vondt i foten, vondt i hovudet, kvalm...etc. Og eg har ikkje blitt dårlegare på unnskyldningar seinare heller. ;)
I går kveld hadde eg ein avtale med ein mann på treningssenteret. Eg var nemleg innom der for ein månads tid sidan, for å få hjelp til å sette opp eit bra treningsprogram no som eg ikkje lenger går til fysioterapeut. Eg har jo hatt eit veeeldig skranglete bekken, og har trent det fast to gongar i veka sidan lenge før Lillebror vart fødd. Men kroppen har jo ikkje akkurat blitt sterkare av all stillesittinga og vondtinga, og no når eg er tilbake i barnehagejobben igjen, er jo musklar og kroppsleg vedlikehald rett og slett noko som berre må til. Difor fekk eg altså sett opp eit lite styrketreningsprogram, som eg planla å gjennomføre minst to gongar i veka. Hah! Eg har knapt vore innom sidan sist, og grudde meg skikkeleg til å møte den skumle treningsmannen igjen i går.. Tenk om han vart streng! Eg satt rett og slett på ein stol her heime, ferdig kledd i treningstøy, og prøvde å snike meg unna.. Hallo, eg er jo vaksen no! Eg måå jo ikkje gjere slikt som eg ikkje har lyst til lenger! Eller..?
Mannen på treningssenteret var ein tolmodig mann. Og eg er ein ærleg person. Og fordi eg sa rett ut at eg mangla fullstendig motivasjon, til trass for at kroppen min skrik etter å bli sterkare, ga han meg eit bra tilbud. Ikkje akkurat ei gulrot, men ein fast avtale. Og eg tenker på at han ikkje er gymlærar, men ein som vil mitt beste. Og faktisk så har eg betalt nok gjennom dei siste fem åra til å ha ein personleg trenar ei god stund, så det må eg berre utnytte... For faktisk er det det han skal vere dei neste vekene. Han ville pushe meg gjennom ein halvtime eller to i veka dei neste vekene, heilt gratis. Og når nokon ventar på meg, då kjem eg. Hjelp!
Og kor kjem gulrøttene inn i bildet? Joda, desse gulrøttene er i miniatyr, henta opp frå kjøkkenhagen. Eg treng gulrøtter. Enten dei er lange og gule, lilla eller kvite, eller som ein premie eg kan unne meg sjølv når eg har gjort noko eg ikkje har lyst til. Som gym. Hehe... Det er vel berre å ta seg sjølv i nakken, eller kva? ;)
Korleis belønnar du deg sjølv?
Håpar du har gode dagar!
Så heldig du er som har fått ein til å pushe deg! Lykke til med treninga!
SvarSlettog eg kjenner veldig godt til den følelsen, når ein verkeleg ikkje har lyst...
Haha, for nå måtte jeg le! Kjenner meg så innmari igjen :) Og også det med gymmen. Jeg var helt ram på å komme på unnskyldninger- Faktisk så mye at jeg fikk et eget opplegg til slutt. Læreren ga meg til slutt opp og lot meg få lov til å gå turer i gymtimen. Passet meg perfekt :)
SvarSlettLykke til med trening fremover! Han virker som en grei fyr så det går nok så bra så :)
puuuh..kjenner den dårlige samvittigheten kommer med det samme jeg leser dette..
SvarSletthåper å komme tilbake på trening igjen nå, når høsten er her.
i sommerhalvåret så har jeg absolut ikke prioritert å stå INNE og trene, da er jeg ute!
dvs..god støttemedlem på treningssentret halve året..
Gud så herlig skreve:)
SvarSlettKjenner eg meg igjen??? Jepp veldig, så når eg skal belønna meg sjøl nå for tia blir det ei bok eller strikk:)
Ha ein flott kveld:)
Anne
Lykke til med trening! Minnes tilbake til egen gymtid, jeg var stort sett håpløs og med elendig innstilling, hehe, så håpløs at det en dag sprakk for gymlærinna, og jeg fikk ekstratime i liten ball for hun var så lei av å se så elendig kasting.
SvarSlettSå jeg pleier skryte av ekstratimen i liten ball, til tross for manglende resultat.
Haha, må le litt jeg også;) Kjenner følelsen!
SvarSlettKanskje vi har gått på samme fysio-trening, forresten? Verden er jo ikke så stor, har jeg oppdaget...;) Jeg gikk også på bekkengruppe både før og etter fødselen. Skal ha min siste time i morgen faktisk...det er noe herk med bekkenløsning!
Lykke til med PT-treninga, må være en god start:)
Klem, Janne
Haha, det der høres iiiiiikkkkenoe kjent ut, altså. Å neida. :) Du er flink - flinkere enn meg, som ikke trener overhodet! Og det enda jeg var ganske god i stor ball og stille høyde på barneskolen.
SvarSlettOg å ligge på sofaen og ikke orke å legge seg? Hm, nei det har vi aldri hørt om... Host. :)
Klem fra Pia
Du er så velsigna ærleg,- og set ord på ting for oss andre. takk! Eg håpar denne snille mannen kakkar hol i treningsgleda di, for ho er der inne ein plass, og ventar berre på å få kome ut.
SvarSlettViss trening berre er slit og dårleg samvet kan det berre vere. Men når det er gøy? Og gir resultat i auka energi? Då er det gull verdt!
Helsing mams med altfor lang treningspause no...
Hehe...jeg må le...ikke av deg, men fordi jeg kjenner meg igjen. Akkurat nå er jeg heldigvis ikke støttemedlem av noe, så da er samvittigheten god når man har vært ute i naturen. Prøver å gå tur hver dag, men det blir nok kanskje 3 ganger i uka. Så får vi håpe det vedvarer;) Hilsen nattevakten.
SvarSlettHeia:)
SvarSlettKlart du kan! Det ble populært det gule, men om du vil kan jeg holde halvparten av det ene sengtøyet til deg. Bare si hvor mye du vil ha du:) Og aller helst vil jeg bytte, hvis du har noe du vil bytte med! Det er jo så gøy å dele litt på skattene!
Når du sier det så husker jeg at vi snakket om bekkentreninga før en gang ja...! Bra noen har kommet seg ut av ammetåka..hehe;)
Klem, Janne
Vi ordner med hele sengetøyet, går fint ja:) Jeg bruker ikke så store biter likevel, er jo mest småprosjekter. Og om jeg får byttet i andre stoffer så er det vinn-vinn:) Gjerne i retrosjangeren, og størrelser kan gjerne variere. Har mye stoff og stil-stoff, men har du andre nye fine stoffer går det også fint! Blir glad for det meste:) Kan du ikke bare plukke det du synes passer å bytte det i da...?
SvarSlettHei :-)
SvarSlettJeg liker å få ting til, uansett hva det er. Så - mestring er min gulrot...høres sikkert litt sært ut....
PS- mine gulrøtter sådd i melkekartonger likner i grunnen på dine...hehe...vi får skylde på den dårlige sommeren i år ;-)
Ha en fin dag :-)
Kjenner meg så godt igjen! En sånn avtale hadde nok funket på meg også Ü Lykke til med treninga. Og god helg Ü
SvarSlettFniis...hehe, morsom historie du!
SvarSlettHvordan jeg belønner meg selv? Hmm tør nesten ikke si det høyt, men det er med sjokolade i bilen på vei hjem fra jobb!!!