lørdag 31. juli 2010

Strikkedilla!

No er hekletøyet lagt på hylla ei lita stund, og det er bytta ut med det deiligaste strikketøy!!

Har kjøpt Cashmerino frå Pickles
og det blir heilt fantastisk mjukt og godt! Det tok berre nokre få dagar frå bestilling til garnet låg i postkassa, og det blir ikkje lenge til eg bestiller ny porsjon! :) No er det teppe til Lillebror som blir strikka på, men etterpå skal eg garantert strikke lue og diverse anna tilbehør i dette garnet. Når eg først vart van med kvaliteten (strevde litt med at tråden delte seg), vart eg rett og slett hekta. Både eg og fleire andre har lurt på om det er mjukt bomullsgarn, men det er ull! Det berre kjennast ikkje slik ut!
Eg sitt mykje i ro i godstolen om dagen, og får dermed strikka mykje meir enn eg syr... Grunnen til dette er jo nettopp den voksande magen, og sjølv om eg ikkje har termin før i slutten av oktober så er eg ikkje så sprek som eg gjerne skulle vore. Som sagt før så er jo bekkenet mitt ganske dårleg, så krykker og bil er einaste framkomstmiddel. I tillegg har eg no vore sjuk og slapp, og blodtrykket blir for høgt, og sidan eg hadde ganske alvorleg svangerskapsforgiftning sist, så er jo akkurat det med blodtrykk ganske spennande i utgangspunktet... Men no er dette på veg til å betre seg igjen, og energien er på veg til å vende tilbake, så dermed håpar eg at eg skal få gjort både det eine og det andre til veka, når jobb og barnehage tar til igjen for dei andre. ;) Vi har jo kosa oss masse i ferien, men for min del blir det godt å få huset for meg sjølv igjen. Ingen som masar, ingen som gjer ting eg gjerne skulle gjort, berre meg sjølv og fred og ro... :) 
Ja, då vart eg jammen litt personleg i dag... :) Litt tankar frå huset i skogkanten. 
Men mest håpar eg de fekk lyst å strikke! Eg skal i alle fall strikke nokre fleire striper i løpet av dagen, for eg er så utolmodig på å få begynne på neste prosjekt! 
Og medan eg held på no, så høyrer eg på herleg, herleg musikk frå denne dama her!

Ha ei herleg helg!

12 kommentarer:

  1. Så nyelige farger!! Og det ser akkurat like deilig ut som du beskriver det! :-) Blir sikkert deilig for minstemann å ha på seg!

    Håper formen blir bedre og bedre - og at resten av ventetiden går uten problemer! Mange gode ønsker herfra!

    SvarSlett
  2. Det så ut som et herlig strikkeprosjekt for "rugetida". Jeg ble fristet til å bestille litt av det garnet :-)

    Håper formen blir litt bedre når du får litt mer ro rundt deg!

    Fortsatt god sommer!

    SvarSlett
  3. For nåkre hærlige fargar på garnet.

    Uff, føler med deg. Krykker og div dårlig bekken bringer frem smertefulle minner... Jeg er ikke bra enda, men krysser fingrene for at ventetida di snart er over og at du blir sprek som en fisk etterpå!!!!

    Klem på deg!!

    SvarSlett
  4. Så fint det ble med barnetegningene i rammen. God idè ;) Og kjolen under her var kjempesøt!

    SvarSlett
  5. Hei fin blogg du har!! fine farger du stirkker i!!

    SvarSlett
  6. Fiine farger, og ja det garnet er helt herlig å strikke med.

    Uff, bekkenløsning og ustabilt blodtrykk er kjeeedelig (har litt for god erfaring med det) men det er utrolig hvor fort tiden går, selv om det ikke føles slik nå.. Ta det med ro, slapp av og nyt den voksende magen, prøv å kose deg, selv om det av og til er mere slit enn kos... :)

    SvarSlett
  7. Eg har hatt strikketørke siste månadene, men no vart eg inspirert! Strikkepinnar og garn er funne fram, og eg har såvidt starta på lune leggvarmarar til meg sjøl. Dei skal eg spankulere rundt i når hausten kjem! :)

    SvarSlett
  8. Vakre - lune - gode fargar!
    Ha ei fin helg!!

    SvarSlett
  9. Nesten bra at kvardagen kjem igjen, så får du litt mere ro til å kvile..for det er så viktig så viktig!
    strikking er nok en perfekt aktivitet, og eg gler meg på åfå sjå fleire herlege strikkeprosjekt!

    SvarSlett
  10. Ta vare på deg og magen! Bli nok godt for de andre å begynne på barnehage og jobb også. Deilige farger du strikker med. Fortsatt god god helg!

    SvarSlett
  11. Så nydelig garn, og fine farger! Ja, det er godt å ha noe å henge fingrene i, og da er jo et håndarbeide midt i blinken! Pass på deg selv, og ta det med ro fremover! Lykke til!

    Klem Cathrine :-)

    SvarSlett
  12. Jeg sier bare som de andre, du strikker i nydelige farger, og garnet ser helt herlig ut!

    SvarSlett



blogger template by lovebird