mandag 1. mars 2010

Sofatid med herlege Etsy

Dette har vore ein skikkeleg sofadag! Det positive med slike ytterst ufrivillige sofadagar er all tida ein har til å surfe... Mmmm, eg har funne mykje fint! Desse bileta er frå Etsy, ein stad der du kan finne fine, søte, rare, nyttige og unyttige ting. Dette er berre eit lite utval...eg har ikkje shoppa så veldig mykje, men den flotte bunken med filt berre måtte bli min! Gler meg til den kjem!

  1. Circa Ceramics - herleg krukke med hjulvisptrykk! Akkurat ein sånn som Mormor ville ha...
  2. Prettylilthings - hårstrikk med vårlege, flotte filtblomar.
  3. Bossanovababy - lure sakseetui med stilig fototrykk.
  4. Titchables - heldige meg! 50 bitar filt i like mange ulike fargar!
  5. Elephannie - wallstickers.
  6. Zuzu's Petal - så søte minidukker! Små larver som kan leggast inni bladet sitt.
  7. Sugarloop - så enkelt, så fint print.
  8. HModine - dette anhenget syns eg var morsomt! Papirdukke med dinglande frakk!
Kos deg med surfinga, enten du leitar etter ei gåve til nokon du er glad i, ein premie til deg sjølv eller berre inspirasjon. Det er mykje å finne! :)

Ha ei fin og vårleg veke! 
Hugs at dette er den første vårmånaden! Hurra!

2 kommentarer:

  1. Tusen takk for veldig koseleg kommentar! Eg har hatt ei vekes ferie frå ALT og har difor ikkje fått svart deg før no.

    Litt etsy-tid er saker! Det er verkeleg imponerande kor mykje flott som vert laga her i verda! Eg har enno ikkje bestelt noko derifrå, men det er jo kjempekoseleg å berre myse :o)

    SvarSlett
  2. Håller med. Etsy är fantastiskt. Man kan fördriva nästan lite för många timmar där.

    SvarSlett



blogger template by lovebird