tirsdag 6. august 2013

Når kvardagen er her

Vi er igang med å bruke huset vårt. Vi brukar kvar ei krå, og greier på forunderleg vis å fylle det. Stova skulle vere leikefri sone, som ein fristad for auget og kvile for sjela. Eller noko sånt. Ryddig og zenaktig, kanskje. ;) Men enno flyt leikene. Togbanen har blitt satt i ein samanheng, men petshopar og små sokkar har funne flytsona si. Eg syns på ein måte det er greit. Etter forrige overdøvande idylliske innlegg har kvardagen innhenta oss, og eg må sjå litt nøyare etter for å oppdage idyllen mellom oppvask, gamle aviser, søskenkranglar, korte lunter og tidsfristar og anna kvardagsgreier. Men eg ser den. Idyllen, altså. :) Eg ser den i barnesang, knusekos og togbane. Eg ser den når lillebror storfornøgd tittar fram frå klesskapet mitt og ropar Fann deg! Og når storesøster jublande spring mot ytterdøra for å sleppe inn venninnebesøket sitt. Eg nyt kaffien min i haugen med puter på sofaen, godt gøymt bak stabelen med flyttekasser, og lyttar til venninnene som snakkar om flytting og kjensler og kven som eigentleg vil at storesøster skal lære å spele piano. Eg stoppar opp i stresset og tar pause. Det er verkeleg godt. Verkeleg. 
Pianoet fulgte med huset. Og den nydelege pianokrakken likeså. Fleire bilder og detaljar kjem når pc-utstyret er pakka ut. Når ting har komt på plass og ledningane funne att. Eg gler meg! :)

Nyt kvardagen din!

søndag 4. august 2013

Ein passeleg dose idyll, takk!

Dette er verkeleg akkurat så idyllisk som det ser ut. Siste feriedagen. I hagen leikar glade barn. Vi har klossar, klatrestige, dukkestue og hengekøye. Vi har rips, solbær og kirsebær. Vi har vaffeljern og skøyteledning, og vips! så vart det vaflar og is og gode venner på besøk på terrassen og i hagen og på omvisning i nyhuset. Rett og slett ein heilt nydeleg søndag! Så no kan kvardagen berre komme... 

Ønskar deg ei deilig sommarveke!

torsdag 1. august 2013

Nymalt parkett

Å male golv er, tru det eller ei, kjempekjekt! Til og med mannen syns det var gøy, for då ser ein verkeleg fort resultata! :) Ein heilt ok bjørkeparkett, ikkje perfekt på nokon måte, har no fått nokre strøk med Trestjerner i fargen fabrikk. Perfekt. I alle fall nesten. ;)

Eg er klar for fortsettelsen. Fleire golv, takk! Berre synd at lister, tak og veggar også må malast. Og vindu og dører. Og skap. Og stolar og hyller. Og trapp. Joda, eg har litt å sysle med framover. Enn du?

søndag 28. juli 2013

I full sving


No svingar eg kosten dagen lang! Vi har overtatt det nye huset vårt, og malemotivasjonen er enorm. Det er bra, for mengda luta furu er overveldande. Og vi møter stadig nye utfordringar, så allerede etter tre lange arbeidsdagar har tidsskjemaet sprukke. Luta furu er rett og slett ikkje berre lett å ha med og gjere!

Ideane boblar, inspirasjonen er på topp, og bloggelysta kriblar heilt ut i fingertuppane. No gjeld det berre å halde tunga rett i munnen, ha bra fokus og verkeleg stå på nokre dagar. I løpet av kommande veke skal vi nemleg flytte desse to kilometrane til nyhuset, og då må mest mulig vere ferdigmalt først. Det er gøy!!

Ha ein fortreffeleg søndag!

onsdag 12. juni 2013

Rekkehus til salgs!

Alle foto: Aktiv Eiendomsmegling
Slik ser huset vårt ut på framsida av Finn.no i dag. Det er til salgs!! 
Det er heilt sprøtt og veldig spennande og frykteleg vemodig... Vi stortrivast jo her! Og særleg når det no er så ryddig og romslig, så er det jo veldig rart å skulle flytte. Men det skal jammen bli godt med enno fleire kvadratmeter å boltre seg på. ;)

Dette er rett og slett grunnen til at det vart enda ei bloggpause. Vi har rydda og mala og flikka og rydda og tømt og fiksa og rydda litt til.... Det er utruleg tidkrevande å skulle selge hus! Aktiv Eiendomsmegling har boligstylist med i pakken, og ho var innom eit par veker før fotografen. Det er kjekt å få innspel av nokon som veit kva som skal til for å selge, men vanskeleg å ikkje skulle sette personleg preg på huset sitt. Det klarte eg nok rett og slett ikkje, sjølv om eg delvis prøvde det... Men resultatet er vi i alle fall fornøgde med, og så håpar vi at mange andre også likar det, og at det blir kamp om å få bu her! Eg kan i alle fall varmt anbefale det!! :)

Det nærmar seg visning, og annonsa er nettopp lagt ut her. Eg kjem nok kanskje til å legge ut nokre fleire bilder på bloggen også, og kanskje tar eg meg ei runde med kameraet før kjøparane strøymer på...? ;) Dette er jo ingen interiørblogg, og kjem nok ikkje til å bli det heller, men her er mange detaljar eg gjerne vil vise fram. Til glede og inspirasjon, sjølvsagt. :) Noko du er nysgjerrig på?

Ha ein fin onsdag!

onsdag 15. mai 2013

Stoffavhengig?

Produktbilde
Produktbilde
Produktbilde 
Produktbilde
Eg har hatt ryddesjau i stoffhyllene og stoffeskene og stoffposane mine... I alle fall fekk eg begynt på den store ryddesjauen, og ser at sjølv om eg no faktisk skal få ein plass å ha alle sysakene mine, så treng eg ikkje å fylle opp den plassen med ein gong. Og etter at alt småtteriet er kasta (-det gjorde vondt i gjenbrukshjartet mitt, for det er jo sjølvsagt mulig at barnehagebarn eller sfobarn ikkje har slikt eit rikt utval som eg har, og at dei kunne hatt glede av det...men nei!) så er der både små og store bitar med stoff som eg mest sannsynleg ikkje kjem til å sakne. Og det er godt mulig at andre kan ha glede av det! Og dermed er sånn ca ti kilo stoff allerede lagt ut på Eplabutikken min. Her ser du berre eit utval av det som ligg der. Klikk på bildet, om du vil! :)

Ha ein fortreffeleg onsdag!

tirsdag 14. mai 2013

Små og store hus

Plutseleg er hus det einaste eg tenker på. Det begynte kanskje med desse små husa. Eg fann idèen i Rom123, og dei har henta den frå dette blogginnlegget. Ein verkeleg god idè, særleg no når alle dei etterkvart litt lange spirane mine treng meir plass...og det er mange av dei! :) Eg brukte store og små kartongar, hobbylakk og pensel. Nokre er svarte og nokre antikkrosa, og kombinasjonen med det grønne gjer det både tøft og fint og friskt. Herleg!
Hovedgrunnen til at eg berre tenker på hus er nok at vi for akkurat ei veke sidan kjøpte einebustad. Crazy! Eg får framleis nesten gåsehus av å tenke på det, og måtte køyre forbi igjen i dag på veg frå barnehagen. Det er eit stort og fint hus ikkje så langt frå her vi bur no, og flyttinga blir mot slutten av sommaren. Men i morgon kjem boligstylisten heim til meg, og det rare er jo at eg aller helst vil style huset mitt før ho kjem... Eg skjemmast av å vise fram alt kaoset her, men så er det jo delvis fordi vi allerede har begynt å pakke vekk ein del ting, har skaffa eit lass med pappesker, har demontert hyller for å male tak og veggar osv. Det blir jo innmari fint her når vi skal flytte, altså! Men no skal eg sjå om eg får litt meir orden i sakene før Greys. Kaos eller ikkje - ingen tirsdag utan sofakrok og Greys! 

Håpar bilda mine inspirerer deg i dag. Våren har endeleg eksplodert ute, men hagevekstane kan nok trenge litt ekstra varme og omsorg innandørs før dei skal ut og blomstre! :) Eg gler meg i alle fall til hagen får meir farge!

Ha ein deilig kveld!

onsdag 1. mai 2013

Gøy med body!

Forrige helg tok eg med meg symaskinene og nokre stoffbitar og besøkte ei venninne nokre timar. Utruleg kjekt å sy saman med nokon! Og resultatet vart eg strålande fornøgd med! :) Her ser du lillebror i sin nye body, sydd etter innfallsmetoden i det herlege Cirkusstoffet frå Gekko. Verkeleg deilig kvalitet! Eg brukte ein passeleg stor body som mal, teikna av mønsteret og sydde glad i veg. Oops, eg hadde gløymt å tenke ut ei lur halsopning, men det ordna seg visst med litt kreativitet og nokre trykknappar. Neste gong vil eg nok leite etter eit eigna mønster først... ;)
Guten er også strålande fornøgd. Fin og glad! "Æ har fått øya på magen min!" seier han og ler. Og mammaen er inspirert til å sy meir. Kanskje eit par vårlege bodyar til? Eller kanskje det snart er slutt på bodytida, slik at gensrar og t-skjorter er meir på sin plass? Og nattkjole til storesøster. Og eit snurrete skjørt, kanskje? 

Nyt dagen!



blogger template by lovebird