torsdag 31. mai 2012

Med hint av neon

I forrige veke var det omtrent 20 grader varmare i Trondheim enn det er no. Det er STOR forskjell! Vi fekk ein smakebit av sommaren, og måtte plutseleg legge bort ulla og gå til innkjøp av sommartøy til barna. Men gleda var relativt kortvarig. Eg syns det regnet som kom i ettermiddag var litt i tjukkaste laget for mai å vere... Heldigvis kjem sola igjennom av og til, og den varmar godt i stova vår! Sommarblomstrane må vente, for det er framleis ganske kaldt om natta. Joda, eg har jo nokre på trappa, men har gitt opp å flytte dei inn og ut etter temperaturen, og tenker at det er survival of the fittest som gjeld. Dei skal jo trass alt overleve resten av sommaren også.. ;) Er det kanskje litt ulogisk tenking?

Ute på verandaen står ein fin turkis sofa. Den er storebroren til den vesle turkise sofaen vi har i stova, og som vi ikkje kan kvitte oss med, sjølv om den syng på siste verset. Men den syng i det minste enno... ;) Og då storebroren slutta å synge for eit par år sidan, og vi måtte bytte den ut, sette vi den midlertidig ute. Den har stått ute i vind og vèr, sommar som vinter, og den får vare så lenge den varer. Vi diggar den! Rett og slett! På bildet har den fått selskap av eit loppisnattbord, som etterkvart skal fiksast litt på og flyttast ut i leikehytta, når den ein gong skulle bli innflyttingsklar. Trollhasselen kjøpte eg på Mester Grønn tidlig i vår, og den kvite fuglen er frå Panduro. Det vart frisk og fin og herleg pynt med nokre fine tapebitar. SJØLVSAGT ispedd litt neonfarge. Kven hadde trudd at eg skulle like DET igjen?! 

Eg GLER meg til solnedgang og kvitvin her ute i sofaen!
Nyt dagen!

onsdag 30. mai 2012

Stoff og agurkar

Det er altså ikkje agurktider heilt enno, sjølv om overskrifta kunne antyde slikt noko. Tvert imot er det så mykje som skjer i nyheitsbildet for tida, at det er godt å koble ut med blogging og kreative syslar! Slik såg sykroken min ut denne føremiddagen. Eg er i streik, og nytta tida før streikevakta på å passe jenter som ikkje fekk komme på skulen, og samtidig leite fram symaskina igjen. Og begge deler var kjekt! :) I den kvite blomsterpotta veks forresten agurkplanten min. Eg måtte flytte den over i større potte i går, og det er litt skummelt. Vi får håpe den trivast og har det bra!

Eg har jo lova å seie noko om kor eg får kjøpt fine og deilige stoff, men eg har ikkje bilder av desse stoffa i dag. Om du klikkar deg inn på desse lenkene, tenker eg imidlertid du kan finne både det eine og det andre...
  • Stoff og stil  - stort utvalg og greie prisar
  • Gekko - mjuke, fine og gode stoff frå ei favorittbloggedame
  • Trendsales - ulike selgarar og eit enormt utvalg av retro og vintage stoff
  • Volksfaden - stort utval og super service
  • Etsy - kos deg med jakta på alt det fine
Eg trur dette er der eg har handla mesteparten av stoffa mine. Og sjølvsagt kjem det eitt og anna stoff frå Panduro og frå skap og skuffer og loppisar rundt omkring... Samlinga er stor, og det er i grunnen synd at det hopar seg opp! Nei, no skal eg klippe og sy litt meir med det samme! Sola er borte frå sykroken i stova, men jammen er det fantastisk deilig at det er så lange og lyse kveldar no!

Ha ein strålande kveld!

mandag 14. mai 2012

Mandagsstjerna

Mandag kveld. Ei ny veke er i gang. Ei god helg er over. Håpar veka også bringer mykje glede! :) 
Eg viser fram sybilder igjen. I dag har eg hatt på meg den nye tunikaen min på jobb, og har vore så stolt! Endeleg har eg sydd noko til meg sjølv! Noko som vart vellukka! :) Og eg vil gjerne sy meir også no, når eg først har fiksa og triksa med mønsteret, slik at det meir eller mindre passar til min kropp. Mønsteret har eg funne i boka Made by me, og det er Sukkertøykjolen fra Klinkekult. Min kjole er av lilla babyfløyel og med prikkar på armane. Ikkje noko meir pynt. Less is more, sa mannen. ;) Kjempegøy og akkurat passe enkel å sy!

Stjerna på bildet sit på ei herleg bukse eg tidligare har sydd til Lillebror. Han var så fin i den på laurdag! Vi kosa oss, men det viser kanskje bildet? Mannen måtte knipse bilder, når vi først gjekk i heimesydde klede begge to! ;) Denne guten er stjerna mi...og sjølvsagt er søstra det også! Varm i hjartet!

Eg vil ønske eg ei god og glad veke!

onsdag 9. mai 2012

Cafèblogging

Storesyster og eg nyt formiddagen i byen. Begge er i perlehumør, lunsj, cupcakes og kaffe er nydeleg godt, og no sit ho og fargelegg minimandalas og nynnar på ein fin melodi, mens mammaen tar inn masse god energi. Måtte berre dele dette.

Ta vare på dei gode stundene!

fredag 4. mai 2012

Moromiddag

I dag vil eg berre dele eit litt morsomt tips! -og eg beklagar den dårlege bildekvaliteten, men mannen har gøymt favorittlinsene mine ein eller annan stad... Slik kan det gå, når huset har for mange gode gøymeplassar og altfor få ting ligg på sin plass. ;) Men no er det fredag og før sushien kjem på bordet, skal helgestemninga senke seg over stova! Barna skal i seng og dei vaksne skal nyte kvelden. Godt!

Denne morsomme middagen fann eg idèen til på Pinterest, men nokon har gjort slett arbeid, og eg kunne ikkje finne fram til originalkjelda. Argh, det er både irriterande og ikkje minst respektlaust! Nei, takke meg til linking with LOVE! :) Uansett, (det var då veldig vanskeleg å komme fram til poenget i dag!) det er jo kjekt å kunne kombinere ulike typar P-mat på ein gong. Pølser OG pasta! Ja, for du veit vel at P-mat stort sett er sikkerstikk hos barna? Vi hadde litt grønsaker også, men faktisk vart ikkje dette ein stor suksess her i huset. Nei, i dag ville ungane helst ha maten kvar for seg, og ikkje blanda saman. Men moro var det!

Ha ein fin fredagskveld!

torsdag 26. april 2012

Siklesmekke og syvenninner

Gode syvenninner er gull når du vil at produksjonen skal opp! Mine syvenninner og eg samlast nokre gongar i året, og også denne gongen lånte vi ein barnehage der vi kunne sy, spise, skravle, motivere og inspirere kvarandre i fred og ro ein heil dag. Eg var til og med så heldig at eg fekk låne ei overlockmaskin heile dagen, og fekk laga både det eine og det andre... :) Det var jo for eksempel utruleg enkelt å lage fine siklesmekker, med godt utstyr og mjuke gode stoff. Kor eg får tak i lekre, deilige stoff vil eg komme tilbake til ein annan dag. No må eg springe på jobb!  ;)

Ønskar deg ein fin torsdag!

lørdag 14. april 2012

Sanseputer

Her er dei dei nyaste sanseputene mine, som eg må seie meg veldig fornøgd med! :) Alltid kjekt å lage noko ein aller helst skulle hatt sjølv, men kva i all verda skal eg med så mange sanseputer?? Nei, då er det mykje betre at nokon andre får glede av dei! Eg har jo solgt nokon slike etterkvart, og eg lurer sånn på kor det blir av dei? Det hadde vore veldig kjekt å få tilbakemeldingar på korleis dei blir tatt imot av små fingrar og nysgjerrige auge.

I morgon skal eg ha sydag med gode venninner, og på planen står sommarklede til barna mine. Trur eg då. Eg har jo sjølvsagt ikkje funne fram mønster og klipt til stoffa, slik eg tenkte, men snart, snart... ;) 

Håpar du har ein god laurdagskveld!

fredag 13. april 2012

Litt etter litt

Litt etter litt kjem eg i gang igjen.
To månader med fullstendig bloggestopp og minimalt med kreativitet.
I dag strålar sola, og eg klør i fingrane etter å kose meg med å skape noko fint! 

Sanseputene eg laga før påske er endeleg fotografert, og kjem nok ut på Epla i løpet av kvelden. Herlege leiker for dei minste, i mjuke og spennande stoff, og med mykje gøy å fikle med. Snart vil eg lage fleire også, for desse er verkeleg supre! Og så kosar eg meg sånn med å lage dei! 
Foto: Bertil
Forsiktig vågar hagen å kle av seg vinterdrakta, og knoppane lengtar etter dei varme strålane frå sola. Slik som oss andre. No er vi vel ferdige med vinteren snart!? Det er i alle fall godt at kveldane er lyse, morgonane er lyse og barna lukkelege over å finne att sand, stein og syklar. I dag skal eg til byen, trene, drikke kaffe, rusle i sola og nyte dagen. ;) Høyrast ikkje det ut som ein ganske perfekt formiddag? 
Foto: Bertil
Det er dei nære tinga som har opptatt meg i det siste. Eg har fryda meg over gode Lillebroren og skjønne Storesystra. Travle og gode dagar har det vore. Vi tøysar med augevippane, vi pratar om fuglar og bilar og alt vi ser rundt oss, vi herjar og kosar og kranglar og ler. Lukke! Og Storesøster er den store helten, med sitt gode, tannlause smil, og sin uendelege energi. Eg er så takksam! Og no, no er eg faktisk igang med bloggen igjen også. Slik. Det var visst berre å kaste seg ut i det! ;)

Tusen, tusen takk for gode ord og tankar. Eg har forstått at nokre har lurt på kor det vart av meg, men her er eg altså igjen! Og eg har det bra! :) 

Ønskar deg ein deilig dag!


blogger template by lovebird