fredag 4. mai 2012

Moromiddag

I dag vil eg berre dele eit litt morsomt tips! -og eg beklagar den dårlege bildekvaliteten, men mannen har gøymt favorittlinsene mine ein eller annan stad... Slik kan det gå, når huset har for mange gode gøymeplassar og altfor få ting ligg på sin plass. ;) Men no er det fredag og før sushien kjem på bordet, skal helgestemninga senke seg over stova! Barna skal i seng og dei vaksne skal nyte kvelden. Godt!

Denne morsomme middagen fann eg idèen til på Pinterest, men nokon har gjort slett arbeid, og eg kunne ikkje finne fram til originalkjelda. Argh, det er både irriterande og ikkje minst respektlaust! Nei, takke meg til linking with LOVE! :) Uansett, (det var då veldig vanskeleg å komme fram til poenget i dag!) det er jo kjekt å kunne kombinere ulike typar P-mat på ein gong. Pølser OG pasta! Ja, for du veit vel at P-mat stort sett er sikkerstikk hos barna? Vi hadde litt grønsaker også, men faktisk vart ikkje dette ein stor suksess her i huset. Nei, i dag ville ungane helst ha maten kvar for seg, og ikkje blanda saman. Men moro var det!

Ha ein fin fredagskveld!

7 kommentarer:

  1. Denne har jeg blogget før:) Kult å lage, nammis for barna. God helg!

    SvarSlett
  2. Ja, det ser så kult ut det der!! Lyt prøva ein gong:) Kokar du dei like lenge som spaghetti vanlegvis kokar då? God helg til deg:)

    SvarSlett
  3. Knisknis! Har laga sånne ein gong, men det var skuffande mange av spaghettiane som knakk. Kanskje det var dårleg kvalitet :D Og så måtte dei koke litt lenger sidan dei var inni pølsa.

    Håper du fekk nyte sushien i fred og ro! :D

    SvarSlett
  4. Eg kan jo føye til at vi brukte vanlege wienerpølser og såkalla spaghettini, som berre skal koke i fem minutt. Passa perfekt! ;) - og kveldens sushi i nyrydda stove smakte himmelsk!

    Takk for kommentarane! :)

    SvarSlett
  5. ha-ha... Den har jeg ikke set før. De pølser skal jeg prøve at lave en dag ;)

    SvarSlett
  6. haha ja er det ikke typisk! at når en dikser opp sånn - DA vil ungane ha det hver for seg!;) hihi, mine og er så rare (på verdens beste måte da) når maten serveres skal ingeting komme borti hverandre, og så, akkurat når jeg skal få litt mat i meg selv, da skal det blandes for alle penga! jajaj, bare di spiser å koser seg så:) men det er jo morsomt og:)
    superskjønn smikke under her! helt hærlig!
    klem fra meg:)

    SvarSlett
  7. Morsomste middagen jeg har sett på lenge. Må introduseres for småttisene her i huset :)

    SvarSlett



blogger template by lovebird