søndag 18. september 2011

Fager kveldssol lyser...

Aura
Veslejenta mi har litt av ei utstråling! :) - og på dette bildet var pappaen så heldig å fange litt av den.. Eller faktisk har han berre tatt bildet i ein korridor med sterkt motlys gjennom vindauget i andre enden. Det vart litt magisk! Vi har vore på tur i helga, og har fått ein stor dose med musikk, sosialt liv, nye bekjentskaper, lyd og leven. Herleg! - og ganske slitsomt.. ;) Og atter ei veke tar til i morgon, og den har vel omtrent akkurat like tett program som den forrige. Målet for veka er å komme ajour med hus og heim! Eg har forstått det slik at det er mange som kjenner seg att i at kvardagen er både hektisk og intens, og slik skal det kanskje vere. 
Takk for at de gir meg både oppmuntring, inspirasjon og pusterom!
_DSC5155
Ha ein fin kveld!

torsdag 15. september 2011

Gammalt på nytt

Eg gjorde ein morsom oppdagelse i dag! På ein liten snartur innom Stoff og stil fann eg dette skjønne stoffet i billigkroken, og det var gøy! Den fine rosebrosja har eg laga for ei stund sidan, og den er laga av dei gamle kjøkkengardinene vi hadde då eg var lita! Ein gong på åttitalet sat mamma og sydde blå kjøkkengardiner, med matchande lampetrekk, og no har stoffet komt på nytt. Det ser til og med ut som det har komt i samme blåfarge, for det eg har berre blitt bleika litt av sola. Brosja er laga etter boka Sikk sakk.
Her ser du rosebrosja liggande på det nye, fine stoffet mitt.

No skal eg springe på eit slags juleverksted. :) På tide å tenke på julemessa!
Ha ein fortreffeleg kveld!

søndag 11. september 2011

Som ein vind

Dette er heilt vanvittig! Tida går så fort som ein haustvind! Dagane kjem og går på rekke og rad, og rutinene må vere på plass for at vi skal rekke alt vi må rekke. Det er godmorgonklem og nattakos nesten rett etter kvarandre, det er middag, lekser og barnetv før vi rekk å lande på sofaen. Ettermiddagskaffen blir kald medan Lillebror får kveldsmat, og Storesøster må i seng før vi rekk å lese ferdig eit heilt kapittel. Og så kjem plutseleg helga... Men veit du, den er jammen over like brått som den kom!

Heldigvis er vi ganske flinke til å gjere koselege ting når det passar sånn! Vi har middagsgjestar, går på skogstur eller bytur, vi leikar, les, tullar og kosar. Vi sit inne og ser på fuglane i hagen, eller vi går ut og plukkar haustblad frå bakken. Vi høyrer på musikk og vi lagar musikk. Vi er saman med mange eller med få. Vi er glade, vi kranglar, vi ler. Og når det blir kveld og barna er i seng, ja, då er dei voksne trøytte og slappe og giddalause. Som i kveld. ;) Skjønne mormor er på besøk, pappa har vore på fjelltur i helga og eg har vore våken med Lillebror og soloppgangen. Så no er eg fullstendig slappfisk, og mormor måtte ta kinoturen på eiga hand. Neste gong skal eg vere med på både kino og andre kjekke ting! :) 
Desse bilda tok eg på ein trilletur for ei stund sidan, og eg likar dei. Dei har hausten i seg, og eg likar hausten!
No blir det ferske rundstykker til kveldsmat, og strikketøyet får kanskje eit par nye striper i løpet av kvelden. Så blir det natta, og snart er eg klar for ei ny turboveke. Og den er verkeleg turbo! Håpar eg finn tid og ro til litt blogging! Det er så givande å kikke rundt på alt det inspirerande og tankevekkande eg finn rundt omkring, for ikkje å snakke om deilige, gode kommentarar frå dykk til meg. Blir umåteleg glad! :)

Ønskar deg ei inspirert veke!

mandag 5. september 2011

Crazyblå...

Altså, eg må berre beklage bildekvaliteten, som i min iver på å vise fram kveldens ugjerningar (?) vart så stusseleg... Åh, hjelpe meg for ein crazy blåfarge! I alle fall på ein vegg! ;) Her i heimen er vi jo glade i å få det fint rundt oss, men vi er enten veldig treige eller veldig impulsive, og sjeldan noko midt i mellom. Denne gongen var vi også ganske treige, heilt til det plutseleg vart kjøpt inn ein farge i dag. Og då kom den på veggen! Fargen er ein nyanse lysare enn den blå Tripp trappen du kan sjå her, men den er nok framleis cirka sju nyansar for mørk og skarp... ;) Eg trur nesten vi må ha enda ein boks med blåmaling, så får eg kanskje den lyseblå som er i tapeten? Eller skal eg berre gjere det blå feltet litt mindre..? Vi får sjå. Litt vegg blir kanskje kvit att i morgon. :) Tapeten er forresten verkeleg til å bli glad av, og den har eg kjøpt her.
Ikkje fullt så crazy, men ganske blå er desse fine skinntøflane. Eg må berre dele dette tipset, for slike skinntøflar er nesten eit must i barnehagen. Dei er gode å ha på, sit godt på foten, er sklisikre og lagar lite støy. Og dessutan så får du dei nesten gratis hos Shoeszoo! Rask levering frå Canada er det også! :) - og berre for ordens skuld: eg er ikkje sponsa, men måtte betale for dei tre para eg kjøpte.. ;)

Malebuksa er framleis på, og eg må snart ut i gangen og kikke litt igjen. Hjelpemeg, kva har eg gjort? ;) Hihi!
Håpar helga di var god, forresten! Her vart Lillebror forkjøla og hadde feber, men no er han betre att, så kanskje denne natta kan by på litt kvalitetssøvn? ;) 

Ha ei fin veke!

fredag 2. september 2011

Hausthagen og den trøytte mammaen...

For ein deilig dag dette har vore! Ein bonusdag. Ein kosedag. Ein haustdag. Ein sommardag. Ein kviledag. Ein vaskedag. Ein fotodag. Ein fridag. Ein fredag. Kjært barn har mange navn... ;)

Etter ei ganske slitsom natt, med ein gut som aller helst vil ha smokken heile natta, var det både godt, luksus og heilt nødvendig å ta det med ro i dag. Smokken til guten heng nemleg fast i mammaen, og mammaen orkar ikkje å ha nokon hengande i puppen heile halve natta. Dermed ligg guten i senga si og hyler, medan mammaen og pappaen blir surare og surare, både på han og på kvarandre... Ikkje fordi vi vil det, og ikkje fordi vi syns vi burde det, men rett og slett fordi det faktisk er midt på natta, og vi er desperate etter søvn. Kroppen gjer nesten vondt, fordi den så gjerne vil ligge og kvile, og hovudet er tungt og fylt av bomull. Vil sove! Noo! Men greier vi å komme oss tidleg i seng om kvelden? Neida...skal berre, først...! ;) Kjenner du deg att, eller?

Så no forstår du kanskje kvifor eg har sett så stor pris på denne dagen. Min eigen fridag. Eg har kosa masse med Lillebror, leika, tulla og hatt GOD tid saman med den skjønne guten min. Heldigvis er han så skjønn, så er han tilgitt så snart klokka bikkar sju om morgonen... ;) Han er jo GULL! - og takk og pris søv den fantastiske storesøstra så vanvittig tungt om natta, så ho våknar ikkje av nokon ting. Heldigvis!
Etter ein liten trilletur i formiddag, rusla eg litt rundt i hagen med kamera. Ja, no høyrast det nesten ut som hagen vår er stor som ein park, men det er den altså ikkje. Det er ein liten hage, men faktisk ganske romsleg for rekkehushage å vere. Vi likar den! Og endeleg kan eg no vise fram det fine utebordet vårt, for det har eg vel ikkje gjort før? Dette bordet snekra flinke mannen til 17.maifesten vår, men så var det så dårleg vèr at hagefesten måtte vere i stova, og det store bordet fekk stå der ei stund. Men etterkvart fekk vi flytta det ut i hagen, og eg mala det i ein nyydeleg lillagråblå farge. Føtene til bordet kjøpte vi på Ikea, og inspirasjonen fann vi hos Stylizimo. Herleg! Og faktisk så vellukka at vi vurderte å lage eit liknande til kjøkkenbord også..
Eg leika meg med kamera og macrolinse i dag. Og vart ganske fornøgd med humlebildet mitt! Sjå også dei fine biebilda til The Brekkevolds her. :) Mi humle fann eg i kjøkkenhagen, der den susa rundt på det eg trur må vere ein timian, om eg ikkje hugsar feil. Desse roseknoppane fann eg også, og eg syns dei ber preg av at sommaren er på hell. Eg lurer på om dei rekk å bløme før det blir for kaldt?

No skal eg hjelpe Poirot å løyse ei sak, medan ullgenseren til Lillebror får vokse på strikkepinnane.

Ønskar deg ei nydeleg helg!

torsdag 1. september 2011

Waldorfinspirasjon

        1. Harepus - LoriNichols
        2. Bitekjede - KangarooCare
        3. Dukker - Pingvini
        4. Sopp - Shroompers
        5. Ballerina - Chestnutdolls
        6. Filtsteinar - HouseofMoss
For ei vidunderleg skattekiste Etsy er!! Her kan eg bruke timesvis på å sjå dei nydelegaste ting og samtidig suge til meg enorme mengder inspirasjon! Når eg ser slikt får eg lyst til å sette meg å pusle med ting med det samme, og tanken på at eg for eksempel aldri har prøvd nålefilting før skremmer meg ikkje... Men eg er jo litt realistisk også, og erfaringane mine viser at eg faktisk ikkje får til alt så pent som eg forestiller meg det. I tanken ser det jo så fint og enkelt ut, men det er faktisk ganske mange ting eg heller burde kjøpe på Etsy. ;) 

Inspirasjon og skaparglede er gratis, heldigvis, men takk og pris for at det finnast kunstnarar der ute som kan lage nydelege ting til oss. La oss støtte dei og faktisk handle litt av og til, enten via Etsy eller Epla... Og syns du det er vanskeleg å finne fram? Du kan jo bruke søkeord, og gå ut ifrå dei bilda som du blir tiltrekt av. Og så går du vidare via favorittar. :) Lukke til!

Denne gongen søkte eg på Waldorf, og det er av den enkle grunn at eg i år sit i julemarkedskomitèen i Steinerbarnehagen vår. Vi skal jobbe for fullt dei neste månadane med å produsere, delegere, inspirere, motivere og lage til tidenes beste julemarked! :) Det er kjempekjekt!! Her kan du sjå dukkene eg laga til fjorårets marknad. Kanskje blir det liknande også i år? Du skal uansett få følge med på framgangen med dette enorme prosjektet som ein julemarknad er!

        1. Reisedukker - FeeVertelaine
        2. Silke - BeneathTheRowanTree
        3. Dukke - Krasik
        4. Søvning mor og baby - AsherJasper
        5. Kaninfamilien - MaiseyHandmade
        6. Julekrybbe - Softearthart
        7. Mus i mjølsekk - GingerLittle
        8. Kval - ImaginationKids
Eg kunne komt med veldig mange fleire forslag til butikkar å stikke innom, eller eg kunne valgt nokre heilt andre. I dag fekk du i alle fall eit lite utvalg, og eg håpar du kikkar deg litt rundt! :) Kos deg!
Tusen takk for alle superkoselege kommentarar eg får! Eg er innom kvar og ein av dykk innimellom, men tida mi strekk ikkje heilt til når eg planlegg å skrive ei helsing tilbake... Skal prøve å bli flinkare til det!

Ønskar deg ein super torsdagskveld!
For meg startar helga no, og det er deeeilig!!

søndag 28. august 2011

Kreakroken...

Eg har endeleg fått meg ein liten kreakrok på kjøkkenet, slik at eg slepp å okkupere kjøkkenbordet i dagevis i slengen.. :) Nytt og mindre kjøkkenbord ga plass til ein liten pult, og som med bordet var også den eit funn frå låven hos svigers. Jippi! :) Beklager dårlege bilder, men vi går absolutt mot hausten og mørket kjem snikande tidligare og tidligare for kvar dag. Sånn er det berre. Det fine med det er stearinlys og deilig te..
Det manglar enno stikkontakt ved pulten min, men skøyteledninga funkar greit enn så lenge. Og Lillebror eeelskar ledningar, så han syns den var stor stas. ;) Uff, vi må verkeleg passe på han og ledningane i huset heile tida! Han halar og drar og spis på alt han kjem over. Berre i dag har eg fjerna to dottar med vatt, eit klistremerke med ei mus på og litt bark frå munnen hans... Skal tru kva eg ikkje rakk å fjerne før det gjekk i magen..? 

Kjolen som vart ferdig i dag var ganske stor suksess hos Storesøster, som sjølvsagt ville ha den på seg på skulen i morgon. Det er så kjekt når ho likar det eg lagar! Og det er så kjekt å lage noko fint!! :) Arkitektlampa er forresten ein original Luxo, som eg fann på ein loppis. Akkurat ein slik som eg ville ha!
Og denne Hoptimisten heng over kjøkkenbordet, til stor glede for store og små! 
Ja til leikne detaljar i heimen!!

Håpar du har det godt!

torsdag 25. august 2011

Gjer eit Eplakupp! :)

Eg har så lyst å gi noko tilbake til skjønne lesarar, blide kjøparar og andre gode folk,
og i tillegg må eg jo nesten feire at eg har solgt meir enn 100 produkt på Epla! :)

I grunnen har eg jo tenkt ei stund på at det er på tide med eit blogglotteri igjen, 
men eg er litt treig, så akkurat det tok visst litt for lang tid denne gongen. Men det kjem, det også! ;) 
Og medan du ventar kan du jo ta ein titt inn på Eplabutikken min HER
for der vil du få 30 % rabatt på ordren din 
om du skriv EINGULKNAPP i kommentar til selgar. 
Avtalen varer ut august! Løp og kjøp! :)

No følger eit aldri så lite bilderas, for å vise fram nokre av produkta som ligg eller har lagt i butikken. Enjoy!
Ha ein fin kveld!


blogger template by lovebird