torsdag 8. november 2012

Kompliment


Så utruleg mykje nokre enkle kompliment kan bety!
Eg har hatt eit møte heime i stova mi i kveld, og fekk så mykje gode tilbakemeldingar på kor koseleg det var her. :) Oh, lukke! Folk eg berre så vidt kjenner skryt over stilmiksen min, det kreative kaoset og fine små ting rundt om kring. Ei av dei kommenterte til og med at ho kunne sjå at eg blogga... Hihi!

Men i alle fall, dette kjente eg var eit skikkeleg boost på å lage eit nytt innlegg. Stova er ryddig og hadde lyset på natta vore betre, kunne eg kanskje til og med tatt fine bilder... Beklager kvaliteten!



På sybordet mitt har eg ein heil drøss med koffertar og esker i fine fargar og mønster, og oppi der har eg småsaker eg brukar sjeldan, ofte eller berre av og til. Sysaker, smågåver, ferdige produkt, ledningar... Arkitektlampen fann eg på ein loppis, symaskinparken står klar til bruk, og på veggen heng ei blanding av familiebilder, barneteikningar, origami og gamle billedlottoplater. Bordet laga vi til eit hageselskap for nokre år sidan, og det er stort og romsleg og ristar som eit middels jordskjelv når symaskina durar på som verst. Og alt dette står i stova! Det er heilt supert! Eg vil jo absolutt vere der det skjer, og ikkje sitte på eit rom i kjellaren. Og i og med at eg syns kreativt kaos kan vere ganske inspirerande og fint, så gjer det meg ingenting å ha det framme heile tida! :) Det einaste minuset må vere at eg stiller veldig svakt når eg ber mannen (eller ungane) rydde i sakene sine... Rotekoppar!

Men poenget mitt i kveld er altså ganske enkelt, og heng saman med ei god og klar utfordring:
Eit lite kompliment kan bety så mykje!

7 kommentarer:

  1. Då skal du få eit kompliment frå meg og!! For det sybordet fekk meg til å få lyst å sy :-) kanskje er det ingen krise når minstejenta skal få eget rom, og eg blir kasta ut frå syrommet mitt(...som er rett ved stova...;)
    God.helg! silje

    SvarSlett
    Svar
    1. Så utruleg stas at kaoset mitt kan inspirere! Takk! :) - og lukke til med syinga!

      Slett
  2. jeg ender også opp med å dra frem alt av sysaker på stua, og tror jeg kommer til å fortsette med det selv om jeg skal få meg et syrom etter hvert.. det kan jo fungere som stofflager om ikke annet :)

    komplimenter er undervurdert!! så mye glede i bare noen små ord, og så er det gratis og!

    SvarSlett
  3. oj! Så glad jeg titta innom! Nå fikk jeg lyst til å fikse litt på syrommet mitt. Det er kaos, men kunne trenge noen esker og bokser og kofferter til tingene mine:) så herlige farge mikser du har:) Alt godt for helga! Camilla

    SvarSlett
    Svar
    1. Lekre esker,boksar og koffertar kan gøyme mykje rot! Og med fargar og mønster du likar blir dei inspirerande også! Herleg! :) Lukke til med syrommet!

      Slett
  4. Herlige bilder som gir følelse av et rom med god stemning :-)
    Koselig å kikke innom hos deg igjen.
    Jeg sendte deg en e-post for et par dager siden - har du sett det?

    SvarSlett
  5. Me encantan todos tus trabajos. Felicidades!

    SvarSlett



blogger template by lovebird