søndag 10. april 2011

Sikksakk-godis!

Sjå kor utruleg lekkert!! 
Eg NYT synet av dei nye sikksakkbanda mine, 
og har bestemt meg for å dele på godene...
Likar du nokre av desse fargekombinasjonane, kanskje?
Denne gongen har eg lagt saman tre ulike fargar à to meter i kvar pakke,
og du kan kjøpe dei her!

Dette er sikksakkbanda eg brukte i puta du ser i innlegget under dette,
og dei er i stor storleik, altså! Sjølve bandet er 10 mm breidt, og det er så flott!
Gler meg til å bruke det på både fleire puter, babytepper, posar, skjørt..osv!
Hiv deg med på sikksakkbølga, du også! ;) 
(Pling - der fekk eg vel ordspelpoeng..? Hihi..)

Forutan Eplajobbing, babykos og klesvask har denne søndagen inneholdt 
late timar rundt huset, og deilige, vårlege aktivitetar.
Dette er vel sikre vårteikn?
-og som du kan sjå på bildet, har ikkje sola smelta all snøen heilt enno..
Men det blir stadig meir plen her, og det er nok ikkje lenge igjen til eg kan begynne å plukke på beda mine no! I år skal eg få til så mykje fint! :) ...håpar eg, altså!

No inntar eg sofakroken ganske snart.
Då blir det te, pledd og tente lys,
og du skal ikkje sjå bort i frå at eg sovnar...
Ha ein skjønn kveld!

6 kommentarer:

  1. Det er så deilig at våren endelig har kommet!!
    Herlig med skikkelige vårbilder!

    Kos deg i sofakroken.
    :)

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Det var rart... Skreiv akkurat ein lang kommentar, og så vart den ikkje lagra. Usj!

    Uansett! Tusen takk for veldig hyggjeleg kommentar på min vesle blogg! Og for rettingsinfoe!

    Eg har faktisk strikka den glattstrikka lua, og vart ikkje nøgd. Søt å sjå på, men er så lite spenn i glattstrikk, og ein har så lite å gå på i høve til størrelse. Likar dei rillestrikka betre på dei små hovuda som veks så fort (og gjerne ikkje alltid stemmer med månadane i oppskrifter...)

    Veldig søt sikksakk-kanting rundt puta, der du har sydd den inn, meinar eg. Smart! Og fint!
    Må nok handle litt hos deg etterkvart om eg ikkje vert den heldige i give-awayen : )

    God vårveke!
    Ingrid

    SvarSlett
  4. Fine sikksakk-bånd! Dei hevar nesten einkvar kreasjon:-)
    - deilig med vårver, altså! Fine vårbilder! Her er det sol, og det skal visst bli opp imot 15 grader idag!! Det nyter vi!

    Klem

    SvarSlett
  5. Fargekick!!!
    Ser din søndag var ganske identisk med min...det er herlig med vår:)

    Klem, Janne

    SvarSlett
  6. Såååå lekre foto du deler med oss på bloggen din! Jeg blir kjempeinspirert! Takk :-)

    SvarSlett



blogger template by lovebird