torsdag 2. desember 2010

På tur med opne auge

Endeleg kom eg meg ut på tur i nabolaget! Med gode 12 minusgrader i lufta pakka eg oss godt inn, og bestemte at i dag skal bekkenet og bakkane testast... Det skulle bli ein roleg og fin runde i sola, så eg tok med kamera. Og det er så fint å gå tur med kamera i handa!! Augene er med på ein heilt annan måte enn ellers!
Sjå berre desse nydelege fuglekassene, og treet som har julekuler på...

Ja, så likar eg jo å ta bilder også, da! Og prøvar meg fram for å lære meir, men er nok ein frykteleg utolmodig student og utforskar! Kanskje eg skal ønske meg eit ekte fotokurs til jul? Syns jo sjølv at eg har potensiale...hihi! Og vi har godt nok utstyr, så eg burde jo bli i stand til å utnytte det!
Uansett, bildet over er samme motiv men med ulikt fokus. Syns raude nyper i den kvite snøen er så flott! 
Og iskrystalla som dekker det meste no er heilt utrulege! 

Med kamera dinglande over skuldra var eg årvåken på jakt etter elg. Stadig vekk høyrde eg rasling og knirking inni mellom trea, men såg heldigvis ikkje elg denne gongen... Eg må innrømme at eg er redd dei store dyra, sjølv om dei som bur her oppe ikkje bryr seg om folk. Eg håpa nok at eg skulle få tatt eit godt bilde av ein elg eg håpa eg ikkje skulle møte... Komplisert. ;)

Eg høyrde mange andre lydar også, og måtte stoppe opp under dette treet. Lenge leita eg med augene før eg fann hakkespetten, men den var der! Med flott raud farge og intens hakking i treet... Åh, så kjekt! Ekornet eg møtte etterpå var imidlertid så rask på foten at eg ikkje rakk å knipse. :)
Og bekkenet? Joda, det holdt! Jippi!!

Ta med deg kamera på tur, du også!

3 kommentarer:

  1. Helt enig med deg, man ser ting på en ny måte når man har kamera med på tur!
    Jeg har gått på et fotokurs, men det ble ikke helt som jeg tenkte. Ville så gjerne lære mer om lukker tider og blender. Istedet satt vi feks å hørte på musikk og skulle forestille oss at vi var bedre fotografer!!! Hehehe de andre (kunstnere for det meste) satt der med lukkede øyne og nynnet med. Selv satt jeg med munne åpen og MÅPTE!! :) jaja en livserfaring får man vel kalle det :)
    Håper du finner et bedre kurs enn meg :)
    -synnøve-

    SvarSlett
  2. Herlig Guro! Snart må vi gå på tur sammen med kamera:) Nå skal jeg bade lillegutt. Ha en god kveld!

    SvarSlett
  3. Heisann! :)
    For ein fine blogg du har!!;) Eg kjøpte ei sansepute med deg på epla for ei stond sida,og den falt kjempegodt i smak!:) men no har eg fått meg symaskin og syr litt sjølv...og so lurte eg på kvar du har fått laga merkelappen med guro på?:) kan tenke meg å ha noke sånt sjølv... ha en fin dag!=)

    SvarSlett



blogger template by lovebird