tirsdag 18. mai 2010

Dagen etter...

Sjå så vakker denne er! Ein heilt vidunderleg, nydeleg, skjønn kvitveis, som verkeleg strålar! Eg finn lukke i slike vakre under! Og eg fann lukke i går, då eg rusla bort i vegen i finstasen for å plukke ein fin bukett til selskapet vi skulle ha. Mannen og Lille A var på bytur, men eg vart heime og gjorde siste finishen i huset, såg på 17.mai-tv og kosa meg.
Den tok seg godt ut på bordet. Og ein liknande bukett på pianoet var akkurat like vakker. Og bjørkekvistane med flagg stukke ned i mellom var også fint. Det blir høgtid her hos meg straks eg har fått orden, pynta og tatt inn levande blomster! 
Ei anna som var prega av høgtid var denne vesle jenta. Med selskapsskoa på seg, solhatt i 17.maifargar, herleg regnkåpe og flagg var ho både stolt og glad på bytur. Saman med venninner hadde ho først ei fin stund inne i Nidarosdomen, før ho klatra rundt og kosa seg på utsida. Is, kaker, ballong og musikk høyrer også med, og alt var som det skulle! (Bortsett frå at mammaen ikkje kunne bli med til byen, men det gjorde visst ikkje så mykje... )
Då ho kom klatrande ut av bilen heime, med ein havhest like stor som ho sjølv, gjekk smilet frå øyre til øyre. Sååå fornøgd!! Ho hadde nesten ikkje tid til å bli med inn, men fann ut at ho kunne vere på verandaen i staden. Der leika ho med ballongen sin, og rett før gjestane skulle komme knytte ho den fast i gelenderet og gjekk inn. (Inne hadde vi faktisk ei ulukke, men det er ei heilt anna historie! Men eit lite tips: Hugs å sjekke om du verkeleg festa den Billy cd-hylla i veggen....)
I alle fall, medan vi spiste eit herleg måltid, med vaksne for seg sjølv, og ungane jublande rundt eit eige barnebord, såg eg plutseleg at ballongen var borte! Oioioi, det kunne bli ei aldri så lita krise, tenkte eg, og gjorde det eg kunne for at ho ikkje skulle hugse på den. Då ho skulle legge seg hadde ho imidlertid snakka med pappaen sin om den flotte havhesten, og han måtte fortelle at den var blitt borte, for den var ikkje knytt skikkeleg fast. Trur du det vart katastrofe, eller? Neida, det vedunderlege barnet mitt sukka litt og sa: Men pappa, neste gong må nok du knyte den fast! 
Dagen vart avslutta med potetløp i hagen, og alle var fornøgde og trøytte og glade. Eg er forresten både fornøgd og trøytt og glad enno eg, og det håpar eg du også er! :)

1 kommentar:

  1. Så herlig jente du har Guro!!Hørtes ut som er utrolig koselig 17 mai!! Klem

    SvarSlett



blogger template by lovebird