mandag 4. juli 2011

Mormorlukke og papirdukke

Storesøster og mormor er bestevennar.
Slike bestevennar som alltid er lukkelege når dei møtast.
Som kosar og tullar og ler og syng og smilar og er så veldig, veldig glade i kvarandre.
Og heldigvis er mormor flink til å komme den lange vegen på besøk i ny og ne.
Slik at dei kan vere saman og ha det godt i lag. Slik som no. :)
Du ser vel at dette er ei lukkeleg jente?
Her sitt dei i den gamle turkise sofaen ute på verandaen.
Storesøster har funne fram ein kjole frå H&M som ho eeeelskar å danse i,
men som nesten ikkje er lov å bruke fordi eg er så redd for den...
Den var nemleg lillesøstra mi sin på 80-talet ein gong! 
Fine søstra! Fine barnet! Fine kjolen!
Denne gongen hadde mormor som alltid med ei lita gåve då ho kom på besøk. Og den var suksess!
Du ser den på øverste bildet... Ei heilt skjønn papirdukke med mange ulike antrekk vart klipt ut og leika med. 
Det beste var at den heiter det samme som mormor, og den hadde klede frå 50-talet då ho vaks opp...
Ei herleg stund for to bestevennar! Takk, mormor!

Håpar du nyt fine dagar med dei du er glad i!

fredag 1. juli 2011

Perler på ei snor

Nye perler på handleddet i dag. Gule og fine. Faktisk enda finare på bildet enn på handa, for det er akkurat litt for mykje grønt i gulfargen. Nesten knallfin, men ikkje heilt.. ;) Men likevel, eg likar dei nye perlene mine, kjøpt for sånn omtrent elleve kroner og sekstiåtte øre hos Søstrene Grene. Og dei passar perfekt saman med den enda nyare og enda finare og ein del dyrare tunikaen i ein dus lysblå-grå-mint farge. :) Eg er klar for sommaren! Snakka forresten ein del om gult med ei venninne ein dag... Det finnast sterke meiningar om den fargen! ;) Kanskje gult er den neste fargen vi skal leite etter i husa våre, bloggarar? 
Eg vart forresten ein smule overraska då eg pussa tennene mine i dag tidleg.. Vi hadde nemlig somla litt på morgonkvisten, og mannen med flexitid låg enno i senga medan eg var på badet med ungane. Ooops - eg skulle jo til tannlegen! Då var det berre å pusse ferdig og komme seg ut døra. Og heldigvis - tannlegen var fornøgd, og då er jo eg det også! :) No har eg akkurat hatt ein velfortent formiddagskaffe i sofakroken, og skal tilbake til arbeidsbordet på kjøkkenet. Store prosjekt på gang! :)

Ønskar deg ein deilig fredag!

tirsdag 28. juni 2011

Roser på Epla

Nye varer i Eplabutikken min
Denne gongen har eg lagt ut fargerike øyredobbar i ulike variantar,
i tillegg til at det er fylt på med fleire fine sanseputer.
Klikk på bildet for å komme til butikken!

Det er utruleg tilfredsstillande å pusle med småting!
Eg kosar meg med kreative syslar innimellom alt babystyret... For eg skal ikkje legge skjul på at det er eit styr med baby, altså! I dag er Lillebror 8 månader, og eg hadde verkeleg trudd at innan den tida skulle han sove godt både om natta og dagen, ligge på golvet eller i graset og bable og vere fornøgd...men ikkje denne guten, nei! Men heldigvis, han er frisk som ein fisk, og sjølv om han rasar og skrik nede på golvet, blir han glad og blid og utruleg sjarmerande når han får komme opp i armane. Vi tullar og ler og syng og herjar, og så lærer han vel å trivast på bakken etterkvart... ;) Snart stenger barnehagen, og fantastiske Storesøster kan leike og kose med han heile dagen...nesten. :) Eg gler meg, sjølv om det er trist og vemodig at ho ikkje skal vere barnehagejente lenger. Tenk, mi vesle jente skal begynne på skulen! Det er veldig, veldig rart, og både skummelt og spennande for både mor og barn, trur eg. ;)

No skal eg rydde saman krearotet mitt for kvelden, og så skal telefonen få gå varm.
Det er på tide med ein lang og god prat med ei veldig klok og god dame,
nemleg mamma mi, som har denne bloggen..

Ha ein flott kveld!

søndag 26. juni 2011

Tre rettar og godfølelse :)

I går kveld feira eg og mannen oss sjølve. Treretters middag og pent pynta kjøkkenbord. 
Champagne og tente lys. Romantikk. Luksus. Lukke.
 Forrett: 
Kamskjell i lardo (ein slags italiensk baconaktig sak frå deli'en..)
Tomatsalat med sjarlottlauk, pynta med frisk timian.
Hovudrett:
Saftig entrecote
Rotfruktmos (med søtpotet, sellerirot, gulrot og pepperrot)
Honningglaserte kantarellar og gulrotstrimlar
Nyyydeleg raudvinssaus
Blanda salat
Jada, det vart eit bilderas på bloggen i dag, og eg kunne vist enno fleire...
Kvelden vart godt dokumentert, og bilda skal hjelpe meg å halde minna langt framme.
Eg vil verkeleg anbefale ein slik kveld! Ein treng ikkje gå på restaurant for å feire. 
Her i huset er det mannen som lagar biff, så det er eit triks å avtale at vi et det...
Og så står eg for rydding og pynting medan mannen kokkelerar i timesvis. ;)
Han handlar også inn både mat og drikke til slike kveldar, og det likar eg.
Desserten var ganske improvisert og av den superenkle varianten.
Mandelkjernepudding og raud saus. Poseting.. ;)
Men godt var det likevel! :)

Endeleg er sommaren tilbake her, og no når klokka rundar 22.00 har eg framleis sol på verandaen og inn i stova mi! Det er så fantastisk deilig med alt dette lyset!! Eg kjenner det djupt inn i hjartet,
og munnvikane trekkast automatisk oppover når eg tenker på det! :)

Håpar du har lyse og gode dagar
inni og utanpå!

lørdag 25. juni 2011

Med sansane på vidt gap...

Eg er inne i ein god stim om dagen. Eller heiter det steam? (Ja, for det er jo ingen andre som sym saman med meg, og det går jo nesten så det dampar her...) Hm. I alle fall - her går det så det susar! ;)

Sanseputer i fleng har blitt til ved sybordet og i sofakroken (!) og dei som ikkje allerede er solgt ligg ute på Epla. Dei går som nybakt brød (eller varmt hvetebrød, om du vil) - og er så populære hos dei små!
Barn frå 5-6 mnd alder elskar å plukke og smake på alle lappane! Eg brukar stoff og band med ulike teksturar for å stimulere den taktile kjensla, kontrastar for å stimulere synet og eit lita, forsiktig bjelle for å stimulere hørselen. Nokre brukar den til leike andre til kos. Og kanskje finn du også ei du likar? 

I løpet av dagen håpar eg å få fullført dei siste fem som ikkje er tatt bilder av enno, så då blir dei også lagt ut på butikken min. Der er det forresten enno salg på alle ringar og utvalde hårspenner. ;)
Det var forresten utruleg koseleg å få så mange kommentarar på gårsdagens innlegg! :)
Og eg har ikkje greidd å sleppe det heilt enno, for det er noko med såpass personlege innlegg... Eg blir liksom aldri heilt ferdig med dei. Får ikkje sagt alt eg eigentleg vil seie, og veit ikkje heilt om andre legg det samme i orda som det eg gjer. Men sidan responsen var god, tenker eg det var greit likevel. Og alle dei orda som mangla, dei seier eg direkte til mannen i staden... ;) De får ikkje riktig alle detaljane, nemleg. Hihi :)

I dag hadde eg tenkt at sola skulle skinne over Trondheim, slik at hagearbeid og leikehytteoppussing skulle vere ein leik. Det er liksom ikkje like gøy i regnvèr... :) Men no er det opphald, og som den evige optimisten eg er, satsar eg på at lyset eg ser langt der borte i sør skal fordrive dei grå skyene! Kom igjen! :)

Ha ein strålande laurdag!

fredag 24. juni 2011

Bryllaupsdag :)

Kjære, gode mannen min,
Gratulerer med dagen!
Gler meg til fleire gode år med deg!

På denne dagen for fem år sidan
feira vi bryllaup med familie og gode venner.
Ein knallfin og høgtideleg dag å sjå tilbake på!
Noko av det beste er at så mykje blir sagt på ein slik dag,
slikt som ein ellers ikkje seier til kvarandre, men som er godt å høyre.
Ikkje berre mellom dei to som giftar seg, men også i gode ord frå andre vi er glade i.
Kanskje vi skal bli flinkare til å "halde fin tale" til kvarandre i kvardagen også?

Uansett - eg er lukkeleg gift med godaste mannen og beste pappaen!
Heldige meg! Her er det humor, latter, gråt, krangel og kos,
sinte stemmer, glad musikk, frekke ord, glimt i auget,
mjuke hender, sterke meiningar, like verdiar,
intelligens, varme, temperament og glede.

Dette bildet frå bryllaupet likar eg så godt!
Og sidan fem års bryllaupsdag også kallast trebryllaup
har eg lånt eit fint bilde herfrå også.. :)

Ønskar deg ein deilig dag!

torsdag 23. juni 2011

Sommarfest!

Knasande, deilig, raud paprika
saftig, teriyakimarinert kylling
stjerneforma, kald agurk
trillrund cherrytomat
mjuk, mild kvitost
søt, god ananas
= digg!

I dag har det vore sommarfest i barnehagen, og det var som alltid kjempekoseleg! Eg elskar den barnehagen! I hutrande 12 grader, overskya og litt kald vind, måtte vi pakke godt på oss før vi sette oss på det herlege vatteppet og kosa oss med både saltmat og søtmat. :) Eg syns dei gjer det på ein lur måte i denne barnehagen, akkurat dette med mat og sånn, meiner eg. Det er nemlig slik at alle gutteforeldra skulle ta med noko godt til kaffen, medan jenteforeldra skulle ta med anna mat. Og så blir alt sett fram på eit bord til alle si store glede! Gøy å smake på andre sine salatar og gode saker, og eg kosa meg verkeleg med å lage til maten også! :) Ser ikkje det godt ut, vel?
Eg sette alle godbitane pent på spyd, og festa dei i ein halv melon. 
Det blir fest med det samme!! :) Hurra!

Den finfine duken er forresten voksduk av billigste sort frå Stoff og stil. Sommarleg, glad og fresh!
No skal eg redigere bilder av dei nye sanseputene mine. Har sydd mange av dei i det siste, og det er på tide å legge dei ut på Eplabutikken min, under kategorien Nytt! ;) Kanskje rekk eg det i løpet av dagen?
Har forresten vunne i eit blogglotteri no nyleg, og gler meg til premien kjem i posten!
Sjekk ut bloggen og butikken til Lin&Papir! :)

Ønskar deg ein flott kveld!

mandag 20. juni 2011

Eit kupp!

No er det SOMMARSALG på Epla!
Besøk butikken min her!

Alle ringar er sett ned med 30% 
og utvalde hårspenner er sett ned med 50%
Løp og kjøp! ;)
Eg har forresten også gjort eit kupp i dag... På ein liten runde for å gjere nokre små ærend måtte eg innom Stoff og stil for å handle nokre bjeller. Mykje bilar på parkeringsplassen og eit stort gult skilt utanfor butikken. Hurra - salget begynte i dag! Oioioi...for første gong fann eg superfine stoff på salget der! Eg gjekk rundt i butikken med handlevogn og barnevogn, og med Lillebror på armen, for han vart fort lei av å vere der. Litt av ditt og litt av datt, litt til meg sjølv, litt til andre, litt rosa, litt blått, litt tjukt og litt tynt... Eg må jo ha litt å velge mellom! - som om eg ikkje har noko frå før..! Så då vart det plutseleg sånn cirka 15 meter til med stoff i samlinga. Og eg har ikkje ein gong symaskin no! Sylysta er ekstrem, kreativiteten sprudlar, idèane er uendeleg mange, kveldane er lange og lyse og nesten alt ligg til rette for å få produsert både til liten og stor. Eg har til og med ein slags plan om å få lånt meg ei maskin i morgon, men vi får sjå... Det store, flotte sybordet vi hadde midlertidig plassert i stova har flytta ut i hagen, og har fått eit fint strøk maling i dag. Men vi har jo framleis kjøkkenbord! ;) På tide å putte skattane i vaskemaskina? Tørkevèret er jo upåklageleg i dag, med strålande sol og sterk vind! Kva brukar du dei lyse kveldane til?

Ønskar deg ei kreativ veke!


blogger template by lovebird