søndag 10. januar 2010

DIY knapp

Ja, så blir det altså enda fleire knappar her...hihi! Eg har fått nokre spørsmål om korleis eg lagar knappar, og kjem difor med nokre oppklarande ord og bilete her. Eg har kjøpt utstyr på Stoff og stil, og brukar i tillegg bittelitt stoff, saks, nål og tråd. Klipp ut ein sirkel av stoffet du vil bruke, og tenk på kor du vil at mønsteret skal treffe. Snurp saman kanten, som når du lagar yoyo, legg den i verktøyet med bakstykket på og press. Vips!

lørdag 9. januar 2010

Naokostoop

Det kan kjennast ut som det er på tide å sende ut ei lita due...så kan vi sjå om den kjem tilbake med noko som kan gi håp om litt varmare dagar snart. :)
Dette bildet heiter Hope Bird og er laga av Naokostoop, som eg fann på Etsy. Likar godt streken, og det reine, naturlege uttrykket treplata og dei enkle fargane gav.
Oak Reading Room
"Please keep quiet. This is a library in the woods. Thank you!"



Det har vore ein deileg laurdag her hos oss. Mannen har tilbrakt natta og dagen på fjellet (joda, han ER ein friskus!), medan eg og Lille A har kosa oss heime og på bytur. Det var herleg å vandre rundt i byen i dag, med relativt lite folk, mykje fint å få på salg og gode vennar på cafèbesøk! No skal vi nyte kvelden i reint og kosleg hus...

Ha ein fin laurdagskveld!

fredag 8. januar 2010

Deilig ullkjole

Tusen takk for all responsen på forrige innlegg! Det er sååå kjekt å sjå litt kven det er som er innom bloggen min! :) -og på kjøpet fekk eg gode sytips også...bonus!

Den brune ullfilten kjøpte mamma til meg i fjor, slik at eg skulle sy kjole til Lille A. No var det jammen bra at eg fekk gjort det, for det holdt akkurat med stoffmengde. :) Eg tok utgangspunkt i eit Gynthermønster, og så gjorde eg kjolen heilt enkel, slik at den er lett å kombinere med dei mange ulltrøyene vi brukar no.

Lomma er eige mønster, men inspirert av ulike kjolar eg har sett rundt omkring.. :) Og Lille A likar såå godt det rosestoffet frå Stoff og stil. Men eg trur ikkje kjolen vart heilt som ho tenkte, for ho hadde ikkje lyst å ta den på... "Æ vil ha gull og rosa bånd på..." Uff, ho fekk jo seie kva ho ville ha, og så blei den heilt annleis. Og kjolen skulle jo i utgangspunktet vere til ei lita venninne, men eg kom plutseleg på at ho flyttar til varmare strøk snart. Så då får eg lage ein litt meir sommarleg variant til henne! :) Og Lille A får fort noko ho blir glad for, ho også...hihi!

No håpar eg på litt meir varme snart! I går fyrte vi i TO vedovnar i det vesle rekkehuset vårt..og enno er det is i alle vinduskarmane på stova! Men vi får det nok koseleg likevel, og det er godt at det er fredag!

God helg til alle dykk!

tirsdag 5. januar 2010

Inspirasjon, ullfilt og gøy med knappar

I stova mi er det kaldt. I alle fall ganske kaldt. Litt sånn kaldt at eg er kald på fingrane når eg bloggar, og eg er sjeldan kald på fingrane. Hrmpf.

Medan eg sat i godstolen, med strålande varme på peisen og sju gamle, stooore glasruter rundt meg, fekk eg ein idè. Eg vil sy noko av ullfilt! Varm og god ullfilt! Så blogga eg litt til, las litt om kva som har skjedd i verda i dag, sjekka e-post, surfa...ja, du forstår nok kva eg meiner, og vips! så hadde tida gått, og eg hadde enno ikkje funne fram symaskin og andre sysaker som eg vil fylle kjøkkenbordet med. Og no begynte det nesten å haste litt, for eg tenkte faktisk å sjå bittelitt på tv også.. Eg laga meg deilig, varm te, rista ei brødskive og fann fram nokre småting frå dei utallige eskene, posane og småkoffertane eg har slike småting i. Og dette var kjekt! Eg kraup godt opp i sofaen, men før eg visste ordet av det sat eg jammen heilt utpå sofakanten av berre iver. Hihi!

Så i kveld vart det altså knappelaging for første gong. Og det var utruleg moro! Så no må eg berre finne prosjekt til alle knappane eg vil lage, og eg skal begynne med det som det er bilde av. Det er brun ullfilt, lilla stoffbitar, knappar og band av ulike slag... Det å legge fram ting på denne måten er inspirerande! Så no håpar eg altså at eg i løpet av veka skal få sydd ein ganske liten kjole av dette! :)

Har du sydd noko av ullfilt før? Treng eg å gjere noko med kantane? Kan eg kanskje berre klippe, feste pynten og sy saman kjolen utan å tenke på noko meir? Hmm, tar gjerne imot tips og gode råd! ;) Eller så får eg gjere det på Guromåten, det vil seie prøve først, gi opp etterpå, og så prøve på noko heilt anna seinare...hihi!

mandag 4. januar 2010

Marlies Romberg

Eg drøymer litt igjen... Også denne gongen er det ein framtidsdraum, men den er berre heilt enkel og egoistisk, og slett ikkje visjonær eller djupsindig på noko vis. ;) Men eg drøymer altså om eit stort og fint hus med mange fine rom... Som til dømes eit eige bibliotek! Og i dette biblioteket, som slett ikkje skal fyllast med tunge chesterfieldsofaer og grøne lampar, skal bøkene stå sortert etter farge og storleik, det skal vere lyst og lett, og inntil eine veggen skal eg ha ei slik datamaskin. Herleg!
Denne maskina er designa av nederlandske Marlies Romberg, og den har det klingande navnet Dear Diary 1.0. Eg kan lese at ho har som mål "to materialize the ungraspable fast digital world and create an opportunity for nostalgia in this future world." Dette likar eg! Og kjensla av tre er jo så god!
For å matche det heile får du sjølvsagt minnepinne i porselen og med silikonstempel, slik at du kan halde løyndomane dine for deg sjølv. ;)

Det er Bloesem som har funne fram dette for meg, og ho har også mykje anna fint på bloggen sin. Alle bileta har eg henta frå mocoloco.

Ha ein fin kveld!

søndag 3. januar 2010

Ein ny start!

Først og fremst vil eg ønske dykk alle eit riktig GODT nyttår!
Eg har hatt ein fiiin ferie, og har verkeleg kobla av og trekt ut kontakten...hihi! Har ikkje hatt ein pc i fanget sidan før jul, og det har vore godt. Det er ikkje så vanskeleg som mange trur! -men eg må seie at det er kjekt å vere tilbake! ;)

I jula har vi vore på vestlandet, og på julaften var vi i denne fine kyrkja. Saman med flokken av svigerfamilie og Lille A kosa vi oss med julegudsteneste, kyrkjeklokker og julemusikk. Eg går gjerne i kyrkja elles også, men sjølvaste julaften er stemninga heilt spesiell. Då Lille A la seg denne kvelden, var det pappaen som satt og snakka litt med henne før ho sovna glad og fornøgd. Han spurte kva som hadde vore det fiiinaste denne dagen, og ho svara: Babyen i krybba. Så fiska han litt meir, og spurte kva som hadde vore det kjekkaste, og godjenta svara: Å stå på ski ute! -Men kva med gåvene då? spurte pappaen, og joda, dei også hadde vore kjekke! ;)
Ho var jo så utruleg nydeleg der ho satt med bestemor si gamle dukke i fanget. Pynta for julekvelden, og fylt av glede og forventning... Denne kåpa fekk ho i julegåve, og eg har sagt tydeleg frå til mannen at den finnast i vaksenstorleik og at eg har bursdag i februar...hihihi! Det hadde vore så kjekt å ha samme skjønne jakka som den skjønne jenta mi har!
Turen over Dovrefjell var vakker denne lille julaften...lite snø, men blå, blå himmel og -25 grader.
No har kvardagen komt tilbake for fullt, med jobb og stor aktivitet! Og så har eg ein liten plan, men har nesten lyst å halde den hemmeleg...det blir så forpliktande å skrive det her, men samtidig er det kanskje akkurat det eg treng! Eg har nemleg tenkt å bruke tida mi i 2010 til meir hobby, mindre tv, meir trening, mindre godis... Eg skal bli både sprek og utvikle kreativiteten min! Oioioi, eg får det visst ganske travelt! Fleire som vil vere med? ;)

Heilt til slutt: Takk til alle dykk som ikkje gir meg opp, sjølv etter to veker stillstand på bloggen! No blir det skjerpings, altså! :)

mandag 21. desember 2009

Smilerynker

Smilerynker.dk er ein heilt nydeleg blogg, som no har ein herleg julegiveaway! Du kan vinne metervis med flott vintagetapet, og det syns i alle fall eg hadde vore utruleg kjekt! Klikk på biletet over for å komme til bloggen, og på tapetrullane for å komme direkte til konkurransen.
Ho skriv sjølv: Smilerynker er herligt børnetøj i skønne farver og mønstre. Genbrug og nyt blandet sammen i skønt design. Jeg laver dejlige dukker der dufter af uld og børnetøj syet med kærlighed. Her elsker vi naturen, køer med horn, bondemand Niels´ biodynamiske grøntsager og 70érne. Det hele er godt rystet sammen og er blevet til kjoler syet af retro-sengetøj, bukser i økologisk fløjl og mormors hæklelapper. Børnetøj som giver mor smilerynker, fordi det minder hende om dengang hun selv var barn…

lørdag 19. desember 2009

Sukker på landet

Dette har vore ein utruleg deilig førjulslaurdag! Joda, vi skulle nok heilt sikkert ha stressa som så mange andre, men det hadde vi ikkje lyst til! Lille A vekte oss då ho vakna litt over kl.10, og då bada og somla vi, slik at laurdagsfrukosten vart både sein og god... :) Og så skulle vi jo på julemarknad i dag!

Designmarkedet Sukker hadde flytta ut på landet for ein dag, og det var så fint der! Sjølve garden var idyllisk og skjønn, og alt det som var på marknaden....åh! Først må eg seie noko om korleis det var ute der...med eit fint lag mjuk og kvit nysnø, fuglenek, faklar, blå himmel, fredeleg gardstun. Det er nesten så eg kunne tenke meg å flytte ut av byen igjen (men berre nesten!). Denne fine lykta du ser øverst stod utanfor hønsehuset, og den er av is. Såå fint når lyset skin gjennom isen!Lille A fekk kose seg på juleverkstad for borna...og eg kosa meg også med det! ;)
Det var også kjekt å få helse på Gekko! Ho var der med nokre av dei fiiine tinga som ho syr, og vi kjøpte eit heilt herleg skjørt, som Lille A likte så godt. Actionbileta får heller komme seinare. ;)
Vi kjenner også til Tiril som har vakse opp på denne garden, og som er keramikar og billedkunstnar. Ho deltok sjølvsagt også på marknaden med dei vakre tinga sine. Og når vi kikka oss rundt forsto vi jo at det bur kreative folk på garden.
Til slutt ei vinterbilete av meg, med det mjuke, gode skjerfet dama bak Fin i formen har hekla til meg. :) Og eg har lova å gi mannen min cred for bileta... Takk, B! Han tar forresten mange gode bilete, og om du vil sjå fleire finn du nokre av dei her.

Vidare også var laurdagen ein suksess, altså! Det har vore skigåing i hagen, baking av nydelege biscotti og pizza framfor tv... Og julestresset? -det får komme i morgon eller mandag...hihi!


blogger template by lovebird