onsdag 27. april 2011

Påskeglimt

Eg må jo berre komme med nokre bilder for å vise fram litt av mi påske, slik som så mange andre gjer.
Det blir tatt bilder litt i rykk og napp når eg er på tur. Enten har eg kamera framme og tar mange bilder, 
eller så ligg det godt pakka ned, og blir ikkje leita fram. Omtrent som pc-bruken, altså... ;)
Og så syns eg dette innlegget hos bareWunderbar sette så fint ord på det. 
Måske er det fraværet, der giver mig nærvær andre steder...
 Vi har vore på påskeeggjakt i skogen saman med nokre av fetterane.
Det er stor stas å vere på garden til bestemor og bestefar!
-og eg skulle jo tatt bilde av dei bittesmå lamma og geitekillingane!
Og vi har også vore ved havet. 
Det store, store, utruleg fascinerande havet.
Eg ELSKAR lyset der ute i havgapet.
Og den fredelege lyden av hav.
Og lufta som er så frisk!
Storesøster storkosa seg på stranda i den nye, herlege regndressen sin.
Og Lillebror fekk sine første raude roser i kinna, der han hang og kosa seg i bæresjalet på magen min.
Det var forresten nesten umulig å ta bilde av Storesøster, for ho var heilt i hundre heile tida, og ikkje særleg interessert i å bli tatt bilder av. Men eg syns det er greit. Det er jo jammen ikkje så ofte at vi har mormor i nærleiken og ei strand rett utanfor døra! Ja, for mormor leigde ei lita hytta nokre dagar, slik at vi kom oss ut i havgapet og hadde masse tid der. Eg blir nesten freista til å sette opp eit hus der ute ved havet, eg!
Lillebror nærmar seg 6 månader no. Og tida går så usannsynleg fort! 
Sjå kor stor og skjønn han er! (-og alltid lett å ta fine bilder av!)

Håpar du også har hatt gode dagar!

5 kommentarer:

  1. Hei!! så spennande med søstera di da! Skjønner godt du er stolt!

    Må knise litt når eg ser fleire med påske-fjøre bilder ja! La akkurat ut et innlegg om fjøre-påska:) Uuuut mot havet! Elsker sjøen. Men det er vel obligatorisk når man er oppvokst på tang og tare.

    Klem klem

    SvarSlett
  2. for en skjønning!!
    han er jo til å spise opp ;)
    om du bygger deg hus ved sjøen, så vil jeg gjerne tinge på nabotomta ;)

    har også feriert delvis ute ved kysten der jeg kommer fra..og jeg savner havet bare mer og mer..

    SvarSlett
  3. Hej Guro...
    Tusinde tak for din søde kommentar inde hos mig.. jeg blev rigtigt rigtigt glad for den, og den faldt på et tørt sted, hvor jeg lige havde brug for netop sådan en, så tusinde tak..! Virkeligt.. :)

    SvarSlett
  4. Hei igjen! Ser ut til å ha hatt en deilig påske du også:) Jeg er litt mindre på nett for tiden, våren er her og man må nyte den. Masse å gjøre i kolonihagen, du får ta med deg begge barna ut dit snart. God helg Guro!

    SvarSlett
  5. Nydelege barn&hav-bilder! Skjønne Lillebror!

    Forstår godt følelsane dine for havet! Det gir slik ei ro! Uansett om det er storm eller stille!
    Flott lue du har sydd til Lillebror òg! Lurer verkeleg om eg går glipp av noko, eg som ikkje har sydd eit einaste Gynterplagg..?

    Klem til deg!

    SvarSlett



blogger template by lovebird