torsdag 28. april 2011

Nye hårspenner

Eg har jo kosa meg med litt småpusling også i påska, og då vart desse spennene laga.
Du finn dei i Eplabutikken min HER!

Og om du berre vil sjå det som er nytt, må du klikke på den kategorien på venstresida.
Det er jammen gøy å drive butikk, men det er også mykje arbeid som ligg bak!
Ikkje berre skal eg lage det eg skal selge, men det skal også fotograferast, redigerast og leggast ut i butikken. Dette tar jo nesten like lang tid som sjølve den kreative prosessen, og er langt ifra like morsomt..
Men no er det mange som har butikk på Epla, og du kan finne sååå mykje fint!
Ja, og ganske mykje som ikkje er særleg fint heller... ;)

Har du eit talent og tid til overs, så kan du også opne butikk! :)

Likar du forresten den vårlege overskrifta mi?
Tenkte det passa å bytte ut dei mjuke, gode ullkulene med frisk og fin kvitveis!
Bringer tankane til solrike dagar, blå himmel og 17. mai... ;)

Ha ein strålande dag!

4 kommentarer:

  1. Så fine spenner!! Alltid koseleg å svinsa rundt på Eplabutikkar:) Eg er uheldigvis lite kreativ med stoff og slikt, men om det hadde gått an å selt dikt så..;) Fin header!

    SvarSlett
  2. De er så fine de spennene altså! Herlig fargeglade akkurat som jeg liker det! Og veldig flott headingbilde. Herlige vår :) Og du -takk for vanvittig hyggelig kommentar hos meg! Fysøren, blir så glad av sånt jeg :) Takk!

    SvarSlett



blogger template by lovebird