mandag 12. juli 2010

Om å verdsette...

Forrige veke måtte eg plutseleg ta meg sjølv i nakken, plukke fram diverse dill og dall frå skuffene, finne fram symaskina og sette meg ved kjøkkenbordet. Eg var nemleg innom jobben min på torsdag, og då gjekk det opp for meg at det var siste dag på fredag! Barnehagen min skal flytte, og ingen av oss skal vere der meir!! Oioioi!

Veit du kva eg gjorde for å vise at eg har satt pris på kollegaene mine? 
Først og fremst vil eg jo fortelje dei det, og håpar eg har gjort det ofte nok gjennom året, for det er det viktigste. Men i tilfelle eg har tenkt det oftare enn eg har sagt det (og det er jo veeeeldig sannsynleg, eigentleg), så skreiv eg eit lite kort og sydde eit par nøkkelkjeder. Har hatt lyst til å sy slike lenge, og no gjorde eg det berre. Moro!  Trur nok eg kan komme til å sy fleire!
Eg håpar verkeleg at dei rundt meg opplever at eg gir tilbakemeldingar!
Eg håpar dei rundt meg kjenner kor glad eg er i dei og kor mykje dei betyr for meg!
Og så håpar eg du også har gode, nære rundt deg, som du kan overøse med kjærleik og merksemd i sommarvarmen!

Ønskar deg ei deilig, deilig veke!

12 kommentarer:

  1. Fine tanker og fine nøkkelringer. Sikker på at kollegaene dine kommer til å sette pris på det!

    SvarSlett
  2. Så fine nøkkelringer. Jeg har i hvert fall blirr kjempe glad for en slik!! :-)

    SvarSlett
  3. Du er snill og omtenksom. Lika godt bloggen din. Inspirerande. Ha en fin dag!!
    Klem

    SvarSlett
  4. Heldige er kollegaene dine som får så fine nøkkelringer! Kjempefine farger og bilder på bloggen din!

    Ha en fin sommer!

    Hilsen Gry K

    SvarSlett
  5. Du er kjempeflink til å gi oss gode tilbakemeldingar ofte, Guro :)
    Tusen takk for flotte nøkkelkjeder! :) Nøklane mine har allerede fått nytt design :P Ha ei strålande veke! :) Klem frå KI.

    SvarSlett
  6. Du er kjempeflink til å gi oss gode tilbakemeldingar ofte, Guro :)
    Tusen takk for flotte nøkkelkjeder! :) Nøklane mine har allerede fått nytt design :P Ha ei strålande veke! :) Klem frå KI.

    SvarSlett
  7. Herleg Guro;)
    Utrolig snilt av deg!
    Du er flink å gi tilbakemeldinger og gi av deg selv i blogglandia også.

    SvarSlett
  8. så herlig!!
    det er så godt å bli satt pris på!
    du er flink til å vise omsorg, og jeg håper dine rundt deg vet å sette pris på deg tilbake!
    klem! gunnhild

    SvarSlett
  9. Og jeg håper at de rundt deg gir DEG gode tilbakemeldinger, for jeg er sikker på et du er en god venn!

    SvarSlett
  10. Oi, hvilken fin gave! De var utrolig fine!!

    SvarSlett
  11. Så fine nøkkelkjeder! Slike har eg også hatt planer om å lage lenge, men av ein eller annan grunn har det ikkje blitt. No vart eg inspirert!
    Nydeleg rosefoto òg...

    God onsdagskveld! :)

    SvarSlett



blogger template by lovebird