fredag 2. juli 2010

Mmm, så fiiin!

Endeleg, endeleg, endeleg har eg fått gjort det!
Ei settekasse frå fordums tid har lagt under senga i omtrent eit år, før ryddebehovet vart for stort, og hylla verkeleg kom fram i dagen. Når eg litt etter hadde kreativ dag med halvsjuk Lille A, kom hobbylakken og papira på bordet, og etter litt strev med å få til rette fargen vart dette resultatet!
Eg er så fantastisk fornøgd, og alle som har kikka innom kjøkkenet mitt har kommentert den fargerike hylla.
Dei fleste papira er Rie Elise Larsen sitt design, men det raude og det brune/blå er frå Panduro.
Fargen har eg blanda sjølv, og den er kanskje litt skarpare enn det ser ut på bildet. Frisk!
Sjølv om Lille A er ein samlar, og stadig har lommer og hender fulle av småstein, skjell, pinnar, platbitar og andre dyrebare skattar, har kanskje ikkje eg det same genet i like sterk grad. Då eg skulle putte småtteri i hylla fann eg ut at det er befriande lite nips i huset mitt.. Joda, vi har meir enn nok av ting og tang, men ikkje sånne små pynteting. Heldigvis fann eg likevel ein vakker japansk pung eg har fått av systra mi, nokre lekre papirklipperier eg har fått gjennom bloggen, ei skjønn ugle (som eg eigentleg har gitt bort til Lille A, men som eg høgtideleg fekk tillatelse til å låååne) og ein kvit fugl. Hylla gjer veldig mykje ut av seg sjølv, så det er rett og slett ikkje nødvendig å fylle den meir enn dette. 
Fekk forresten eit bra tips her om dagen, frå ei som hadde tenkt på å gjere det samme, men bruke settekassa til nøkkelskap! Kjempelurt! Ho tenkte at dei har ikkje såå mange nøklar, så på den måten ville den ikkje bli overfyllt..
Så får du sjå heile hylla til slutt. Hengande på kjøkkenveggen no. Ei glede for auget!
No skal eg nyte sola! 
Nyt sola du også!

9 kommentarer:

  1. Du er så skjønn, Gurosøstra mi. Og det var settekassa òg. :-)

    Sol og klem frå Gine

    Ps: Eg trur kanskje Lille A har samlinga si litt frå meg. Eg samlar kanskje ikkje så mykje på småstein og slikt lenger, men du hugsar vel at til dømes småstein var ein av dei store favorittane for meg når eg var 4-5 år? Spesiellt dei med kråkesølv på. :-)

    SvarSlett
  2. Så fin den ble! Jeg likte spesielt godt papiret fra Panduro.
    Kjekt når man endelig får unna sånne prosjekter som har ligget 'under sengen' en stund. Jeg har mange sånne jeg også. Denne helgen MÅ jeg få malt den bladkurven i stuen...
    Ha en fin helg!
    Klem, Sølvi

    SvarSlett
  3. Hvor er den blevet fin :-)

    KH Maria

    SvarSlett
  4. It's very nice:) God sommerkveld!

    SvarSlett
  5. Den ble jo så fiiin! Min mann synes overhode ikke noe om slike:( ikke har jeg plass til en heller når jeg tenker meg om. Så du er sannelig heldig:) Flotte farger sammen!

    SvarSlett
  6. Herlighet så lekker :-) .. Nå fikk jeg veldig lyst til å lage en slik. Deilige farger. Jeg må bare si det en gang til, den var råfin.. jippi jippi jeg også vil ha en slik. Klem fra Anita

    SvarSlett
  7. hej...kigger tit indenom din blog,og nyder din kreativitet og farver.
    ha en god dag.

    SvarSlett
  8. den ble nydelig!!
    jeg har skrudd ned min gamle fra jenterommet..men ikke kommet så langt at jeg har fått malt og fixa den opp enda..om den blir halvparten så fin som denne..så er jeg heldig!

    SvarSlett



blogger template by lovebird