mandag 26. april 2010

Ein eventyrleg stad...

Ein nydeleg sti tek oss med vidare innover... Hos meg set den i gang refleksjonar og tankar, og hos deg..? Denne stien har eit fantastisk overbygg av pil, og etterkvart som sola og varmen får betre tak skal den bli tett av blad. Den blir herleg grøn og full av springande, leikande og leande barn! Kan du sjå det for deg? For ein draum av ei fantasiverd for eit barn!
Greinene strekker seg mot himmelen, og det er mange slike flotte tunnelar på denne her! -og sklier og klatrestativ, bålplass og gapahuk. Her er det godt å vere!
Forrige helg var det regntøy som var tingen...denne helga var det joggesko. Det går framover!
Takk til fotografmannen, forresten ;)

Ønskar deg og dine ei eventyrleg veke!

5 kommentarer:

  1. Ååååå - no skulle eg ynskje at det vart varmt, at piletunnelen var grøn og at eg var fire år og kunne springe inn og ut av tunnelen, eller berre liggje heilt i ro der inne. Og at eg kunne ha på meg den raude og kvite yndlingskjolen. Berre EIN gong til!

    Koseleg bilete! Kvar finn ein denne staden? Eg kan godt tenkje meg å ta ein tur til sumaren om det går an...


    Susanne

    SvarSlett
  2. skjønne, skjønne jenta vår, kosar seg, alltid!
    Piletunellen er herleg, den også:-)
    Klem frå mormor

    SvarSlett
  3. Fine bilder, og en fin lekeplass! Nå er det vel snart på tide at varmen og sola kommer fram?

    SvarSlett
  4. Skønne billeder af en dejlig pige på en skøn legeplads. Her er der lidt koldt men der er blomster alle vegne og frugttræerne står på blomstringsspring. Forår er nu en ganske vidunderlig ting, ikke sandt?

    SvarSlett
  5. No vart eg også glad! Veldig kjekt å høyre at bloggen min er lesbar :o)

    Me har snakka om å leggje sommarturen nordover til kjende på Helgeland i år - dersom me får tid innimellom slått og husavøling. Då lyt eg jammen prøve å ta turen innom i piletunnelen!

    SvarSlett



blogger template by lovebird